Sonitus

Då eg var ny på blågg (omlag eit år sidan), oppdaga eg at enkelte hadde lenker til stader som Technorati, Bloggarkivet og Sonitus. Dette virka veldig ambisiøst og framand for meg, for eg skreiv jo berre ein liten blågg for meg sjølv. Så dukka det opp diverse elitedebattar kringom i blåggane eg las, og ofte var Sonitus nevnt som ein ekskluderande og elitistisk nettstad. Då eg første gong oppdaga at ein av mine postar var hamna hos Sonitus var eg både skremt og smigra. Korleis hadde dei funne meg? Kva ville dei med posten min? Kom kresne og vanskelege lesarar til å strøyme inn og håne blåggen min?

Denne posten er til deg som lurar på slikt.
For no har eg funne ut av det.

Det er mange blåggar på nett. Ein finn som regel fram til dei gjennom å klikke på lenkene andre folk har på blåggane sine. Men så les ein kanskje ein blågg ein gong, finn ikkje noko spanande, og klikker seg ikkje inn dit igjen. Eller ein syns det tek mykje tid, dette internettet. Først har ein epost å sjekke, ein blågg å oppdatere, nokre venner med blåggar ein pleier lese, nokre nettaviser å halde seg oppdatert på, og vips er nettkvelden over.

Samstundes er det mange lesarar på nett. Og det hender ein skriv noko som ein syns er viktig og bra, og kunne ønske ein hadde fleire enn 8 lesarar den dagen.
Då fins det stader ein kan forsøke å fange lesarar. Ein kan legge lenke frå sin eigen blåggpost og inn på Bloggarkivet eller Bloggrevyen. Utmerka tenester for deg som gjerne vil ha fleire lesarar.

Men igjen, dagen er kort, og nettlivet hektisk og oppslukande. Og for meg blei desse tenestene fort brukt på samme måte som andre sine blåggrullar (lenkelister). Enkelte legg jo lenke til alt muleg dei skriv, andre legg ut teasere utan at det eigentleg er så mykje å lese. For nokre er sikkert desse tenestene dei aller finaste å finne nye blåggar på, og å skaffe seg nye lesarar. Og dei er opne for alle slag postar, det fins ikkje noko kvalitativt krav eller redaksjon.

Men det fins ei teneste på nett, der ei samling mennesker sit og les seg gjennom nærare tusen blåggpostar i døgnet, og plukker ut dei som dei likar og trur andre vil like. Heilt subjektivt, så om ein har omlag samme smak som den gjengen, kan ein finne gull. Om ein likar heilt andre ting, er jo tenesta meiningslaus. Denne tenesta er så vidt eg veit den einaste blåggportalen der ein redaksjon faktisk plukkar ut postar dei trur er lesverdige for mange.
Tenesta heiter Sonitus.

Dei som les postane der inne har litt forskjellig smak, og alt etter kven som er på vakt, vil det vere litt forskjellig tuvalg. Nokre plukkar gladeleg fram postar som mest er morsomme, andre likar grundige og lange artiklar, og nokre er mest ute etter kva som er originalt. Men alt i alt gjer dei dette fordi dei trur at det er fint med ei slik teneste. At det er fint at ein både kan klikke seg gjennom heile VG.blogg om ein vil, at ein kan pinge sjølve til Bloggrevyen og Bloggarkivet, og finne postar der som ein vil lese, OG at ein kan gå inn på Sonitus og finne dei postane som heilt vanlege folk meiner er det beste dei har lese dei siste åtte timane.

To gonger i veka har eg slike åttetimarsvakter på Sonitus. Eg har mine på kveldstid, sidan dagane mine er heilag skrivetid. Desse to kveldane les eg omlag 200-400 blåggpostar. Dersom eg likar dei, finn det eg les underhaldande og godt skrive, etter mi subjektive vurderingsevne, legg eg posten inn på Sonitus.
Det hender også at eg tippar andre vil like ein post, utan at eg sjølv finn den interessant. Det er særleg om det er grundig arbeid bak, og ein kan lære noko av å lese.
Terskelen min for å legge ein post inn på Sonitus er bittelitt lågare for dei nye blåggane, og for dei som sjeldan er representert. For det er jo ein del gjengangarar, det er ikkje tvil om det. Om document.no har skrive noko bra, skal det vere litt ekstra bra for å bli lagt til. For eg tenker at dei kanskje har ein del lesarar uansett. Om ein blågg som sjeldan har postar av allmenn interesse skulle smelle til med noko ganske bra, er det rett inn på Sonitus. For kanskje har ein del folk vore innom denne blåggen og ikkje komme tilbake, og posten fortener fleire lesarar enn blåggen kanskje har til dagleg.

