Dekadanse og Imperiets fall

Eg har høyrt nokre flosklar om imperier som nærast er blitt ordtak eller sanning, sidan dei er gjentekne så ofte: Alle stormakter vil falle til slutt. Eit imperium vil til slutt pregast av dekadanse, og då fell samfunnet frå kvarandre.

dekadan’se m1 (el. utt -dan>gse; gj fr frå mlat; av de- og lat. cadere ‘falle’) forfall, tilbakegang, oppløysing (som følgje av overdriven forfining)

Vår tids stormakt i vår del av verda er altererande omtalt som USA, EU, Vesten. Noreg står formelt utanfor det europeiske fellesprosjektet EU, me er medlem av NATO og heier forsiktig på USA, mens me snakkar skit om dei. Men alt i alt har eg fått med meg einslags (uansett kor problematisk og samansett) fellesskapskjensle mellom vest-Europa og USA: Vesten. 

Kvar er no Vestens truande dekadanse?
Er det verkeleg rikmannsdøtrene som sprutar dyr champagne over kvarandre sine utsulta bikinikroppar som vil føre til at verda slik me kjenner den vil møte sin ende?
Er det verkeleg universitetsungdommens flørt med anarkistisk litteratur og cannabis som vil styrte Europa og USA?
Er det interiørpyntesjuke og matsnobberi i middelklassen som vil føre Vesten ut i forfall, tilbakegang og oppløysing?

Eg ser Vesten som ei samling land som har vore gjennom opplysningstidas revolusjon, der akademiske utdanningsinstitusjonar har fått vekse og gjere seg til interessefrie maktfaktorar. Demokratia er tufta på at alle kan delta i styringa av eige land, dersom kvar enkelt borgar vert opplyst. Det å vere opplyst inneber at ein kan lese, at det er ei fri presse, at litteraturen er fri, altså at det ikkje førekjem sensur, og at det akademiske idealet om rasjonalitet og kritisk sanningssøken  ligg i botnen for dei enkelte sitt verdsbilete, handlingsalternativ og etikk.

Slik er Imperiets fall immanent i Imperiets storhet.
For me kan ikkje kreve at kvar enkelt borgar skal vere eit slikt opplyst, sanningssøkjande menneske. Snarare tvert om, det ligg i demokratiets og tanke- og uttalefridommens natur at det nettopp skal vere rom for å avvike frå idealet.
Ateistiske og naturvitskapleg orienterte demokratar vil alltid forsvare sine medmenneskers rett til å tru på og snakke om irrasjonelle idear. Det irrasjonelle er demokratiets smykke, eit strålande bevis på fridom, raushet, eit bevis for at ein er evig villig til endring og muligheten for at ein tar feil. Det ufornuftige er fornuftens diadem, sjølve krona som viser at ein aldri skal synke ned i sjølvhøgtideleg rigiditet og menneskefiendteleg eksklusivitet.

Diademet er blitt tungt å bere. Dei store religionane kristendom og islam har temmeleg god oppslutning framleis, trass i all utdanninga og alle avisene me har å by på. Den nåkalla New Age-rørsla har me kanhende ikkje vore så merksame på, men avisene er fulle av spåkoner og yoga-kurs, meditasjonstrening og dansekurs der ein kjem i kontakt med urkvinnen eller totemdyret sitt. Spør du dine venner, vil dei kanskje ikkje kalle seg kristne, men du vil kanskje finne overraskande mange som seier at “det er meir mellom himmel og jord” eller “eg trur på noko, eg vil ikkje akkurat kalle det Gud, men eg veit ikkje, kjærleiken kanskje, eller krefter me ikkje forstår”. Religiøse strømningar finn du både som dei store breie elvane av katolikkar, kristenkonservative protestantar og alle slag nykristne, samt dei muslimske innvandrarane i mange variantar og deira ikkje-ateistiske born, og dei millionar av “personleg søkande” som finn sin eigen måte å vere irrasjonelle på.

