Eg får så vondt av blåggen. Så no skal eg berre ause ut med litt tomsnakk.
Eg såg nettopp ein fyr på tv. Han og nokre kompisar syns dei som dreiv velukka musikkarrangement var jævleg kommerse og berre seifa og ikkje gøtsa. Dessutan hadde kjedelege rockeband klippekort og så hadde dei nokre skinnarrangement innimellom. Han smilte, men var veldig sint inni seg sikkert. Eg er ganske sikker på han var ein trist anarkist.
Eg har kjent nokre sånne. Eg har faktisk vore kjærast med fleire. Dei kan grusomt mykje om band ingen kjenner, og alle som ikkje kjenner til den samme musikken er urteite, men dersom andre oppdagar desse banda, sluttar dei jo å vere kule og då teller det ikkje. Slike triste anarkistar veit at alle makthavarar er korrumperte, og det gjeld alt frå sosionomane på sosialkontoret til kommunepolitkarar og sjefar i næringslivet og dei som sit på tinget. Korrumperte av eiga makt, og derfor burde me ha anarki.
Triste anarkistar meiner alle bør dele alt etter behov og øltørst og ikkje vere så jævla opptatt av eigedomsrett og slikt. Derfor ahr eg stort sett forsørga dei så lenge eg har vore kjærast med dei. For eitkvart overskot i økonomien må fluksens delast med tiggarar og kompisar på byen og alle som ellers er verdig trengande ikkjekapitalistiske ikkjesvin.
Arbeid er for folk som er så jævla føkka i hovudet at dei held ut systemet, og det er fordummande og heilt på trynet med kontorjobbar og er du klar over at ein kan lide av hjernedød om ein må gjere slikt som andre seier heile dagen frå åtte til fire? Eller ni til fem, som triste anarkistar gjerne seier, sidan dei har lite reell arbeidserfaring og har høyrt Dolly Parton. Ho var nemleg kul før folk begynte å akseptere køntri. Altså etter ho var kjent og mykje spelt på radio første gongen og før ho blei det igjen. Du veit. Derfor må triste anarkistar gjerne røyke hasj på dass på kontorjobben sin eller ikkje komme mandag, torsdag og fredag grunna fyllesjuke. Ikkje fordi dei eigentleg drikk eller dopar seg.
Nei er du gal. Dei berre er så superintelligente at dei må vere fulle for å orke vanlege folk. Sjølvmedisinering for hyperintelligente. Det er verkeleg ikkje til å halde ut å vere med sånne gjennomsnittlege ultrakjipe streitingar som syns det er greit å gå med jakke frå Ellos.
Ja, ikkje fordi triste anarkistar bryr seg om mote.
Dei bryr seg om sin heilt eigen individuelle stil, slik som dei fem andre aksepterte i inngruppa si, som er så spesifikk at den nesten ikkje fins. Men den fins. Er du gal. Dei fins i alle fall platonisk sidan alle dei som ikkje høyrer heime der er så lette å gjenkjenne.
Dei er gubbar og kjerringar og kommerse og idiotar heile gjengen.
Ikkje fordi dette er noko nytt.
Alle kjenner slike triste anarkistar. Dei er blitt folkemoro no, med Nemi og slikt. Alle har sett desse triste anarkistane på gata og lurt litt på om dei var slemme kriminelle og narkomane eller berre arbeidssky satanistar. No veit alle at dei er triste anarkistar.
Og kan fnise litt over kor begredeleg misnøgde dei ser ut der dei lutande og tynne stakar seg gjennom folkemengda, litt utpå ettermiddagen, på veg mot ny bomma fyll som kjem til å koste ein liten promille av studielånet til ei eller anna naiv, hennafarga berte med dragetatovering på skuldera.
Han fyren på tv var så opptatt av integritet.
Derfor avslutta intervjuet kanskje litt ekstra begredeleg for han. Litt ekstra trist, faktisk.
Journalist: Du har sagt at [masse piss]
Trist anarkist: Det har eg ikkje sagt.
Journalist: Du sa det i stad.
Trist anarkist: Jammen, då filma du ikkje.
Nett no sit nok den triste anarkisten på ein bar og gremmes over kor utruleg teit han journalisten var og dei andre som var med og fy faen for eit opplegg.
Og du kan gå forbi og humre litt og tenke at han jammen meg tek seg sjølv høgtideleg og kanskje skjemst han litt over å vere så teit og.
Og han kan tenke det samme om deg, og tenk så vakker verda er når inni er me like.
Joda. Kjenner flere varianter innenfor beskrivelsen her. I mange år lurte jeg på hvorfor det var sånn at det var jeg som måtte forsvare og argumentere det at jeg valgte en relativt veletablert tilværelse. Nå gidder jeg ikke det lenger. Både de og jeg får faktisk godta at vi er forskjellige…og kanskje litt like inni?
Det var først i voksen alder jeg fant ut hvem som var de ordentlige “streberne”.
Awww. Her måtte jeg klippe og limelitt av teksten din til folk jeg kjenner, det var så mye tatt på kornet her.
Jeg var på Blitz i går og spiste billig veggismat, og spiste blid og fornøyd sammen med de triste anarkistene. Nå hører det med til historien at jeg er barn av et par sånne- Bakunin-anarkister som ikke vil gå til legen fordi The Establishment Is WRONG.
