Rett tilbake i trynet på deg!

Ein kristen sekt med pengar på bok fekk kasta ut pøbelyngel, autonome og kreative ungdommar, og sørga for å rive den legendariske Ungeren i Køben. Men no får dei ikkje solgt tomta.
“Konservative” politikarar og pengesterke aktørar samarbeider i Danmark om å rasere rufsete ungdomsmiljø og frie soner, slik folk med pengar og formell makt kan gjere det.

Men politisk makt og kapitalmakt er ikkje den einaste makta i gata. Det hjelper lite å ha fin dress og feit konto når du ikkje tør gå ut om kvelden.

Dette er ein lærdom me kan ha nytte av å generalisere. Å kneble alt annleis, umoralsk, sprelsk og fritt, for å strigle og einspore, får følger. Å gje dei som er annleis eit uniformert kne i eine øyra, og asfalt i det andre, får dei kanskje til å lytte. Men dei høyrer ikkje det makta vil dei skal høyre.
Den nye trusselen er innvandrervalden og -valdtektene i gatene våre, for den jamne borgar kanskje meir skremmande enn blitzarar og autonome. Men lærdommen då?

Har me lært noko her i Norden, om at velferd og reglar ikkje er nok for alle?
At dei som er lause i snippen og urolege i beina treng noko anna enn låge prisar på kjøttdeig og korte sjukehuskøar?
Det kan vere så trongt her. Og kaldt. Og keisamt.

La dei røyne seg ut på eigne prosjekt, la dei male kunstverk på fasadane våre, bygge seg rønner i parkane, røyke hasjen sin, spele didgeridoo, ha ungdomsklubbar og arrangere konsertar. La dei få bruke kruttet sitt på noko betre og meir enn å temmast, trygdast og attførast.

Barnemakta forsvinn aldri. Tru ikkje det, såkalla konservative, forstokka gamlingar i alle aldre. Gatemakta vert ikkje forvalta på Stortinget. Men de kan føkke det opp for oss, med å tru at alt kan straumlinjeformast.

10 Responses til “Rett tilbake i trynet på deg!”


  1. 1 virrvarr desember 6, 2007 at 2:30 am

    Fullstendig digresjon- men nå har du fått tegneserie. Tada.

    (Leve Blitz)

  2. 2 impen desember 6, 2007 at 9:08 am

    Jeg blir så oppgitt inni meg når voksne mennesker jeg ser hver eneste dag ikke tør å se meg inn i øynene for å møte hilsenen min. Det er jammen ikke rart at jeg ønsker meg tilbake til en mer åpen verden. *avsporer sånn passelig*

  3. 3 Avil desember 6, 2007 at 9:54 am

    Dette var to nydeleg avspora kommentarar. *rørt*

  4. 4 Goodwill desember 6, 2007 at 11:30 am

    Hårfin balansegang dette her. Samfunnet må ha sine kjkøreregler for hva som er ok og hva som ikke er ok. Samtidig er ungdommen og den radikale kraften en ressurs som vi ikke har råd til å miste.

  5. 5 Avil desember 6, 2007 at 11:33 am

    Enig, Goodwill. Og ikkje all ungdomskriminalitet kan seiast å løysast med okkuperte hus, radiOrakel og kunst. Noko er slett oppdragelse og rusa foreldre.
    Men me kan ikkje organisere bort livet.

  6. 6 bandanders desember 6, 2007 at 12:29 pm

    No fekk du meg totalt av sporet att. Eg hadde nok av andre eg skulle ha gjort dag, men no altså……
    Trur eg må må skrive noko ”heime”, kan hende dette vert for langt.

    Det var det, men no gjekk heile lunsjpausen min (og vel så det) og eg har ikkje fått meg kaffi endå.

  7. 7 Avil desember 6, 2007 at 12:33 pm

    Eg er så nøgd når du blir engasjert, bandanders, sjølv om du ikkje nødvendigvis er enig. ;)

  8. 8 mathilde33 desember 6, 2007 at 12:46 pm

    Vår rikdom burde ha rom for alle. Hurra for kreativiteten og annerledesheten, og hurra for et fint innlegg.

  9. 9 bandanders desember 6, 2007 at 1:50 pm

    No er eg på sporet att. Ser du ? Eg får med meg alle orda og eg greier endåtil å stokke dei rett.

  10. 10 Avil desember 6, 2007 at 2:02 pm

    Håper du har fått kaffi, no.

    mathilde: Hurra!

Skriv et svar




Blåggsørvis for kresne

Lei av å surfe gjennom eit ørkeslaust internett? Sjekk ut nye Sonitus. Og her er ein ambisiøs borgarblågg: Les iNorden

Opphavsrett

Eg likar å dele. Eg likar ting som er gratis. Dette er ein fri Wordpress-blågg, og boka mi skriv eg på Open Office. Det er kjekt om du lenker til blåggen min. Det er kjekt om du siterer meg. Det er kjekt om du legg ut delar av tekstane her og legg til eigne refleksjonar, på din eigen blågg. Men sjølv om du ikkje finn små c-ar i sirklar her, så kan du ikkje gje ut tekstane mine utan å spørre meg, utgje dei for dine eigne eller tene pengar på dei. Ha ein god og fri open-kilde-dag.

Sjefen sjølv

bilde-198.jpg

Dykk i arkivet

Eit forsøk på å delta i blåggeverda

Kategorisengsforsøk

Heia Brann

Blod er tjukkare enn vatn.

Blog Stats

  • 86,022 hits