Mona har bedt så fint, og sidan ho er så rørande ny i blåggebyen og skriv så fint, så får eg heller delta i eit meme. Dessutan har Goodwill spurt om det same. Og når to slike godlyndte sjeler set dei nydelege augene i deg, kan du liksom ikkje vere surmaga og seie nei.
Eg skal skrive ned sju ting eg likar ved meg sjølv.
1. Eg syns eg er morsom. Sjølv når ingen ler av det eg seier klarar eg å tru på at eg er morsom. Det ser eg på som ein slags positiv eigenskap. For meg, altså.
2. Eg engasjerer meg. Ikkje i alt, men i mykje.
3. Eg har ein viss impulskontroll.
4. Eg er empatisk.
5. Eg kan lese og skrive.
6. Trass i at eg er grusomt lat og elskat mat, er eg ikkje jævleg tjukk. Det forundrar og imponerer meg. Eg meiner det vitnar om sjølvkontroll og karakterstyrke. Sjølv om eg ikkje akkurat er sprek heller då. Det hadde nesten vore sjukt og naturstridig.
7. Eg har fått vite at eg er kreativ og modig. Eg håper det er sant, for no treng eg begge deler.
Det er mogleg at dette memet har vore kloden rundt allereie. Men om det ikkje har, så syns eg Linetten, Raketten og Flopsien skal dele sine sju med oss.
*rørende ny og veldig fornøyd*
Okidoki
*smiler og humrer og nikker anerkjennende*
Du så det, Goodwill? Du så vi var to godlyndte sjeler med nydelege auger?
Du merket ikke at jeg satte øynene i deg, nei? Enda så nydelige de er…
Hun hadde nok merket det, Sauegjeteren, om det ikke hadde vært for at Goodwill og jeg blendet henne.
God natt, Avil! Jeg er glad jeg fant deg. Og meg.
Sauegjeteren: Du er jo også sukkersøt, og aspirerer sterkt til å bli godlyndt ein dag. Men augene dine har eg aldri sett!
Eg trur eg må ta memet ditt her inne i dette brillefine kommentarfeltet, sidan det var nesten likt, men ikkje heilt.
Altså, 7 ting lesarane mine kanskje ikkje veit om meg:
1. Eg gjekk i barnehage for døve.
2. Eg har gått på judotrening som barn (kort tid, men dog).
3. Heile barndommen trudde eg at eg hadde dunallergi. Det viste seg at det ikkje stemte. Eg har ingen allergiar.
4. Eg spelte orgel i årevis som barn. Mest fordi eg ville spele piano, men det var uaktuelt, litt fordi eg tenkte at eg skulle få syntesizer om eg øvde lenge nok på orgelet, og ein del fordi at eg hadde fått det orgelet av foreldra mine, så då måtte eg jo spele på det som om det var det eg verkeleg ville.
5. Då eg gjekk på gymnaset hadde eg så mange verv i politikk og miljøvernorganisasjonar og russeavis at eg ikkje hadde tid til å reise på russetur, syns eg.
6. Eg har flytta så mange gonger at eg har mista tal på det.
7. No har eg budd samme plassen og vore saman med samme mannen så lenge at det totalt utklassar alt det er naturleg å samanlikne med.
Se der ja. Nå er jeg litt mer fornøyd.
Føler du forresten at du har gått glipp av noe når du ikke har sett øynene mine?
Det var eit rart spørsmål.
Ja Mona, jeg så det! Avil er VELDIG snill!
Avil, jeg har også spilt orgel i mange år. Eller øøøørgel, som det heter hjemme i Arendal
Eg kom aldri forbi det stadiet med julesongar som høyrtes grusomme ut og sånn.
Likevel spurte dei pent om eg ikkje ville spele når det var jul. Det var nok til like stor fortviling for foreldra mine som for meg.
Tilbaketråkk: Fullt Hus
Så fine punkt du hadde, da. *misunnelig og kjeltringaktig*
Jeg synes også du er morsom. Det tenker jeg var oppbyggende.
Note: Huh? Det er då berre snakk om kor glad ein er i seg sjølv. Og er det noko som bringer meg om manden saman så er det overdreven tru på oss sjølv. Lista kunne vore direkte kvalmande om eg hadde dradd på litt.
Lindamac: Det var til god hjelp. Eg gleder meg til å bli fanga opp og ivareteke i november.
Det inni ** var bare et slags hint om at jeg har stjålet litt fra deg i anledning utfordringen. Hilsen Note, for tiden uten inspirasjon. Sukk.