Nokre folk har følt seg litt intimidert av å komme på Sonitus. Her skriv dei ein privat og personleg liten blågg med nokre få faste lesarar, og plutseleg ligg ein av postane deira der. Plutseleg får dei framandfolk på besøk utan å ha invitert dei. Om dette skulle skje deg, og du vil sleppe å oppleve det, er det veldig fint om du gjev oss beskjed. her eller der eller rett til Hjorthen, som er ildsjel og primus motor bak heile prosjektet.

Andre folk syns Sonitus er ekskluderande, sidan dei aldri opplever å komme inn dit. Eg har lese nokre postar på Sonitusvaktene mine der folk slår fast at “dei er i alle fall ikkje på Sonitus si liste over lesverdige blåggar”. Men dei er på lista. Me les. Og det hender eg legg til slike “klager” på Sonitus, for å hjelpe dei til å få debatten i gang.

Sonitus er eit møtepunkt for blåggarar, slik andre portaler er det. Forskjellen mellom Sonitus og dei opne legg-til-sjølv-portalane, er at nokon velger. Ein kan vere uenig i valgene og la vere å bruke tenesta til å finne lesverdige postar. Ein kan like valgene og gå inn dit kvar gong ein kjedar seg.

Alt i alt er Sonitus eit forsøk på å gjere nettet litt rikare. Litt lettare å bruke.
På samme måte som om alle vekeblad og magasin utelukkande innehaldt lesarinnlegg, og ikkje hadde nokon redaksjon. Då ville det vere greit med eit lite alternativ der ute i hjørnet. Eit magasin der ein redaksjon plukka ut dei mest lesverdige innlegga, etter deira smak.

Eg kunne ønske det fantes fleire slike tenester, helst med andre preferansar, andre slags folk med annleis smak. Det ville vore veldig fint.

Men foreløpig er eg glad for at i alle fall denne eine tenesta finst. Derfor yter eg ein liten skjerv. To kveldar i veka. Og håpar nokre nettbrukarar har glede av det.

Og om du skulle snuble over ein fin post du syns andre burde lese, eller ein blågg du trur me ikkje har oppdaga, så gje gjerne beskjed. Me gjer så godt me kan, men rekk ikkje over alt.

God nett-tid!

48 Responses til “Sonitus”


  1. 1 Hjorthen februar 27, 2008 at 10:41 am

    Kose på :-)

  2. 2 Avil februar 27, 2008 at 10:42 am

    *elitesuss* ;)

  3. 3 Simen februar 27, 2008 at 2:01 pm

    Jeg ser ikke på Sonitus som noe spesielt annerledes fra andre linkblogger. For det er vel ikke annet den er, en gjeng med folk som sammen driver en blogg som linker og siterer lure ting de leser på andre blogger. Slike finnes det få av i Norge, men mange av ute i den store verden, og det er gjennom slike jeg finner mye av det bra innholdet som finnes der ute.

    Jeg har tidligere sammenlignet Sonitus med tumblelogger. Et enda bedre eksempel på noe lignende er kanskje 3quarksdaily. En gang i uka produserer de egne spalter, resten av uka linker og siterer de interessant innhold fra diverse blogger, aviser, osv., akkurat som Sonitus, bare ikke begrenset til den norske bloggosfæren. Det er også selvsagt subjektivt, bestemt av redaktørenes subjektive og personlige preferanser, men alle som har interesser som delvis sammenfaller med redaktørenes kan finne bra innhold der. Sånn tenker jeg på Sonitus også. Jeg er glad i begge nettsteder, for når du er ny og uerfaren leser vet du ikke hvor du skal lete for å finne godt innhold, og når du er mer erfaren er det for mange steder du kan finne godt innhold til at du har tid og lyst til å tråle gjennom alle.

    Det slår meg at engelskspråklige bloggere er mye flinkere til å linke til bloggposter (og andre steder, for den saks skyld) de interesserer seg for. På den ene siden er det positivt (det betyr at norske bloggere er opptatt av å produsere originalt materiale), men på den andre er det negativt (de deler ikke sine interesser og sine kilder til inspirasjon og informasjon med andre, og det å gjøre det blir fremmed: jamfør kritikk mot Sonitus).

