Blåggen virkar heilt framand no, berre etter ei lita veke utan oppdatering. Merkeleg.
Eg har vore på fjellet. Hovden. Stått på slalåm sakte, sakte, med ustø småungar mellom beina både opp skiheisen og ned bakken.
Køyrd i 11 timar for å komme heim, sidan det vart snøstorm og greier.
Og så har me rydda ut jula. I dag er trettende dag jul, så då fyk juletreet ut, og vert klypt i småstykker som vernar om stauder og spirande lauk i kommande frostver. All pynt som var så fin for tre veker sidan ser brått ut som glorete drit i raudt, kvitt og messing. Bort med det. Pakke inn kvar ting i nisseserviettar og silkepapir og vips i kassane sine. Der det står “Jul” på. Inn på kottet sitt. Eg kjenner meg så vaksen og organisert.
Stova er så rein og fin no, utan alt det vulgære juleskrammelet. Lysestakar av glas og tulipanar i vase. Julegåvene har fått korger og esker rundt seg, og ulltøyet etter fjellturen er vaska. Kosmos. No kan det nye året berre komme.
Om to bittesmå veker skal eg på fortellarseminar med Henrik Langeland. Mor mi fekk Francis Meyers lidenskap til jul og lovprisar boka og fyren. Ho og halve Noreg.
I dag var eg og mamma på kino og såg Saman er ein mindre aleine. Undertekstane var på bokmål, og det var aldeles merkeleg. Men castinga var fantastisk, det kjentes heilt riktig, alt saman. Eg grein den høghalsa raude genseren min heilt våt på armane, eg hadde gløymt kor mykje eg grein då eg las boka, og hadde ikkje kleenex med.
I morgon skal ungane på skule og i barnehage. huset for meg sjølv og skrivedag, heilt på ordentleg, heile dagen, for første gong sidan denne lange, lange juleferien starta.
Trettende dag jul går ungane julebukk her. Ikkje med geitebukk i band eller utkledd som små, gamle koner, og ikkje får dei julekaker i posane sine. Men fleire tusen år ubrote tradisjon er det likevel. Ut med jula, og julebukkane går rundt og får godt i veskene sine. Jentungen var verdas finaste heks med lang, oransje parykk, svart kjole og oransje handveske. Guttungen fekk Jack Sparrow-kostyme til jul, og vart sminka mørk rundt augene og utstyrt med kaptein Sabeltann-kårde og muskedunder. Og handveske. Noko skal ein ha snopet sitt i. Den vesle heksa sang “bæ bæ lille lam satt på restaurant, kunne ikke spise, bare sitte og fise, bæ bæ lille lam satt på restaurant” mens Jack Sparrow skaut på publikum med muskedunder og fniste. Kosteleg underhaldning, veskene fulle av snop.
Eg har sjela full av Audrey Tautou og kroppen krev raudvin og røyk.
Det nye året er i gang.
Dette har jeg gledet meg til.
Fnis.
Eg driv og forfattar ein post som skal slakte NRK Super, men eg bør orke å sjå meir av den elendige drittkanalen for å dokumentere. Noko eg ikkje orkar. verkeleg. Dersom lesarane kan bidra er eg utruleg takknemleg.
Åh, jeg har drevet med en post som slakter Barnas Superjul, jeg. Nå er det liksom for sent. Du vet, det går ikke når jeg bruker huet. Jeg kan ikke bidra, men jeg kan godt boikotte.
Barnas Superjul er samme møkka. NRK er i komplett forfall.
Eg og du burde i grunnen bruke huene våre mest når det er kaldt.
Det er veldig trist. Slik du legger det frem, blir jeg nesten litt glad likevel. Tenke når det er kaldt. Fritatt fra tenking under dyna. Det er trist med fine NRK som skulle vært forbeholdt Nytt på nytt, Odd-Bjørn, tykke og krøllete værmeldere, språkprogrammer, Kalle, Molo, Shawn, Trond-Viggo og en og annen nisse som bor mellom fjellene der man i alle fall ikke skulle tro det kunne bo noen.
Eg syns ikkje dei fortener lisenspengane om dei skal drive på slik.
Hadde vi vært amerikanske ville vi sagt GNÅ til hverandre, sånn rent akronymsk altså, nå når det nye året starter …
GNÅ!
Hoho, eg er så glad for at me ikkje er amerikanske.
Godt! Nytt! År! Tomas!
Åh. Har du fått sett den filmen, du. Her i byen sluttet den dagen før jeg hadde lest boka ferdig. Sukk!
Det er nesten rarare å kome tilbake i bloggen etter ei lita pause, enn å vere ny bloggar. Eg veit ikkje heilt kvifor.
laura: Du kan trygt sjå filmen. Det var litt som å “møte dei på ordentleg”.
minneapolise: Jah. Veldig rart. Og då er det kanskje greiast å bable litt. Bable det bort.
Det er lov å bable litt etter ein periode med seriøs blogging, men eg føler eg burde vere ferdig med det no. Trur ikkje det blir betre av fyllekommentarbabling, som no, men ein veit aldri.
Haha, du er veldig samla og fin som full. Blir du alltid nynorsk i fylla?
Ikkje alltid, berre når eg har søkt jobb (ikkje i fylla) i heimekommuna, og funne ut at det kanskje er lurt å prøve seg litt på nynorsk igjen.
Du klarar det i alle fall glimrande i fylla, så då går det kan hende bra når du er edru og. Sov godt, Minnea!
Eg merkar meg at Mona har førd opp Kalle og Molo som kvalitetsprogram. Merkar meg og gøymer på i hjartet mitt.
Eg overser det, sidan eg ikkje likar å vere uenig med dykk.
Er nynorsk et fyllespråk?
Spørsmålet MÅ stilles! Fjernsynets Brennpunkt-redaksjon tar saka! Vi går inn til kjernen: er nynorsk bedre egnet til sannheter enn andre språk? Engelsk, bokmålsk, riksmålsk? Er det egentlig mulig å si noe meningsfullt uten å være full?
Vi tar saken, ordet, kampen! (med et glass attpå)
(knis)
*glede seg*
“glorete drit i raudt, kvitt og messing”
Slik er det kvart år. Slår visst aldri feil.
Difor falt eg ikkje for freistinga til å kjøpe sølvkjole før jul.
FØR jul er jo sølvkjole heilt smashing. Det er no den er klar for bosset.
Da jeg så “Saman er ein mindre aleine” i høst var det bare så utrolig feil å nettopp ha sluttet å røyke. Det jeg ville mest av alt var å krølle meg sammen et sted med myke ting og høre på litt alvorlig-fin musikk som Joni Mitchell mens jeg røkte den ene sigaretten etter den andre og drakk litt vin.
Sånn ble det engang ikke og jeg gikk hjem og drakk saft og la meg i sengen uten å røyke først.
Jeg har ikke lest boken enda. Den står og lokker på meg i hyllene hos bokhandelen. Men foreløpig har jeg en spinkel Tautou inne i hodet mitt hver gang jeg tenker på den historien så det kan hende jeg venter enda litt med å lese boken.
Det nye året har startet tøft for meg. Takk til Stieg Larsson for det, som har tatt fra meg nattesøvnen. “Jenta som lekte med ilden” er av det slaget som man ikke legger fra seg før man er absolutt nødt…
Delirium: Du kan trygt lese boka, trur eg. den vil ikkje ta frå deg Tautou. Du blir berre betre kjent med henne.
Goodwill: Åh, då skal eg aldri lese den.