Posted by: Avil | oktober 17, 2007

Dei største heltane

Inne på Forfatterbloggen fann eg ein blåggpost om slike heltar som blir verande i folk sin bevissthet. Heltar som vert huska sjølv etter at forfattaren er gløymt, heltar som er større og meir varige enn bøkene dei sto i.

[Her hoppar me elegant over dette med at slike heltar som eksisterer uavhengig av bøkene, tydelegvis ofte har eit liv på film eller fjernsyn]
Eg hang meg opp i dette med heltar. For kva heltar sit eigentleg att i meg? Kven gjorde slik inntrykk på meg at eg framleis blir varm og rørt og imponert ved tanken på dei?
Mi liste over fantastiske heltar:

  1. Riddaren Lancelot, altså Lancelot i The Fionavar Tapestry, ikkje han duste-lancelotten i Avalon. Ein fantastisk helt. Så inderleg god at sjølv den hatefulle skogen hedrar han. Eg grin berre eg tenker på det.
  2. Persevs. Skjønne guten, som opnar seg audmjukt og interessert i den hjelpa andre har å tilby, som ein guddommeleg Askeladd, møter dei verste redslar og farer, men gjev ikkje opp. Og alt saman fordi han er så glad i mammen sin. *snufs*
  3. Iorek Byrnison. Det fins knapt noko kulare enn ein panserbjørn. Utan menneskelege kjensler, berre metall, pels, musklar, instinkt og intelligens. Heilt konge. Og så denne forfylla, detroniserte Iorek, som viser seg å vere den mest lojale og anstendige av alle vesen. Eg grin litt til, eg.

[Eg kjem kan hende attende med ei heltinneliste. Og ein filmhelt-liste.]

No er eg nysgjerrig på kva litterære heltar som verkeleg har gjort mest inntrykk på deg?
Og følgande kan gjerne oppfatte seg som tagga: Sauegjetaren, Nissemannen, Hjorten, Margarita og Cassandra.


Svar

  1. Det var forresten naudsynt å skunde seg med denne lista, sidan Iorik snart vert filmhelt, og kan hende vert heilt øydelagt.
    Mr Darcy vert til dømes diskvalifisert sidan eg ikkje kan tenke på han utan å tenke på Colin Firth. Då hjelper det ikkje at Firth-Darcy er så klønete elskeleg at det held i massevis på helteskalaen. han er ikkje lenger ein skikkeleg litterær helt for meg. *streng purist*

  2. Denne var ikke så lett som den hørtes ut som. Kommer tilbake med svar på bloggen etter en tenkepause.

  3. Du treng ikkje vere streng purist, berre fordi eg er det. *grei*

  4. Morsomt at du likte temaet, Avil!

  5. Kven likar ikkje heltar!

  6. For ungane mine vil nok Humlesnurr stå som den største helten av alle livet ut, trur eg. Og litt for meg også. *flau*

    “Det vil kome ei tid då alle må velge mellom det som er lett og det som er rett”.

  7. Du har åpenbart lest på engelsk? Jeg husker Jorek langt bedre…

    Dette blir ingen lett jobb, men noen må gjøre den!

  8. Iorek er brennfinn, og nettopp i går leste jeg at det er Ian McKellen som har fått rollen som stemmen hans i filmen som visstnok kommer den 7 desember? Det lover jo godt, bare vi nå ikke blir sittende og tenke på Gandalf, eventuelt Magento, hver gang han dukker opp i bildet.

  9. artig :)

    min liste:

    1. D’artagnan
    2. Fantonald
    3. Ask Burlefot

    og som bonus, iversens:

    1. batman
    2. batman
    3. batman

  10. Esq: Eg tenkte faktisk også på Burlefot. Men så kom eg på Iorik, og då var Burlefot ute av topp 3. Det same skjedde med Fantomet (heilt ærleg, Fantonald?).

    Hjorth: Sist eg såg Magneto vart det i alle fall kluss.

    Sauegjetaren: Nei, eg las den på dansk.

    Hydra: Dumbledore er ingen dum helt. Gandalf er berre litt større. Han er så kul at han nesten må døy for at ikkje alle andre skal bli statistar.

  11. I pointed to the body at our feet, and
    said only these two words:

    “Gaspar Ruiz.”

    He threw his arms up in astonishment.

    “‘Aha! Your strong man! Always to the last with your strong man. No matter. He saved our lives when the earth trembled enough to make the bravest faint with fear. I was frightened out of my wits. But he–no!
    Que guape! Where’s the hero who got the best of him? Ha! ha! ha! What killed him, chico?’

    “‘His own strength general,’ I answered.”

    Las novella av Joseph Conrad for nesten 30 år sidan. Han har ikkje tapt seg. Ingen myteknusar vil nokon gong rive ned Gaspar. Eit privilegium kun ungdommens litterære heltar nyt.

  12. Eg trur fjerdeplassen min er oppteken av Papillon. Eg hlas sikkert den boka hundre gonger frå eg var 12 til 15 år.

  13. Eg kjenner at eg slit veldig med å finne meg heltar. Men Jean Valjean kom eg på.

  14. Sånn! Da har jeg også skrevet litt om mine litterære helter.

  15. *iler*

  16. papillon er strålende.

    fantdonald var helt i barndommen, og det er i barndommen helter er størst. jeg er gammel donaldist.

  17. Åh! Panserbjörne!

    Esquil: D’artagnan er jo Best! Dumas ftw!

    Avil- jeg kommer til å stjele denne av deg (c;

  18. Stel i veg, eg stal jo den sjølv. *open source-aktig*

  19. Bedre sent enn aldri, nå har jeg lagt ut min helteliste… Kommer heltinne-listen din noen gang?

  20. [...] Posted on November 21, 2007 by Avil Eg har annonsert denne posten for ei tid [...]


Legg igjen et svar

Your response:

Kategorier