Er religion dekadanse?
Individets religiøse søken fell neppe inn under nevnte ordboksdefinisjon av “forfall, tilbakegang, oppløysing (som følgje av overdriven forfining)”. Det er likevel min påstand at Vestens sjølvpålagte ukritiske haldning til det irrasjonelle ved religion tek uakademiske og dermed udemokratiske proporsjonar. Ingen andre tankar eller idear i vårt samfunn møter samme berøringsangst ved universiteta, ingen andre påstandar blir ståande uimotsagte, ingen andre tradisjonar og ritual vert verna om utan spørsmål.
Sjølvsagt fins kritiske røyster, men då gjerne i form av anten Idioten eller den servile Filosof, desse to rasjonalietens narrar som verken når fram til den dei kritiserar, eller finn plass på forsidene. Det vil seie, dersom Idioten i blant er ein profilert politikar, kan han få spalteplass, men då berre som sensasjonsmateriale. Aldri som seriøs kritikk av det religiøse.
Den akademiske diskurs tek ikkje i det verkeleg irrasjonelle.

Foran opplysningstidas vaskemaskin, vert religion den nydeleg broderte silkekjolen som det står “kun rens” på, og som dermed berre blir hengt forsiktig til lufting. Den tåler ikkje vask, og er for nydeleg til å bli kasta.

For me treng det nydelege.
Også vestens alfabetar ber i seg lengselen etter barndommens magi, lengselen etter meining i det meningslause, lengselen etter poesien i tordenskyene og den større viljen bak den truande miljøkatastrofen.
Me treng det vakre.

Og me tillet dei irrasjonelle broderia, og gjev dei ytterlegare skjønnhet ved å gjere dei urørlege. Ei kyrkje som aktiv deltok i debattar kring eigne gudsbevis i uendelege panel med forskarar, “vanlege folk” og politikarar, ville miste sin mystikk.
Me tek ikkje religionen alvorleg, og dermed får den eit alvor ved seg som ironisk nok i desse dagar berre har sitt sidestykke i monarkiet. Det er berre pave og konge som opplever at journalistar neier og utan å flire brukar arkaiske tiltaleformer. Ved å unndra religion frå å bli tatt alvorleg, opphøger med den og gjer den til den ikkjevaskbare silkekjolen, til tabu, til noko særleg vakkert og skrøpeleg.

Vår lengt etter meir og anna, vår parathet til å la det irrasjonelt poetiske stå uberørt, gjer religion mulig i vår tid.
Dette veit eitkvart opplyst menneske. Både dei truande og dei ateistiske akademikarande i vår tid kjenner til mekanikken bak det irrasjonelles skjønnhet. Me forstår kvifor kongar og religiøse leiarar ikkje kan sitje i dongeribukse i eit debattpanel og svare for grunnlaget for deira stillingar. Me skjønar at dei ikkje kan late seg granske og alminneleggjere.

Me lar det skje.

Dette er vår tids dekadanse.
Kun tida vil vise om det også er det Vestlege Imperiums endelikt.

37 Responses til “Dekadanse og Imperiets fall”


  1. 1 Undre august 13, 2007 at 10:24 am

    Hør, hør, Avil!

  2. 2 Hydra august 13, 2007 at 12:27 pm

    Dette var altfor langt tidleg ein måndag. Men hei.

  3. 3 Avil august 13, 2007 at 12:29 pm

    Hei på deg, kua! Eg lot meg faktisk imponere over at Undre såg ut til å hadde lese heile greia, men det kan vere ho bløffar. ;)

  4. 4 radiohode august 13, 2007 at 1:24 pm

    Jeg drømmer om den type dekadanse hvor ikke-radmagre modelldamer og lekre skuespillerinner og artister i hopetall henger seg om halsen på meg og inviterer til dekadente orgier med sprudlevann og tøylesløs sex, mens vi alle roper slagord mot religion, opplysningstid og dannelsesprosjekter på vei mot ekstasen. Hvis/når dette (endelig) skjer kommer jeg garantert til å skrive om det i en blogg i nærheten.

  5. 5 Avil august 13, 2007 at 1:26 pm

    radiohode: Det heiter seksuelle fantasiar, og denslags bør ein nok ikkje blågge om i det heile, medmindre ein heiter Kent.

  6. 6 Undre august 13, 2007 at 1:48 pm

    Ingen bløff, Avil. :)

  7. 7 Avil august 13, 2007 at 1:49 pm

    Du er ei kvardagsheltinne, Undre.

  8. 8 radiohode august 13, 2007 at 3:13 pm

    Avil: Hm? Ikke dekadanse?

