Me gjekk mykje i butikkar. Kjøpte ikkje så mykje, mest fordi 80-tals gul, grøn, turkis og kvitt ikkje er heilt mi greie. Me kjøpte visst mest bøker. Og solbriller.
Det var vår i London.
Men det var fint å rusle rundt i ein skikkeleg by. Verte skikkeleg skitten berre av å vere ute, folk overalt og fleire drosjar enn det er innbyggjarar i Noreg.
Dei einaste bileta eg har er teken fordi me skulle vise ungane at:
1. Våren er på veg.
2. Me var ved det slottet der Store Vennlige Kjempe og Sophie snakka med Dronninga av England.
Vel heime vart me møtt av eit vasskoppemonster.![]()
Fint ute.
Fint å vere heime.