Vinterljos

Oppe i nord er det mørkt no, med blåtimar midt på dagen. Me vestlendingar har stort sett sommar heile året (12 grader og regn uansett årstid). Den danske ektefellen min sukka seg gjennom den første vinteren her, han hadde aldri trudd det skulle vere så mørkt. Regnvåt asfalt og furuskog sluker alt lys.

Derfor er det slik ei sitrande lukke når det kjem snø. For lyset kjem attende!

Eg dokumenterer fenomenet med mitt fantastiske webcam (for dei som måtte ha blå bollekake friskt i minne: kameraet er verkeleg dårleg, - det biletet som prydar siden min øverst her er tatt med mobilen, men eg veit ikkje kor den dingsen er som overfører bileta frå mobil til pc, og no innser eg at det er meir tekst inni parentesane enn utanfor og det er strengt tatt berre teit).

bilde-284.jpgbilde-286.jpg

bilde-288.jpgbilde-289.jpg

No fyrer eg i peisen, har kokt kaffi, og skrivedagen skal starte.
Som dotter mi sa då eg fulgte ho til skulen i dag: Du har liksom helg kvar dag du, mamma!

Og jammen har eg det.

15 Responses til “Vinterljos”


  1. 1 Avil november 26, 2007 at 8:36 am

    Eg syns faktisk kameraet har klart å fange eit svakt rosa skjær. Utruleg. Sidan sola nett er stått opp bak rosa og gullkanta skyer.
    Kanskje kaka mi faktisk var blå?

  2. 2 kvitveis november 26, 2007 at 8:46 am

    Eg ser heilt klart det rosa, og eg såg heilt tydeleg det blå i bollekaka. Du har eit unikt kamera som fangar dei vakraste detaljar :)

  3. 3 Avil november 26, 2007 at 9:00 am

    Eg burde kunne livnære meg som profesjonell fotograf med det der.

  4. 4 Lindkvist november 26, 2007 at 11:13 am

    Skrivedagen? Hva skriver du på? Kanskje alle faste lesere vet det, men jeg har vært ute av bloggverden en stund…

  5. 5 Avil november 26, 2007 at 11:19 am

    Eg skriv fantasyroman, eg. På nynorsk. For vaksne. Eller i alle fall dei som er vaksne nok til å tåle at folk er folk og drikk og valdtar og myrder og slikt.

    Og eg burde nok vere aldeles ute av blåggeverda eg, og. Sjølvdisiplin og rastløyse er ikkje bestevener.

  6. 6 Lindkvist november 26, 2007 at 11:31 am

    Jøss. Det er vel ikke så mange fantasy-romaner på nynorsk.

    Ellers tror jeg ikke alle voksne har godt av å lese om slike fæle ting som du ramser opp.

  7. 7 Avil november 26, 2007 at 12:11 pm

    Det er sant. Begge deler.

  8. 8 Lin november 26, 2007 at 1:01 pm

    Snøen lyser virkelig opp, ja. Da vi ankom hytta på fredag kveld var det nysnø og måneskinn. Det var fint, det!

    Jeg misunner deg som har peis hjemme, forresten.

  9. 9 Mona november 26, 2007 at 6:14 pm

    Der var den igjen, ja. Hjernekaken. Jeg trenger et meme, for jeg tør ikke blogge selv. Når skal du meme, Avil?

  10. 10 Avil november 26, 2007 at 6:26 pm

    Hm. La meg tenke litt.

  11. 11 Mona november 26, 2007 at 6:42 pm

    Bare tenk. Jeg har ikke annet å foreta enn å vente.

  12. 12 Mona november 26, 2007 at 6:42 pm

    Jeg har pakket inn 72 gaver og hengt opp kalender. Det hadde passet fint inn om jeg var pent nødt til å skryte.

  13. 13 Avil november 26, 2007 at 6:52 pm

    Aha! Eg utfordrer deg! Du er pokka nødt til å skryte av kor forbaska husmoderleg og moderleg du er.

  14. 14 Mona november 26, 2007 at 8:30 pm

    Sukk! :-)

  1. 1 Disse memene « Bamboosa Trackbacknovember 26, 2007 at 8:26 pm

Skriv et svar




Blåggsørvis for kresne

Lei av å surfe gjennom eit ørkeslaust internett? Sjekk ut nye Sonitus. Og her er ein ambisiøs borgarblågg: Les iNorden

Opphavsrett

Eg likar å dele. Eg likar ting som er gratis. Dette er ein fri Wordpress-blågg, og boka mi skriv eg på Open Office. Det er kjekt om du lenker til blåggen min. Det er kjekt om du siterer meg. Det er kjekt om du legg ut delar av tekstane her og legg til eigne refleksjonar, på din eigen blågg. Men sjølv om du ikkje finn små c-ar i sirklar her, så kan du ikkje gje ut tekstane mine utan å spørre meg, utgje dei for dine eigne eller tene pengar på dei. Ha ein god og fri open-kilde-dag.

Sjefen sjølv

bilde-198.jpg

Dykk i arkivet

Eit forsøk på å delta i blåggeverda

Kategorisengsforsøk

Heia Brann

Blod er tjukkare enn vatn.

Blog Stats

  • 88,544 hits