Blåggen står ikkje akkurat i sentrum for tida, nettlivet blir ei hovudlaus sveiping over andre sine blåggar, fjesboka, epostar, innom eit forum, og så svosj ut igjen.
«Kor langt er du kommen med skrivinga?» spør folk. Sikkert for å vere høflege. Takk for det. Eg likar at folk spør. Men eg skjønar at dei ikkje forventar utfyllande svar.
Det er annleis med blåggen. Her skriv eg jo kva eg vil.
Så: Her er dagens vitale mål.
Eg har framleis ein del anekdotar og avsnitt som heng laust i eigne filar. Men det samla dokumentet er blitt 133 sider, halvanna linjeavstand. Det blir 43000 ord, som i følge Belmotte sine lenker blir omlag 170 boksider.
Eg er veldig glad for at eg ikkje bur i Amerika. Der er det visst berre etablerte forfattarar som får breie seg og lage mursteinar. For dette ser ut til å bli langt.
Men det kan jo kuttast opp.
Då fell vel forventningane endå meir. Fantasy i fleire deler. Det høyrest skikkeleg dårleg ut. Og så kjem tvilen. Kanskje det faktisk er dårleg. Kan hende eg bør ringe forlaget og seie at eg nok heller bør snakke med Serieforlaget.
Det er nok på tide å la nokon andre lese gjennom det igjen. Angsten for eigen udugelighet minskar natuleg nok når andre kjem med gode tilbakemeldingar. Om dei gjer. :tilt:
Vel. Eg skriv i alle fall. Systematiseringa eg dreiv med sist månad vart så keisam at det rett og slett er kjekt å skrive igjen. Sjølv om målet er at eg skal vite kva som skal stå i kvart einaste kapittel til midten av januar.
Desember skal vere rydde- og organiseringsmånad. No i november skal eg unne meg å berre skrive. Så ukritisk som råd.
Haha, som om eg klarar å skrive ukritisk ein heil månad.
Joda, det går bra.
Eg klarar jo ikkje skrive ein blåggpost utan å gå rett i indre dialog mellom sensorkorps og skrivelyst.
Neste gong nokon spør «kor langt er du kommen med skrivinga?» vil eg kan hende svare ærleg:
«Nei, no er eg så usikker atte…jælp.»
Jeg har et pumpeorgel.
Forøvrig ser jeg ingen bakdeler med masse stoff. Er det bra, kan det omtrent ikke bli langt nok.
Hvor langt er du kommet med skrivingen?
Shit! Det kom svar etterpå. *sprut*
Nei no blei eg så usikker atte…jælp.
Så lenge det ikke er forleggeren som ringer i ett sett og spør så er det vel til å leve med. (Og dersom forleggeren blir for
maseteivrig så kan du j foreslå at du poster et kapittel eller tre på nettet for å sjekke responsen fra ditt trofaste publikum.)Masete forleggar? Fins det? Åh, du meiner sånne forleggarar som tenker at dei skal tene masse pengar på boka di og masar om at den skal bli ferdig? Forleggaren “min” er ikkje akkurat sånn. Me har ikkje heilt nokon forleggar-ekteskap, dei har liksom berre forleggar-pult meg og lurer litt på om me skal forleggar-innleie eit forleggar-forhold. Dei masar ikkje. Dei inviterer meg berre på kino i januar, liksom. Og eg må sikkert kjøpe popcornet sjølv.
Forleggerpult var et fint ord. *legger i ordsekken*
Er det det norske eller svenske samlaget vi snakker om her?
Det høres uansett ut som et greit forfatter/forlegger-forhold. Måtte det bli mange fine bokbarn.
Samlaget! *pling for ordspel*
Nei, det er verken det svenske eller norske sådanne.
Fantasy kan ikke skrives kort… Du skal jo tross alt skrive om en hel verden, ikke bare noe som skjer i et kjent univers. Så lykke til videre, gleder meg til å følge prosessen – og kanskje lese boken også!
Eg har håp om at boka blir meir underhaldande enn skriveprosessen.
Min debutroman var på 73000 ord, det ble 230 sider. (den var på 62000 da den ble antatt). Stian Landgaard hadde det dobbelte, vait eg. Jeg hadde også 100.000 som mål da jeg begynte, men innså underveis at hvor mange ord man får er skrivestilavhengig, og jeg får meg ikke til å bable avgårde som en del forfattere (ragde, solstad) gjør. Men jeg har lest en strålende roman på 28.000 ord (the rider, tim krabbé, han er stormester i sjakk). Jeg tror at hvis man har logisk anlagt hjerne bruker man færre ord på å forklare noe. Syns også du formulerer deg rimelig presist.
hm. nå følte jeg at jeg bablet avgårde.
uansett, lykke til
Takk, esquil!
Eg syns ikkje sjølv eg er for ordrik, det er berre historia som krev at eg fortel ein heil del.
Er det noe galt i å være ordrik også nå? Hæ? Hæææ???
bm
Veldig stilig tittel på innlegg, forresten.
*misunnelig*
Takk for tittelskryt.
Nei, det er ikkje noko galt i å vere ordrik, så lenge ein er elegant, og det er jo du.
Men når ein ikkje klarar å skrive ein roman på under 100 000 ord er det lett å bli mistenkt for å vere språkblomstrete.
nei, det er ikke noe galt i å være ordrik. bable avgårde var et uærbødig ordvalg, ragde og solstad er jo høyst respekterte, og det jeg kalte bable her er teknikk jeg selv prøvde å tilegne meg. men jeg kom til at man bør satse på stilen som er naturlig for en selv, og fokusere mindre på om man har for få eller for mange ord. det fins ingen fasit i denne bransjen
egentlig misunner jeg dem som syns de skriver for langt. jeg må slite ordene ut av hjertet ett for ett.
Ehem. Ikke det at jeg skriver FOR langt, akkurat (har dere sett så mye som en bitteliten diktsamling fra min hånd, kanskje???)…
bm
Du skriv i alle fall drivande godt, så eg håper du ein dag vil publisere ein lang tekst.