Anonyme skuldingar versus varsling

Enova-sjef Eli Arnstad trekker seg umiddelbart, og utan krav om sluttpakke, etter ei anonym arbeidsmiljøundersøking.

Ho velger dermed å gjere det rakt motsette av kva ein annan sjef gjorde etter liknande skuldingar, dengong frå navngjevne “varslarar” tidlegare i år. Gerd-Liv Valla har med sitt sjølvrettvise bråsinne møtt mykje kritikk for måten ho handterte den såkalla Yssen-saka på. Me var sikkert mange som då tenkte at to temmeleg usympatiske menneske såg ut til å ryke saman med kvar sine skitne triks midt i offentleg rampelys.

Det har både før og etter Valla/Yssen-oppgjeret vore fokus på varsling. Varsling om mobbing, varsling om underslag, varsling om dårleg stell i norsk helsevesen.

Etter mi meining er varsling, i tydinga det “å trygt kunne melde frå om ting som er feil, ulovleg, farleg eller ubehageleg” ein grunnleggande rett som eg vil tru blir krenka i norsk byråkrati vel så ofte som i det private næringsliv.
Fagfolk og mellomleiarar skal levere forventa og målbar produksjon, og dersom røynda ikkje er like vakker som PP-presentasjonane, vert ein sjeldan lønna i eigen bedrift for å gje beskjed.

Men er anonyme arbeidsmiljøundersøkingar eit middel som fører til varsling?

Eller er dette verktøyet, som snart alle verksemder vert pålagt å nytte seg av, ein kanal som opnar for trygg mobbing av eigen leiar?
Det er umogleg å forsvare seg mot anonyme skuldingar. Ein kan blånekte, og verte oppfatta som den neste Valla: Brutal, omsynslaus og utan sjølvinnsikt. Ein kan legge seg flat og unnskulde, men kva er no eigentleg det? Ein veit ikkje kva episodar det handlar om, ein veit ikkje kven ein skal unnskulde seg ovanfor, og ein anar ikkje kva ein skal gjere for å betre situasjonen. Og om ein ikkje kjenner seg igjen i skuldingane, skal ein avlegge falsk orsaking?

Og kva skjer med dei leiarane som faktisk er lydhøre, gode og empatiske leiarar når dei vert skulda anonymt for å vere brutale psykopatar?

Dei går.

Det kan sjå ut til at ein uansett korleis ein vender det, ikkje kan oppnå noko godt ved desse anonyme undersøkingane.
Ein kastar sjefen til ulvane i mørket og kan berre håpe at ingen er svoltne.

Ein sterk fagforening og ein organisasjon som ikkje har kultur for å straffe folk som tek kontakt og varslar, aldeles uanonymt og konkret, ser ut til å vere det beste vern for dei ansatte.
For ingen er tent med at dei beste vert angripe utan å kunne forsvare seg.
Ingen ansatte er tent med at ein dyktig og verdsatt leiar kan kastast av enkelte hevngjerrige og ømskinna arbeidstakarar utan tanke for at sjefar også er mennesker.

11 Responses til “Anonyme skuldingar versus varsling”


  1. 1 Genese november 26, 2007 at 9:00 pm

    Problemet er ikke de anonyme undersøkelsene. Men problemet er at en ikke skiller struktur og person. Hva er galt? Ikke hvem som er gal. Så får man analysere i ettertid.

  2. 2 Avil november 26, 2007 at 9:03 pm

    Desse anonyme arbeismiljøundersøkingane er designa slik at det langt på veg vert ei evaluering av sjefen i mange fasettar.
    Då hjelper det ikkje å ha fokus på struktur i ettertid.

  3. 3 Lin november 27, 2007 at 12:48 am

    Uansett så blir det ofte i slike sammenhenger en situasjon der man bare ikke kan vinne uansett hva man gjør. Kanskje mye fordi man fekter i blinde mens motparten ofte ikke gjør det og dermed gjerne fremstår som mindre klønete enn lederen som de vil bli kvitt.

    Med tanke på hva man har sett i mediene i det siste synes jeg i grunnen det er veldig forståelig at Enova-sjefen velger som hun gjør.

    Så er spørsmålet om vi virkelig vil ha det slik. Kanskje noe å tenke på neste gang man er fristet til å svelge agn, krok og snøre når ensidige og tabloide fremstillinger slås opp i massemediene.

  4. 4 Avil november 27, 2007 at 8:09 am

    Eg trur ikkje ein utelukkande kan henge media for dette. Store oppslag legg merksemd til skade, men skaden er oppstått i eigen bedrift, iscenesatt av eigen bedrift og betyr mest for dei involverte.
    Om du er ansatt som leiar for ein bedrift vil det opplevast svært alvorleg med med slike skuldingar frå eigne ansatte.

    Poenget mitt er at så lenge slikt vert gjort anonymt, er det eit effektivt våpen i hendene på ansatte som kanskje ikkje eingong forstår kor alvorleg dette er.
    Eller som forstår, og har sine motiv for å gjere det likevel.

    Og med referanse til emobitch-posten (Alle desse tårene I), seier eg også at ein ansatt kan oppleve esg som kronisk dårleg behandla utan at det er særleg tydeleg for den overordna kva ein kan gjere for å løyse situasjonen. Anna enn å la ansatte få viljen sin i alt, utan krav.