  9. 9 Avil august 13, 2007 at 3:20 pm

    Radiohode: Hm. *tenker*

  10. 10 radiohode august 13, 2007 at 3:27 pm

    Det er jo stemningen og sfæren jeg drømmer om. Tøylesløs sex er jo hverdagskost. :-|

  11. 11 Avil august 13, 2007 at 3:28 pm

    Hoho.

  12. 12 abre august 13, 2007 at 5:02 pm

    Dette var en god og tankevekkende tekst.

  13. 13 Avil august 13, 2007 at 5:42 pm

    Takk, abre!

  14. 14 impen august 13, 2007 at 7:56 pm

    Dette var langt, og interessant. Litt for vanskelig for meg, kanskje? Men: Prester og paver og prinsesser som flørter med engler får jo nesten være i fred, alle som en. Når hvermannsen møter en fremmedkulturell med merkelig atferd, skjer noe tilsvarende; “ja, det er jo religionen hennes, vet du. Ikke så mye å gjøre med det”. Religionen? Jeg tror ikke vedkommende hvermannsen har den minste anelse om hva den aktuelle religionen hennes består i, og langt mindre hva konsekvensene troen i en gitt sammenheng kan gi.

    Vestens fall tror jeg forøvrig kommer mens alle sitter einsame i sine små leiligheter, og nettet bryter sammen. Jeg gir oss 30 år.

  15. 15 Avil august 13, 2007 at 8:03 pm

    Høh. Me drar på treff. Og sms-ar. *surmule*

  16. 16 impen august 13, 2007 at 8:09 pm

    Okei. 40 år.

  17. 17 Avil august 13, 2007 at 8:26 pm

    Men det blei for langt altså. Endå eg kutta heile “og kva gjer me så med dette”-fortsetjinga mi. Som eg syns eg skulda lesaren. Men lesaren hadde altså nok å streva med her.

  18. 18 impen august 13, 2007 at 8:36 pm

    Min mening er at du fortjener kronikkplass i en avis. Det er tyngre å lese langt på nett. Papir gjør seg ofte bedre til den slags. Ikke for det, jeg har lest lengre innlegg og avhandlinger på pc-en, jeg.

  19. 19 Avil august 13, 2007 at 8:47 pm

    Takk, får eg vel på ein måte seie?

  20. 20 impen august 13, 2007 at 9:29 pm

    Klart du skal si takk. Du er jo den beste skribenten på heile det store, skumle nettet.

  21. 21 Avil august 13, 2007 at 9:40 pm

    Enn det. :O

  22. 22 bandanders august 14, 2007 at 9:23 am

    Eg veit ikkje eg, Avil. Religionar har vel opp gjennom historia vore med på lasset både i oppblomstringa og i forfallet til dei fleste sivilisasjonar.

    Min personlege og høgst uakademiske definisjon av dekadanse er : “saga som sagar av greina du sit på”. Dersom vi ser på vår vestlege sivilisasjon, så har kristendomen vore ein del av denne “greina” heile tida. Mange kunne nok tenke seg å fjerne eller beskjere denne delen av greina, men kristendomen er, i allefall førebels, ein del av greina, ikkje av saga.

  23. 23 Avil august 14, 2007 at 9:41 am

    Kristendom har endra seg, og religion er i full frammarsj, slik eg ser det. Ikkje berre som samfunnsinstitusjonar, men som personlege samanraska verdsbilete. Alt som kan seiast å handle om tru får denne stråleglansen av “the untouchable” ved seg i vår tid.
    Me har sett korleis prinsessa no har presentert eit verre samanrask av misforstått fysikk og persepsjonspsykologi, med ei sterk oppfordring til at alle må få tru på kva dei vil. Ho kunne like gjerne sagt at jorda var flat, ressonementet bak engletrua hennar er like vitskapleg enkelt å punktere. Men fordi det er “tru” får det vere der, og skal respekterast, uansett. Og ambassadebrenning etter opplevd religiøs krenking vert handsama heilt annleis enn tilsvarande ambassadebrenning av politiske årsaker. Heretter reknar eg ikkje med å sjå fleire Mohammed-karikaturar, endå så opplagt fristande det måtte vere. Me ville jo aldri slutte å ytre politiske standpunkt på same måte etter tilsvarande reaksjonar.
    For å nemne døme.

