Posted by: Avil | november 7, 2007

No skal eg sjå film

Eg har hatt det vanskeleg lenge med heile Jack Sparrow. Eg er så veldig glad i piratar, skjønnar du. Eg kan ikkje komme nærare inn på det. Mor mi les blåggen.

Men eg likar piratar.

Eg såg den første Pirates of the Caribbean-filmen sikkert sju gonger

Så kom oppfølgaren. Eg gledde meg veldig. Men ho der beinrangelet øydela alt. Ikkje trudde eg på at ho var glad i Orlando, og dei der kåte blikka ho sendte Johnny, nei, ho likna ei luremus. Ei anorektisk, trynepen luremus som lagar seg kåt for at menn skal beundre ho endå meir. Keira Knightley. Sensualitetens eigen Jar Jar Binks.

Og på toppen av alt dette elende viste det seg at PotC II berre var to og ein halv time reklame for PotC III.

Eg har ikkje sett den. Trearen, altså. No skal eg. I kveld.

Dette er grunnen til at eg aksepterte å bytte ut den snertne, kvite åttitals B&O’en for ein flatskjerm.

Tenk om eg hatar den. Tenk om den er bra. Tenk om.

Responses

“Sensualitetens eigen Jar Jar Binks.” :-D

De kunne fått en del ut av treeren, mer enn de faktisk gjorde.

Ja, boney ass er framleis for irriterande, Calypso vart skusla bort og vel, ein grei 3ar på terningen. MEN EG VIL IKKJE HA EIN HALVGOD FILM. *mad*

Toeren i en trilogi er sjelden bra… “To tårn” er jo også et mellomspill der det ikke skjer så fryktelig mye avgjørende og spennende. Men er finalen god, tilgis det dårlige midtpartiet!

Her var ikkje finalen anna enn grei nok. Med dei nyinnspelte SW-filmane var også trearen grei nok, men sidan dei to første var så inderleg elendige, blei ein jo heilt glad likevel.
Her vart lista lagt skyhøgt med den første. Synd for trearen, får ein seie.

Jack Sparrow kikker ned på meg fra taket her på jobben, det er en trøst og glede på travle eller kjedelige arbeidsdager. Jeg har heller ikke sett nr 3, den blir kan hende bursdagsgave til datter om ikke lenge. Skal prøve å ikke ha for store forventninger, det lønner seg aldri…

Legg igjen et svar

Your response:

Kategorier