    Eg er på ingen måte blind for at det fins reell mobbing og sjefar som bør gå av, men eg seier her at eit anonymt “varsling”-system ikkje nødvendigvis stimulerer til varsling, men til anonym drittslenging og mobbing av eigen leiing.

  5. 5 Sigve Indregard november 27, 2007 at 8:50 am

    På mange måter illustrerer slike undersøkelser hvorfor det er et problem når man bruker anonyme vitner eller lukkede rettsprosesser. Undersøkelsene ligner også på medias bruk av anonyme, godt plasserte kilder, men det er som Avil sier ikke det samme.

    Jeg tror ikke anonym varsling er noen vei å gå. Varsling må skje under fullt navn, og så får vi heller ha gode rutiner for å ta vare på de som varsler. Og solid straff til de som roper ulv når det ikke finnes noe å varsle om.

    Til slutt vil jeg si at vi må huske på at Arnstad godt kan være skyldig i mobbing, og at det er grunnen til at hun går før det blir noen grundigere gransking.

  6. 6 Avil november 27, 2007 at 9:29 am

    Indregard: Du har rett i at me veit lite og ingenting om kva som eigentleg har skjedd her. Men eg syns det er illustrerande for kor uhensiktsmessig denne metoden fungerer når verneombudet ublu seier at dei har vore svært lite konkrete når dei har teke saker opp med Arnstad.

  7. 7 Hydra november 27, 2007 at 12:09 pm

    Kreti og pleti blir jo kalla varslarar no for tida.

    Skal arbeidsmiljøundersøkelsar (det er vel arbeidsmiljø det er snakk om her, ikkje arbeidsmarked som Avil skriv) ha noko poeng, må dei sjølvsagt vere anonyme. Og spørsmål om trakassering frå kollegaer eller leiinga, må like sjølvsagt vere tema i ein slik amu-underøking. Om ei bedrift år etter år får rapportert trakassering/mobbing/dårleg leiing i amu-undersøkingane sine frå fleire hald, må dei ta tak i det.

    Kva som har skjedd i Enova anar eg ikkje, men å seie at anonyme amu-undersøkingar er lite hensiktsmessige, er eg ikkje med på.

  8. 8 Avil november 27, 2007 at 12:13 pm

    Skreiv eg marknad. Så pinleg. *iler*

  9. 9 Lin november 27, 2007 at 1:05 pm

    Avil: Vi var jo enige, jo. Jeg tror Arnstad brukte sin eneste reelle mulighet til å komme ut av dette på en ok måte. Og det synes jeg er både tankevekkende og synd.

    Medias rolle er en ting. Jeg er mer kritisk til alle de som svelger alt ukritisk og attpåtil synes det er greit å “ta” den som er i hardt vær for uvesentlige detaljer. Nettdebattene i Valla-kjøret synes jeg f.eks. ofte ble litt vel svart/hvitt og etterhvert preget av argumentasjon i stilen “og dessuten er hun dårlig kledt!” I tillegg til alle som så ut til å føle seg kompetente nok til å gi damen både en og to diagnoser i samme slengen. Altså at det blir en eneste stor smørje der plutselig ALT er galt med en person.

    Når attpåtil den ene parten (den som angripes) er den som må ta fighten “i blinde” uten å få anledning til å få en slags oversikt, så blir det såpass vanskelig at jeg godt kan skjønne at en leder velger å ikke ta fighten i det hele tatt, men heller trekker seg. Og det synes jeg er synd. Jeg tror vi kan miste mange dyktige ledere på denne måten.

  10. 10 Eto november 27, 2007 at 3:26 pm

    Det er klart at mennesker kan oppleve seg mobbet selv om det ikke er lederens mening / hensikt. Det feile er bare at det skjer anonymt. Hvordan kan man da få ryddet opp? Selv et trygt lederemne kan bli småparanoid av vondsinnete kommentarer i kommentarfeltet på disse omtalte anonyme undersøkelsene som i dag florerer over hele landet.
    Hva kan bli resultatet av dette: De tjukkhudete blir sittende. Er det noen som tror at de er lydhøre for medarbeiderne sine? Nei, la oss skape en kultur for et åpent samfunn der folk må stå for meningene sine.

  11. 11 Avil november 27, 2007 at 7:17 pm

    Ope og trygt. Einig og tru til Dovre fell.

Skriv et svar




Blåggsørvis for kresne

Lei av å surfe gjennom eit ørkeslaust internett? Sjekk ut nye Sonitus. Og her er ein ambisiøs borgarblågg: Les iNorden

Opphavsrett

Eg likar å dele. Eg likar ting som er gratis. Dette er ein fri Wordpress-blågg, og boka mi skriv eg på Open Office. Det er kjekt om du lenker til blåggen min. Det er kjekt om du siterer meg. Det er kjekt om du legg ut delar av tekstane her og legg til eigne refleksjonar, på din eigen blågg. Men sjølv om du ikkje finn små c-ar i sirklar her, så kan du ikkje gje ut tekstane mine utan å spørre meg, utgje dei for dine eigne eller tene pengar på dei. Ha ein god og fri open-kilde-dag.

Sjefen sjølv

bilde-198.jpg

Dykk i arkivet

Eit forsøk på å delta i blåggeverda

Kategorisengsforsøk

Heia Brann

Blod er tjukkare enn vatn.

Blog Stats

  • 88,544 hits