Posted by: Avil | oktober 14, 2007

Hald kjeft, du er forfattar

Når folk har jobba i årevis for å få til eit produkt, og gjerne har fått mykje hjelp av andre både teknisk, innhaldsmessig, til research, gjennomarbeiding og ferdigstilling av verket, er det naturleg å ville takke alle dei som letta arbeidsprosessen og var med til å gjere det ferdige verket mogleg.
Musikarar gjer det, filmprodusentar, alle som har eit talerøyr der dei kan få sagt “hey, tusen takk for hjelpa, alle saman!” plar vel bruke det.

Høfleg, vil eg kalle slikt.
Og gjerne også ein sjanse til å dele gleda, stoltheten over å bli ferdig, og ha fått til noko kult og verdig.

Men romanforfattarar skal ikkje stikke seg fram, meiner blåggaren bak Her bor jeg.
Ingen vil vel vite noko om forfattarar, kven dei har fått hjelp av, kva som ligg bak av innsats, støtte og arbeid.

“Jeg synes alt dette er snikksnakk og bullshit og jeg synes det er trist hvis disse tingene er tegn på at romanen ikke er fornøyd med bare å være roman lenger,” skriv han.

Eg berre undrar meg.


Svar

  1. Jeg synes alltid det er dødsintressant å lese sånt noe. Nå leser jeg mest tegneserier, og jo mer «bonusmateriale», jo bedre. Særlig setter jeg pris på det fordi det er fint å få kikke tryllekunstneren i kortene. Gaiman publiserer kommenterte tegneseriemanus sammen med Dream Country. Det er ikke bare spennende, men det er nyttig for andre som vil lære prosessen. Jo mer, jo bedre (c;

  2. Du syns det er interessant, andre syns kan hende ikkje alltid det, men eg syns jo ikkje rulletekstane etter filmane er så spanande heller.
    Eg er meir oppteken retten til å få seie “desse har hjulpe meg, takk skal de ha” utan å bli dissa for det.

    Då eg hadde lese Saturday av Ian McEwan syns eg det var veldig interessant å sjå kva research han hadde gjort.
    Andre gonger tenker eg at det berre er interessant for dei som står på lista sjølv. Eg skal vere bra imponert av musikk før eg byrjar lese takkelistene deira.

    Men det har då hendt at eg har tenkt som denne “Her bor jeg”-blåggaren. Då eg las Madonna si barnebok syns eg det var overveldande takketaler i den for å vere ei så tynn, dårleg og lite researcha bok. Men ho kjem jo frå ein bransje der ein takkar keiteringsørvisen og drosjesjåføren.

    (og når det gjeld Neil Gaiman: Me vil jo ha heile han då. Hud og hår og bonusmateriale og Neil les dikta sine høgt på youtube *ler* )

  3. Bringsværd, eller gud da, som han bare heter i visse miljøer, har jo noen sider med personlige brev til leserne bakerst i Gobi-bøkene sine. Det var en stor glede å lese, men Bringsværd kunne jo skrevet telefonkatalogen og fått den leseverdig da.

    Så jeg er på linje med Avil her altså, og det har ikke noe med tanken på henne og bondagebånd i latex å gjøre hvis det er det dere tror…

  4. Du kom liksom aldri lenger enn til den setninga, du?
    Eg fekk jo skvist inn at det ikkje heilt var mi greie.

  5. Eg trur kanskje Thore Hansen og Bringsværd utgjer ein heilag to-einighet.

  6. Tja, jeg får bare tro det er et utslag av liten innsikt. Det finnes over alt, og kommer godt til syne dersom noen ubetenksomt fjerner det beskyttende laget av ydmykhet. ;-)

    Intetsigende oppramsing av takksigelser kan være relativt kjedelig, men det er interessant å få vite om det f.eks. har vært et samarbeid mellom forfatter og illustratør, eller om illustrasjonene er noe som forlaget fikset etter at teksten var ferdig. Det som kanskje kan diskuteres er hvilken form og kanal som er hensiktsmessig. Hvor mye skal være i form av tekst og bilder i romanen, og hvor mye egner seg best for intervjuer og annen medieomtale. Egentlig bør forfatteren få lov til å bestemme, og så får vi håpe at forleggeren skjermer oss for de tilfellende hvor håpløs takksigelsesprosa skjemmer en ellers velskrevet roman. :-D

  7. Det er jo berre å hoppa over det om ein ikkje er interessert – og ofte er ein jo ikkje det. Men eg kan absolutt godt forstå behovet for å få sagt takk til dei som har bore over med meir eller mindre ver- og humørsjuke forfattarar, og hjelpt dei med praktiske og intellektuelle utfordringar undervegs. Ikkje minst er det sikkert viktig for den som får takka, så eg seier: Skriv i veg!

    Ei anna sak er dei som lagar reinaste oscar-takketalane som forord til hovudoppgåvene (etter kvart masteroppgåvene) sine – det kan bli litt i overkant nokre gonger…

  8. Hovudoppgåver har litteraturlister, det burde i grunnen vere fyllestgjerande.

  9. Jeg tenker mest på Anne B. Ragde og alle pengene. *innrømmer*

  10. Jeg tar gjerne litt penger.


Legg igjen et svar

Your response:

Kategorier