Det er ikke så greit å være anarkist. Min erfaring er at når de er mot organisering, men likevel vil endre ting, blir det ganske lite fart på organsasjoner der de skal hjelpe til. Sånn sett blir de mest i veien og demonstrasjonsfyll som plutselig dukker opp, plutselig kaster stein og plutselig går igjen…
Hehe, Glad du fekk vondt av blåggen din
Det einaste som er tristare enn triste anarkistar er triste kapitalistar.
Ups. Der skreiv eg nynorsk og…
bm
Eg har i alle fall møtt ein god del Foruretta kapitalistar.
Det er liksom ikkje måte på kor mykje staten er ute etter dei, og hadde folk i staten visst sitt eiga beste skulle dei ikkje kvalt alt initiativ i næringslivet, sidan det trass alt er i næringslivet all verdiskapinga skjer og det er dei dingsane dei lagar og selger til utlandet som held liv i heile dette jævla landet, og under slike forhold er det ikkje rart at alle små entrepenørar går dukken og alle store flytter ut, og om ein ikkje skal ha noko igjen for alt slitet kan ein heilt miste motet.
Det er en del mennesker som kunne trengt en tur på landet. Eller ut i skauen. Det er bare å komme, og få trukket litt frisk luft ned i lungene*, slappet av litt. Sett at det er ikke så farlig. Sette seg ned på stubben ved utkikksplassen, finne frem keffen og tenke at i det hele så er det ikke så gale.
*Ta det med ro. det er ennå noen måndeder til våronn og go’ lukta med gjødselspredning. Men ikke tramp ut på jordene midt i teleløsningen!
Dei spreier møkk allereie her vest, KEE.
KKE: Det er jaggu endel folk som burde ta seg en tur til byen også. Rusle litt på asfalt og sett folk som ikke er akkurat som dem selv.
*hvine av begeistret latter*
Suz: Synes de skulle snakka med dem óg, jeg. Ikke bare stirret.
Og så er det snart utepilstid!
Kanskje jeg er en av de raringene folk fra landet ser på i byen? Hm. Det har jeg aldri tenkt på.
Litt skuffande når ein oppdagar at alle desse urbane chicsa er studentar frå landet.
Gjenkjennbart! Morsom lesning, selv om teksten er ulidelig prega av stemmene til de triste anarkistene, på en måte
Eg ler meg fillete! Utruleg god og treffande skildring av dei triste anarkistane me alle kjenner, og temmeleg fin den om dei foruretta kapitalistane òg, sjølv om eg kjenner dei mest frå teve.
hmm, det kan late til at jeg er en blid anarkist. Snill og hatefull.
Snill og hatefull høyrest veldig fint ut. :betatt:
Sant å seie, så får eg meir og meir sansen for dei anonyme kvardagsanarkistane, dei som torer å stole på eiga dømmekraft i ei tid der vi i stor grad let trendsetjarar, verkemiddelradikalarar, akademiske moteretningar og EU-direktiv styre retninga på liva våre. Antal piercingar, storleiken på tatovert areal og grad av sjølvdestruktiv eller utsvevande livsførsle har i allefall i mine auge fått redusert verdien sin som symbol på motstand mot autoritetar.
*rørt*
Eg har verkeleg dei beste lesarane.
I USA finnes det ingen triste anarkister. Ingen anarkister i det hele tatt, faktisk. Slikt er jo ulovlig her.
Hehe
Du tar det så utrolig på kornet, deilig å lese!!!
På videregående var det en trist anarkist som så gjerne ville være vennen min. Han ville vi skulle stå for oss selv i skolegården og røyke (ja, det var lov den gangen. Er det det fortsatt?) mens han leste egenskrevne dikt for meg. Jeg skulle nikke og være alvorlig og stille kloke spørsmål. Han likte ingen andre. Iallefall hadde han noe å utsette på alle mine venner. De hadde enten for dyre jakker, eller så hadde de ikke dyre jakker bare for å late som de var noe annet enn det de var. Sa han. Jeg holdt ut en liten stund. Mye på grunn av de mørke krøllene hans og de fantastisk vakre øynene.
Jeg skulle ønske jeg husket hva han het. Da kunne jeg ha googlet ham.
Hadde det vore meg, så hadde eg blitt sambuar med han, Suz.
Jeg har nok litt for godt humør til at det ville funket i lengden.
Eg var veldig mot. Bortsett frå EF då, som eg var veldig for. Det krangla eg grusomt med alle dei politiske venene mine om. Eg reiste på Europaseminar då alle andre reiste for å stå på slalåm i vinterferien i tredje gym. Slalåm. Heilt ærleg. Eg røykte og var mot. Jævleg mot.
No har eg sett Mannen som elsket Yngve og det der var jo meg. Eg var Jarle Klepp. Eg sang ikkje i band då. Eg var lokallagsleiar og sat i styrer og slikt. For miljøvern, for legalisering, for EF, mot det meste anna.
Ustyrtelig morsomt! Veldig, veldig gøy å lese :D. Hehehehehe!
Kjekt du likte det, bibi!