    Kanskje vi bør bli flinkere? Jeg følger en rekke engelskspråklige tumblelogger og linkblogger eller hva du vil kalle dem, den sorten som — slik Sonitus gjør — linker til det redaktørene mener er mest lesverdig og interessant av de linkene de kommer over. Det er litt kjipt at det finnes så få slike i Norge. Har lurt på om “det mest lesverdige (jeg personlig kom over) fra denne uka” eller noe slikt hadde vært en idé. Spesielt siden jeg ikke blogger spesielt ofte.

    Og ja, nok en gang takk for at dere gidder. Det settes pris på. Jeg bryr meg ikke om halvparten av det dere poster, men det kan jeg leve med når den andre halvparten er interessant. Så slipper jeg å lese hundrevis av bloggposter om dagen. Riktignok bruker jeg mye tid på nettet, men det får da være grenser.

  4. 4 Nicolas februar 27, 2008 at 2:10 pm

    Aha. Da betyr lavere sonitusfrekvens for Ars Ethica enten at jeg nå blir ansett som etablert og kvalitetsblogg (alternativt at kvaliteten har sunnket - men det tenker vi ikke på ;))

    “Eg har lese nokre postar på Sonitusvaktene mine der folk slår fast at “dei er i alle fall ikkje på Sonitus si liste over lesverdige blåggar”. Men dei er på lista. Me les.”

    Morro :D

  5. 5 Avil februar 27, 2008 at 2:10 pm

    Takk, Simen!
    Eg syns det er ein super ide at folk har ein “dette bør du lese hos andre”-greie liggande på eigen blågg.
    Og Noreg er eit lite land (og eit lite språkområde), men blåggeby veks stadig, og eg trur Sonitus vil få selskap av mange liknande tenester frametter.

  6. 6 Avil februar 27, 2008 at 2:12 pm

    Nicolas: Du treng vel ikkje akkurat å lure på det, blåggen din er svært godt representert og eg vurderer deg i alle fall som ein gjengangar som sannsynlegvis har mange faste lesarar.

  7. 7 Nicolas februar 27, 2008 at 2:22 pm

    Avil: nei gubedre, jeg klager ikke jeg altså (og nå ser jeg jo at kommentaren min fremsto litt… som komplimentfiske. Velvel).

    Det med lenking mellom norske blogger tror jeg Simen har helt rett i. Har sett bloggtemplater hvor man kan legge ut “notiser” (liksom ikke saker, men likevel oppslag), som dermed passer veldig godt til denslags bruk. For min del tror inntil videre det får bli med en RSS-feed fra sonitus i sidefeltet. Så kan man jo ta det med å lenke til andre inn over seg. Alle tjener jo på det i lengden :)

    “Noreg er eit lite land (og eit lite språkområde), men blåggeby veks stadig, og eg trur Sonitus vil få selskap av mange liknande tenester frametter.”

    Tja. Jeg tror egentlig vi er for få mennesker til å få skikkelige konkurrenter av Sonitus. Så lenge alt skal gjøres manuelt krever det jo ganske mye arbeid. Og regner med at sonitus skuler litt på antallet hits også, eller?

  8. 8 Habben februar 27, 2008 at 2:23 pm

    Kjempebra jobba!!! Alltid like smigrende å få en post inn i Sonitus. Og for mitt vedkommende har det blitt en målsetting å skrive så morsomt, bra eller interessant at jeg blir plukket. Dessuten er det jo veldig kompetente folk som sitter å plukker (utenom Hjorthen da selvfølgelig, men han blir dere vel ikke kvitt)

  9. 9 Avil februar 27, 2008 at 2:38 pm

    Nicolas: Eg har aldri sett oversikten over treff på Sonitus. Og ordet konkurrent passar visst dårleg, eg trur me går for selskap. :)

    Habben. Utmerka upsucking. *noterer* ;)

  10. 10 Habben februar 27, 2008 at 2:51 pm

    *pokker! Den var så tydelig…*

  11. 11 Rockette februar 27, 2008 at 4:55 pm

    Flott gjennomgang, Avil.
    jeg setter veldig stor pris på Sonitus!
    Takk for jobben du, Hjorthen og de andre ildsjelene gjør

  12. 12 Mona februar 27, 2008 at 6:33 pm

    Leser du over hundre bloggposter?? Jeg har ikke lest så mange til sammen i hele mitt liv, jeg. Altså, hundre sånne som folk skriver? Hovedinnlegg? Sånn dom det jeg svarer på nå? Jeg er i sjokk. Kjempesjokk. Tuller du nå?

  13. 13 Mona februar 27, 2008 at 6:35 pm

    Jeg skriver litt klumsete når jeg er utilregnelig.