  24. 24 Martin K august 14, 2007 at 4:21 pm

    “Er det interiørpyntesjuke og matsnobberi i middelklassen som vil føre Vesten ut i forfall, tilbakegang og oppløysing?”

    Til det vil jeg svare et ubetinga JA. Jeg tror ikke det er religionen som fører til vestens fall, snarere at vesten ikke har klart å sette noen ide inn i stedetfor religionen. FNs menneskerettigheter ble jo skapt med delvis det mål for øyet, men når man ser at vår nærmeste allierte legaliserer tortur og gulager uten at noen reagerer med mer en litt engstelige kronikker i avisene, da vil jeg hevde at det er materialismen og egoismen som har tatt makta. Og det er dekadansens klareste tegn, at felles-skapet blir oppløst og individets realisering kommer i fokus. “Etter oss kommer syndfloden”, og erre så nøye a med litt tortur her og der? Den kollektive skyldfølelsen ble borte med religionen, og ble erstattet av en Ayn Randsk ide om individets rett til å ta seg til rette.

  25. 25 Martin K august 14, 2007 at 4:25 pm

    Avil: “Ho kunne like gjerne sagt at jorda var flat, ressonementet bak engletrua hennar er like vitskapleg enkelt å punktere. Men fordi det er “tru” får det vere der, og skal respekterast, uansett.”

    Ah, du tilhører dem som mener at alle naturfolk egentlig er psykotikere. Jeg tilbrakte en interessant måned med Bandjalang-folket i Australia, i dine øyne ville de alle sammen vært klin gærne. For de snakker med landet og skiller ikke mellom ånd og land.

  26. 26 Avil august 14, 2007 at 5:54 pm

    Det var då å hoppe i konklusjonar med begge beina.
    Når det gjeld “prinsessa” meiner eg berre at det å leve i vårt samfunn, med den informasjonen som er tilgjengeleg her, er å vite anna og meir enn det våset ho forfektar.

    Men den spesifikke saka overlet eg heller enn gjerne til Undre på http://undreverset.wordpress.com/2007/08/12/%c3%86ngler/

    og Nicolas på http://arsethica.wordpress.com/2007/08/12/jeg-tror-deg-martha/

  27. 27 Martin K august 14, 2007 at 8:16 pm

    Jeg er enig med Nicolas at det springende punktet ligger i markedsføringa. Lover hun kontakt med engler, er det jug. Om hun snakker om “utforsking av englekraften i oss selv” er det bare nok en dingeldangel new-age ting.

  28. 28 Avil august 14, 2007 at 8:19 pm

    Eg meiner jo at det er bittelitt meir alvorleg enn å bryte marknadsføringslova då.
    http://avil.wordpress.com/2007/07/29/prinsesse-martha-louise-og-englene-pa-astarte/

  29. 29 Martin K august 15, 2007 at 12:34 am

    Jeg legger meg flat & ruller i støvet etter å ha lest blog-linken du la ved. Det eneste motargumentet er at det virker som om M-L først og fremst retter seg litt mer inn mot de rike fruene en de stakkars kronikerene, men du har helt rett i at hun legitimerer et helt felt av kvakksalvere.

  30. 30 Avil august 15, 2007 at 8:32 am

    Du er ein klok mann, Martin K. ;)

  31. 31 Avil august 15, 2007 at 8:50 am

    Her er også eit døme på kva religion i eit demokrati:

    http://www.dagbladet.no/magasinet/2007/08/14/508796.html

  32. 32 bandanders august 15, 2007 at 2:17 pm

    Eg trur at religionen fyller eit tomrom i oss som vanskeleg let seg fylle med kalde fakta og vitskaplege sanningar. Kyrkja, særleg i Vest-Europa har i lang tid måtta forsvare seg mot angrep frå den sekulariserte åndseliten. I denne kampen har ein tona ned eller tilpassa mykje av det tankegodset som står lettast til for hogg og er vanskelegast å forsvare reint intellektuellt. Dilemmaet er at dette er den delen som i stor grad fyller dette ”religiøse romet”. Resultatet er at ein no har laga klar bane for nyreligiøsiteten som prinsessa representerer og som ”halve Noreg” har sansen for. Eit slag åndeleg frp, for å seie det litt flåsete.
    For dei som har drøymt om eit religionsfritt demokrati (eg må vedgå at eg ikkje er av dei), må dette vere dårleg nytt. Ved å kjempe mot pest, har ein enda opp med kolera.

