Posted by: Avil | desember 25, 2007

Varme føter og nybakte boller

Eg har fått sånne fantastiske antisklisokkar som barnehageungar brukar. Dei er til alt overmål pynta med broderte blomar. Eg kjenner at det gjer meg heilt lukkeleg.

Dessutan har eg fått ei diger Wedgwood bakebolle. Ikkje slik i tjukk keramikk som eg framleis angrar på at eg ikkje kjøpte då me budde i Danmark, men den er stor nok til å bake hundre boller. No kan Bård Ylvisåker berre komme. Eg har saft og.


Svar

  1. Gratulerer med ditt nye antiskliliv, Avil. Anti-skliliv, antiskli-liv, antiskliliv.

  2. Takk som byr. Antisokkeskliliv.

  3. Kan Vegard og eg få kome og ete boller også? *love å vere snill*

  4. Sjølvsagt. Er det nokon det er plass til, må det vel vere deg og Vegard.
    *henter fleire krus*

  5. Åh, du er snill, Avil!

  6. EG har ullsokkar du kan låne også, veldig fine og nye, om dei ikkje akkurat har broderte blomar på. Og her er pledd til deg og Vegard.
    Kjekt de kom!

  7. Låne Avil sine ullsokkar og pledd! *lukkeleg*

  8. Meir te?

  9. Sjølvsagt, Avil!

  10. *kose seg ein bunk*

  11. Eg og har fått ullsokkar med antiskli og broderi. Lukke! :) Men bolleform har folk heldigvis vet til å ikkje gje meg. God romjul.

  12. Men no kjenner eg at eg må ha litt åleinetid frå Vegard. Dessutan er Vegard litt sur fordi eg øydelegg ryktet hans seier han.

    Eg takkar for bollane og teen og takker for meg for i kveld, for no er det på tide å få seg ein blund.

    God natt, Avil!

    (Kan eg behalde ullsokkane?)

  13. Berre ta ullsokkane, du, eg har fleire.
    Takk for i går!

  14. Jeg liker boller. *bluss*

  15. Kven gjer ikkje det!

  16. Jeg stusset så rart, tenk å få artisjokker til jul. Og så leste jeg igjen og tenkte aha! så rart var det jo ikke. Men det er det jo egentlig. Å få antisklisokker når man er så gam ehh stor som du er blitt, er jammen meg like underlig som å få en artisjokk.

  17. Men fine er dei. *truar med bilete*


Legg igjen et svar

Your response:

Kategorier