Den sorte tulipan

Dei klåre, fine haustdagane har invitert meg ut i hagen til å flytte stauder og sette lauk.
Som barn las eg Den sorte tulipan og den gjorde uutsletteleg inntrykk. Frå eg fann Cornelius van Baerle i det usle fangeholet, utsett for grov urett og intriger i kampen om å dyrke fram den perfekte svarte tulipan, har eg alltid tenkt på svarte tulipanar som nærast magiske. I går satte eg over hundre tulipanlauk, som kjem til å stå ranke og stolte kring spirande hortensia og bronseraud rodgersia.
I dag har eg kjøpt neglelakk og leppestift, og sit her og kjenner meg aldeles glamorøs.

16 Responses til “Den sorte tulipan”


  1. 1 genese oktober 7, 2007 at 9:02 am

    Den leste jeg også som barn. Hadde glemt hele boken til du minnet meg om den. Sorte tulipaner er fantastiske, de har en slags tung mystisisme omkring seg. Og hagen din: Du verden, den kommer til å hilse våren velkommen.

  2. 2 Avil oktober 7, 2007 at 9:25 am

    Eg trur me kan takke den boka for mystikken kring sorte tulipanar. Eg får meg ikkje heilt til å skrive “svarte tulipanar” eingong, det høyrest ikkje alvorleg nok ut. ;)

  3. 3 Organa oktober 7, 2007 at 6:36 pm

    Å! Så deilig det blir når de fine tulipanene kommer opp. Og finfin råsa blogg.

  4. 4 Avil oktober 7, 2007 at 7:09 pm

    Brystkreften tør neppe yppe seg i slike omgjevnader.

  5. 5 Håkon oktober 7, 2007 at 10:35 pm

    Den sorte tulipan. Husker jeg så filmen på fjernsyn før denslags var i farger. Det overlot et og annet til fantasien. :o) Tror det er på tide at jeg leser boken i stedet. (Men hagedrømmen er 100 kirsebærtrær.)

  6. 6 bandanders oktober 7, 2007 at 11:10 pm

    Har du høyrt om tulipangalskap? Ja, det er ei like sann som fantastisk historie. Soga om verda si første finansboble. I Nederland kunne ein einaste løk koste meir enn eit hus i 1637. Så ein dag sprakk bobla, slik bobler alltid gjer.
    Resultatet vart økonomisk ruin og personlege tragediar i hopetal. Men lærte vi noko? Sei det..

  7. 7 Avil oktober 8, 2007 at 6:26 am

    Håkon: Eg har berre to kirsebærtre, dei gjev ikkje bær, men er ganske flotte. Heldigvis gjev epletrea og plommetreet rikeleg. For ikkje å snakke om alle stikkelsbæra og bringebæra og blåbæra og ripsa.
    Hagen min smakar i grunnen ganske godt.

  8. 8 Avil oktober 8, 2007 at 6:27 am

    Bandanders: Veldig kul historie, og me lærte nada. ;)

  9. 9 Håkon oktober 8, 2007 at 8:36 am

    Kirsebærtrær kan være ganske variable med hensyn til matauken, men du verden så trofaste de er når det gjelder blomstring.

  10. 10 Mona oktober 8, 2007 at 11:43 am

    Løken min har hengt på sikringsskapet i uker nå, og denne tråden får meg ut. Så fint.

  11. 11 Marina oktober 8, 2007 at 3:14 pm

    Jeg tror neppe tulipanbobla var verdens først finansboble. Folk har vel alltid hatt ideer om hvordan de skal bli rike i en fei.
    En av forfedrene mine i Nederland spekulerte faktisk i tulipaner. Men så giftet han seg og ettersom kona likte de vanlige, “kjedelige” tulipanene best, solgte han seg ut og kjøpte hus med hage istedet.
    Smart fyr.

  12. 12 Rockette oktober 8, 2007 at 4:35 pm

    Åååå, det var en av mine favorittbøker som barn også! Hadde nesten glemt :-)

    Kommer glamorøst leppestiftbilde fram i hausljoset også, eller

  13. 13 bandanders oktober 9, 2007 at 5:38 pm

    Ikkje for å vere vanskeleg altså, men “tulipangalskapen” vert faktisk omtala som den første kjende finansbobla. Den som er interessert, kan finne ein fin artikkel om emnet her:

  14. 14 bandanders oktober 9, 2007 at 5:40 pm

    Oi, URL´en fylgde visst ikkje med. Her er han:

    http://www.levendehistorie.no/levende/artikler/tulipangalskap

  15. 15 Avil oktober 9, 2007 at 6:52 pm

    Åh, utruleg kul lenke. Takk!

  16. 16 impen oktober 11, 2007 at 9:46 am

    Så fine tulipaner! Jeg gleder meg veldig til våren.

Skriv et svar




Blåggsørvis for kresne

Lei av å surfe gjennom eit ørkeslaust internett? Sjekk ut nye Sonitus. Og her er ein ambisiøs borgarblågg: Les iNorden

Opphavsrett

Eg likar å dele. Eg likar ting som er gratis. Dette er ein fri Wordpress-blågg, og boka mi skriv eg på Open Office. Det er kjekt om du lenker til blåggen min. Det er kjekt om du siterer meg. Det er kjekt om du legg ut delar av tekstane her og legg til eigne refleksjonar, på din eigen blågg. Men sjølv om du ikkje finn små c-ar i sirklar her, så kan du ikkje gje ut tekstane mine utan å spørre meg, utgje dei for dine eigne eller tene pengar på dei. Ha ein god og fri open-kilde-dag.

Sjefen sjølv

bilde-198.jpg

Dykk i arkivet

Eit forsøk på å delta i blåggeverda

Kategorisengsforsøk

Heia Brann

Blod er tjukkare enn vatn.

Blog Stats

  • 86,022 hits