  33. 33 Avil august 15, 2007 at 2:49 pm

    “Eit åndeleg FrP”. *trykker til mitt bryst*

    Eg har håp om at dette andelege rommet kan fyllast med litteratur og kunst. Det vakre og poetiske treng jo ikkje vere slikt som avskriver vitskaplege fakta.

  34. 34 Örn august 20, 2007 at 5:07 pm

    Bandanders:
    At religion fyller et rom som vitenskap og kaldefakta vanskelig kan fyller er jeg sagtens enig med deg i. Selv tror jeg dette skal fylles av verdier, háp og ideer. Om hvordan vi önsker at verden vár skal se ut i fremtiden, om hvordan vi vil ha váre relasjoner og med tanker som kan inspirere oss, eventuelt provosere oss til á tenke nye tanker. Desverre synes jeg at religion, kvaksalvere og samtidens prinsesser pástár at de sitter pá absolutte sannheter innen dette tomrommet. Dette synes jeg er frekt og destruktivt.

  35. 35 bandanders august 21, 2007 at 1:07 pm

    Ørn:
    Betyr dette at det å stå for verdiar, håp og idear som innbefattar meir enn det som kan målast og vegast og samstundes meine at ein har fått tak i ein flik av Sanninga i seg sjølv er frekt og destruktivt ?

    Er det ikkje heller slik at det først og fremst er måten desse verdiane, håpa og verdiane kjem til uttrykk på som kan oppfattast som frekt og destruktivt ?

  36. 36 predikeren mai 11, 2008 at 8:26 am

    Leste nylig Gert Nygårdshaug. Han misjonerer mot religionene, men han skriver selv med alle religionenes kjennetegn og virkemidler.
    Hans bøker “Mengele Zoo”, “Himmelblomsttreet” og “Afrodites basseng” tar oss med i en forrykende dommedag over vestens kultur, der vi selv tar “Gudsrollen” og utsletter “ondskapen”og hvor vi setter alt vårt håp til “nytt liv i ørkenen”.
    Vi gripes dypt av historien han drar oss inn i, fordi den oppleves som sann, og at det som gjøres er riktig!En forferdelig følelse!
    Vi gripes dypt i vår virkelighetsoppfatning, dypt i vårt forhold til vår egen kultur, dypt i vår identitet, dypt i vår religiøsitet.
    Også er bøkene gnistrende godt skrevet.
    Jeg tenkte på dette da jeg leste din lange, gode analyse.
    For meg er religionene kanler noen har gravet for at vannet skulle renne der( i en eller annen hensikt), mens menneskets tro er som bekkene som renner der den vil nedover fjellet. Kulturenes hellige skrifter som grunnvannskilder. Vann renner det overalt, men form og hensikt og tilfeldighet varierer. Bildet er ikke mitt, det er velbrukt, og det gleder meg.

  37. 37 Avil mai 11, 2008 at 1:00 pm

    Takk for ord til ettertanke!

Skriv et svar




Blåggsørvis for kresne

Lei av å surfe gjennom eit ørkeslaust internett? Sjekk ut nye Sonitus. Og her er ein ambisiøs borgarblågg: Les iNorden

Opphavsrett

Eg likar å dele. Eg likar ting som er gratis. Dette er ein fri Wordpress-blågg, og boka mi skriv eg på Open Office. Det er kjekt om du lenker til blåggen min. Det er kjekt om du siterer meg. Det er kjekt om du legg ut delar av tekstane her og legg til eigne refleksjonar, på din eigen blågg. Men sjølv om du ikkje finn små c-ar i sirklar her, så kan du ikkje gje ut tekstane mine utan å spørre meg, utgje dei for dine eigne eller tene pengar på dei. Ha ein god og fri open-kilde-dag.

Sjefen sjølv

bilde-198.jpg

Dykk i arkivet

Eit forsøk på å delta i blåggeverda

Kategorisengsforsøk

Heia Brann

Blod er tjukkare enn vatn.

Blog Stats

  • 74,163 hits