Oppe i nord er det mørkt no, med blåtimar midt på dagen. Me vestlendingar har stort sett sommar heile året (12 grader og regn uansett årstid). Den danske ektefellen min sukka seg gjennom den første vinteren her, han hadde aldri trudd det skulle vere så mørkt. Regnvåt asfalt og furuskog sluker alt lys.
Derfor er det slik ei sitrande lukke når det kjem snø. For lyset kjem attende!
Eg dokumenterer fenomenet med mitt fantastiske webcam (for dei som måtte ha blå bollekake friskt i minne: kameraet er verkeleg dårleg, – det biletet som prydar siden min øverst her er tatt med mobilen, men eg veit ikkje kor den dingsen er som overfører bileta frå mobil til pc, og no innser eg at det er meir tekst inni parentesane enn utanfor og det er strengt tatt berre teit).
No fyrer eg i peisen, har kokt kaffi, og skrivedagen skal starte.
Som dotter mi sa då eg fulgte ho til skulen i dag: Du har liksom helg kvar dag du, mamma!
Og jammen har eg det.


Eg syns faktisk kameraet har klart å fange eit svakt rosa skjær. Utruleg. Sidan sola nett er stått opp bak rosa og gullkanta skyer.
Kanskje kaka mi faktisk var blå?
By: Avil on november 26, 2007
at 8:36 am
Eg ser heilt klart det rosa, og eg såg heilt tydeleg det blå i bollekaka. Du har eit unikt kamera som fangar dei vakraste detaljar
By: kvitveis on november 26, 2007
at 8:46 am
Eg burde kunne livnære meg som profesjonell fotograf med det der.
By: Avil on november 26, 2007
at 9:00 am
Skrivedagen? Hva skriver du på? Kanskje alle faste lesere vet det, men jeg har vært ute av bloggverden en stund…
By: Lindkvist on november 26, 2007
at 11:13 am
Eg skriv fantasyroman, eg. På nynorsk. For vaksne. Eller i alle fall dei som er vaksne nok til å tåle at folk er folk og drikk og valdtar og myrder og slikt.
Og eg burde nok vere aldeles ute av blåggeverda eg, og. Sjølvdisiplin og rastløyse er ikkje bestevener.
By: Avil on november 26, 2007
at 11:19 am
Jøss. Det er vel ikke så mange fantasy-romaner på nynorsk.
Ellers tror jeg ikke alle voksne har godt av å lese om slike fæle ting som du ramser opp.
By: Lindkvist on november 26, 2007
at 11:31 am
Det er sant. Begge deler.
By: Avil on november 26, 2007
at 12:11 pm
Snøen lyser virkelig opp, ja. Da vi ankom hytta på fredag kveld var det nysnø og måneskinn. Det var fint, det!
Jeg misunner deg som har peis hjemme, forresten.
By: Lin on november 26, 2007
at 1:01 pm
Der var den igjen, ja. Hjernekaken. Jeg trenger et meme, for jeg tør ikke blogge selv. Når skal du meme, Avil?
By: Mona on november 26, 2007
at 6:14 pm
Hm. La meg tenke litt.
By: Avil on november 26, 2007
at 6:26 pm
Bare tenk. Jeg har ikke annet å foreta enn å vente.
By: Mona on november 26, 2007
at 6:42 pm
Jeg har pakket inn 72 gaver og hengt opp kalender. Det hadde passet fint inn om jeg var pent nødt til å skryte.
By: Mona on november 26, 2007
at 6:42 pm
Aha! Eg utfordrer deg! Du er pokka nødt til å skryte av kor forbaska husmoderleg og moderleg du er.
By: Avil on november 26, 2007
at 6:52 pm
[...] November 07 by Mona Utfordret igjen. [...]
By: Disse memene « Bamboosa on november 26, 2007
at 8:26 pm
Sukk!
By: Mona on november 26, 2007
at 8:30 pm