Litt sånn lei

Det er kjekt å skrive bok. Men det er ikkje kjekt å berre skrive bok. Eg har skaffa meg eit sosialt likviditetsproblem som heiter økonomisk avhengighet. Forsørgaren er travelt opptatt på dagtid og kveldstid. Eg skriv. Eller ikkje skriv. Alt ettersom. Men eg sit no her. Og så er eg småbarnsmor frå henting til legging. Etterpå sit eg her igjen. Forsørgaren går på jobb igjen. Det er ikkje så gøy. Eg saknar ikkje jobb, men eg er begynt å sakne folk.

Boka skal bli ferdig og då får eg leve utan folk litt til.

Og så har eg snakka med fagforeninga i dag. Om å ikkje jobbe, og betale mindre i medlemsavgift. Det var ein rar samtale. For eg må bevise at eg ikkje har nokon inntekt. Men dei veit ikkje korleis eg skal bevise det. Eg kan drasse fram bankkontoen min. Men sidan eg har to usle bankkontoar eg ikkje har brukt på fleire år, virkar det som eit temmeleg dårleg bevis. Eg meiner, eg kunne jo ha vist dei manglande inn-og-ut-action i Fokus bank både i fjor og året før. Sjølv om pengane strøyma både inn og ut av kontoen i Sparebanken. Så korleis beviser eg at eg ikkje har inntekt?
Det måtte dei tenke på. Dei skulle ringe tilbake med klart svar straks og fluksens. Det er nokre timar sidan.

Eg er litt i midtromankrise, trur eg. Første del er snart i boks, redaktøren er glad og eg har gjort jobben min. No skal eg skrive resten.

Eg får fantasiar om å bu i kollektiv, om å reise bort og gøyme meg i sommarhuset i ein månad utan å sjå verken folk eller familie. Eg vil ha folk på besøk, men alle er så slitne i kvardagane sine. Og eg er mest sliten av å glo inn i denne skjermen.

Eg er litt sånn lei. Puff. Ut med det. Bort med det dumme. Fram med ein kopp te og ei skive heimebakt brød. Danse litt på stovegolvet. Skrive meir. Slutt med dette tullet.
Skriv, kvinne. Du har stelt deg temmeleg dumt om du ikkje skriv no. Verkeleg.

*sjølvoppkjefting*

17 Responses til “Litt sånn lei”


  1. 1 Nicolas februar 25, 2008 at 1:40 pm

    Du lever liksom drømmen da, som alle/de fleste har (og kanskje spesielt bloggere), om å skrive Bok. Og så er bare virkeligheten litt kjipere enn dagdrømmene. Men det er fint å lese her, for da får man (kanskje?) et mer realistisk bilde av det å skrive bok. Før man eventuelt vurderer å forsøke selv :)

  2. 2 Avil februar 25, 2008 at 1:42 pm

    Det er fint at min kvardag kan vere med på å knuse nokre draumar. :rørt:

  3. 3 Artinreality februar 25, 2008 at 2:26 pm

    Hold ut! Jeg har en venninne som alltid sier så fint, synes jeg da: “Dette kommer også også til å være til det beste.” ideen om at enhver ting, selv det som kan være tungt og vanskelig og ensomt, kan være til det beste er en besnærende ide, spesielt i og med at når det nå er slik, så er jo det beste man kan gjøre er å velge å gå videre med å være den erfaringen rikere. Det er ensomt å sitte alene hjemme og skulle jobbe på en slik måte, og selc følte jeg ofte at det av og til var for mye. Men det var også til det beste. Det gikk over, jeg kom inn i en annen rytme, eller en tanke i meg slo rot etc… Hold ut!

  4. 4 Avil februar 25, 2008 at 3:20 pm

    Takk!

  5. 5 Lindamac februar 25, 2008 at 4:19 pm

    Du tror ikke det hadde hjulpet med en tur til Oslo?

  6. 6 Portvin februar 25, 2008 at 5:19 pm

    Eg er no ikkje verre sliten enn at eg kan stikke innom ein tur så du får sjå litt folk, torsdag kanskje, sidan eg ikkje jobbar før seint den dagen.

  7. 7 Undre februar 25, 2008 at 5:28 pm

    Men tenk da, Avil! Når bokbarnet er født og glinser fint og fjongt i permen og alle sier “Awwww!” og vil se og lukte på og beundre! Hold fast på den følelsen.

    Jeg har stor entusiasme og beundring for de som greier å skrive mer enn fire sider sammenhengende. Og vi som leser bloggen din vet at du har et fortellertalent som de fleste av oss andre bare kan grine etter, så dette kommer til å gå bra!

