Posted by: Avil | november 11, 2007

Den første snøen

Du veltar ut dørene, tenker eg, men du gjer ikkje det. Du er ganske forsiktig, om enn litt klossete, der du langsamt set føtene på isen utanfor. Du veltar ut dørene, tenker eg, men det tenker eg mest fordi du tek så stor plass i gangen, fordi du krever så mykje av meg, fordi eg strevar sånn med å halde deg glad, varm, mett og rein, fordi eg sit att på golvet i gangen, som om du hadde velta ut. Som om du var to meter høg og ein meter brei og var ustyrleg og diger, som om det var slik at når vesle, tynne, hjelpelause eg endeleg fann dørklinka, så velta du ut.

Men du skjønar at mor di er stor som eit fjell, ho fyller heile gangen med armar og bein, du har gleda deg til å komme ut i snøen, og du har tålmodig fått hjelp til alt tøyet. Du trippar ganske forsiktig over isen i den nye vinterdressen din. Den første snøen er kommen, verda er magisk.
“Kom, mamma! Sjå! Det er snø ute!”
“Eg kommer. Ikkje mas.”

Responses

Hehe.. Måtte bere ta mej en tur innom bloggen din. Trur ej lika mej her.

God søndag til dej

Velkomen skal du vere, Cipp. I dag serverer eg bollekake og kakao.

Eg hiv meg på Cipp, og må innrømme at det her var ein kjekk plass.

Arti at du har funne fram til mitt vesle kammers. Velkomen attende :-)

Så veldig fint med nye gjester! *lukkeleg*

Dette minner meg på at vi for en time siden var på plantasjen for å kjøpe akebrett. Nå har vi glemt hele akebrettet, for det er litt koselig å sitte inne også. Nye stearinlys har jeg kjøpt også.

Åh. Bollekake. *bevreleppe*

Så fint du skriv :)

Takk!

Legg igjen et svar

Your response:

Kategorier