    *sende nybakte boller og kakao og et bilde av Bård Ylvisåker*

  8. 8 Avil februar 25, 2008 at 6:19 pm

    Lindamac: Forsørgaren er kan hende ikkje like enig?

    Portvin: Høyrest hyggeleg ut med ein kopp kaffe ein dag!

    Undre: *tar takknemleg i mot gode ord og boller og Bård*

  9. 9 lises februar 25, 2008 at 11:38 pm

    Det er vel litt sånn unntakstilstand nå, livet er ikke helt normalt (les: slik som et har pleid å være) og det gjør det hele litt rart. Om ikke så altfor lenge går salget av den første romanen din godt, og uromomentene får hvile. Og det beste av alt: Snart kjenner jeg en kjendis..!

  10. 10 Victoria februar 26, 2008 at 7:30 am

    Ville bare si at jeg håper denne følelsen av å være litt lei går over snart eller at den i alle fall ikke sliter deg ut, for som Undre sier: fortellertalentet ditt er massivt, og du er så flink, og boka blir så bra. Helt sikkert!
    Men, selvsagt veldig nyttig å høre om de erfaringene dine, for mange bloggere har nok denne drømmen om egentlig å skrive bok, og så er det liksom ikke bare fryd og gammen og stuegulvdans mens man er i selve skriveprosessen.

    Men, lykke til :-) Jeg er sikker på at du klarer dette!!

  11. 11 Avil februar 26, 2008 at 7:45 am

    lise: Eg blir nok A-kjendis, skal du sjå. Kvar gong eg skal besøke deg, ringer eg til Se og Hør og spør om dei vil sponse turen. Og så kan me vaske oss på hendene saman, mens me drikk champagne (sidan du ikkje har boblebad) og bli framstilt som komplett tomskalla og vulgære. Det blir så fint. *rørt*

    Victoria: Takk for skryt og støtte! Heldigvis er det jo ein del fryd og gammen og stovedans også. :)

  12. 12 Tomas februar 26, 2008 at 8:26 am

    God sjøloppkjefting det der, Avil. Håper det hjelper.

    Sjøl unngår jeg kjefting, og sitter her foran skjermen og er tålmodig med meg selv. Har skrevet så lenge og så mange ganger på den samme romanen nå, at kjefting ikke har noe for seg. Forteller heller meg selv, gang på gang, at dette har jeg lyst til, at boka blir bedre hele tida, og at det starter et nytt liv når jeg er ferdig. Jeg tror faktisk at alt det stemmer. :)

  13. 13 Avil februar 26, 2008 at 9:03 am

    Tomas: Svaret til deg blei så langt at det blei eigen post. Det rullar og går. :)

  14. 14 Tomas februar 26, 2008 at 11:01 am

    Hø-hø! Fru Langdrag legger inn høygiret?

  15. 15 Avil februar 26, 2008 at 11:04 am

    Hald grisepraten for Dem selv.

  16. 16 Tomas februar 26, 2008 at 11:07 am

    Så du griser til fortellinga, og blir sittende i dynnet, med dramaet som ei løkke rundt halsen? Trist!

  17. 17 Avil februar 26, 2008 at 11:11 am

    Oi, du har jammen eit rikt indre liv, Tomas!
    Nei, eg er alltid i tredje eller femte gir. Litt dirty bykøyring, eller avgarde på tur mellom fjordar og fjell.
    Det grisete dramaet er ikkje mi greie. Sjølv om eg kan kokettere med det i sjølvmedlidande augneblikk.

Skriv et svar




Blåggsørvis for kresne

Lei av å surfe gjennom eit ørkeslaust internett? Sjekk ut nye Sonitus. Og her er ein ambisiøs borgarblågg: Les iNorden

Opphavsrett

Eg likar å dele. Eg likar ting som er gratis. Dette er ein fri Wordpress-blågg, og boka mi skriv eg på Open Office. Det er kjekt om du lenker til blåggen min. Det er kjekt om du siterer meg. Det er kjekt om du legg ut delar av tekstane her og legg til eigne refleksjonar, på din eigen blågg. Men sjølv om du ikkje finn små c-ar i sirklar her, så kan du ikkje gje ut tekstane mine utan å spørre meg, utgje dei for dine eigne eller tene pengar på dei. Ha ein god og fri open-kilde-dag.

Sjefen sjølv

bilde-198.jpg

Dykk i arkivet

Eit forsøk på å delta i blåggeverda

Kategorisengsforsøk

Heia Brann

Blod er tjukkare enn vatn.

Blog Stats

  • 86,022 hits