  14. 14 Mona februar 27, 2008 at 6:35 pm

    Åh, slett meg’a Avilmi.

  15. 15 Mona februar 27, 2008 at 6:35 pm

    Tenke først. Skrive så.

  16. 16 Simen februar 27, 2008 at 8:05 pm

    En(da en) ting som er fint med Sonitus et al:

    Jeg klikker nesten aldri på bloggruller. Det er mye større sjanse for at jeg klikker på en link direkte til et innlegg, gjerne med noen ord om hvorfor jeg bør lese innlegget, og/eller et utdrag.

    Da vet jeg om det er sannsynlig at jeg vil like det eller ikke. Den gjennomsnittlige bloggrull er ganske passiv i så måte. (Ikke at den er utelukkende negativ–jeg setter pris på at andre linker til meg, jeg skjønner at folk vil linke til folk de leser, jada jada.)

  17. 17 Eto februar 27, 2008 at 8:18 pm

    Herregud. Bruker du 16 timer i uken i tillegg til hel arbeidsdag foran PCèn. Skaff deg et liv, jenta mi.

  18. 18 ~SerendipityCat~ februar 27, 2008 at 8:27 pm

    Jeg fikk enda mer respekt for de som sitter bak Sonitus etter å ha lest dette!! Jeg setter stor pris på at noen gidder og får til å lage en slik tjeneste, tusen takk! :-)

  19. 19 Undre februar 27, 2008 at 8:48 pm

    *tomlene opp, Avil!*

  20. 20 Iskwew februar 27, 2008 at 11:14 pm

    Veldig bra, Avil! Dere gjør en kjempejobb alle sammen, og Sonitus er et veldig bra tiltak. Det er godt at noen finner tid å bruke på det, for da sonitus var borte, slet jeg, for jeg har ikke tid til å klikke meg gjennom lange lenkelister som regel. Men når Sonitus er der, kan jeg stikke innom der, og få med meg hva som rører seg.

    Og Hjorthen? The Godfather of Blogglandia. En diger rosebukett for at du og de andre holder Sonitus i live :o)

  21. 21 Håkon februar 28, 2008 at 12:49 am

    Fin fin oppsummering, Avil, og det er viktig å framheve at Sonitus er ikke noe mer enn en dugnadsgjeng som anbefaler det de mener er lesverdige innlegg i andre blogger.

    Egentlig er det et fint tips for dem som ønsker flere besøkende til egen blogg og ikke har inspirasjon nok til å skrive blogginnlegg på løpende bånd selv. Anbefaler du ti gode innlegg fra andre blogger for hvert innlegg du skriver selv har du en mulighet til å gjøre din egen blogg ti ganger så interessant.

    Norge er slett ikke for lite til å få noen flere som til Sonitus, men det hadde nok vært en fordel om tjenestene skiller seg ut på smak eller tema. Det er bare å sette seg ned å gjøre det. Antagelig litt mer arbeid enn å sette seg ned og til en hver tid mene noe om Sonitus, men ikke så veldig mye mer.

  22. 22 Randi februar 28, 2008 at 12:52 am

    Enig med SerendipityCat - jeg var imponert før men nå er jeg megaimponert!
    Sonitus vakt ;-) !! Og delt inn på den måten - ante ikke at det var sånn dere organiserte det. Tenkte vel at det var litt mere løst og tilfeldig. Men du har altså vakt to kvelder i uka!

    Hatten av. Godt jobba!!

  23. 23 Goodwill februar 28, 2008 at 8:45 am

    Fantastisk dugnadsinnsats! *imponert*

  24. 24 Avil februar 28, 2008 at 10:47 am

    Eto: Eg sit ikkje pal i 8 timar då.
    Og eg har eit liv. *snurt*

  25. 25 mjolkerister februar 28, 2008 at 12:51 pm

    Wow, Avil! Du ligger ikke på latsiden.
    Sonitus ga meg prestasjonsangst. *ler* Det gikk fort over da, jeg skjønte snart at jeg ikke var verdens midtpunkt og at ikke alles øyne var på meg. Hvis jeg skulle havne der flere ganger så er jeg bedre forberedt på det.

  26. 26 bandanders februar 28, 2008 at 2:27 pm

    «Enhver tanke som blir offentliggjort vil før eller seinere vende seg mot sin opphavsmann og inndra den gleden han hadde ved å ha tenkt den».

    -MILAN KUNDERA

    Eg har ikkje mist gleda over å kunne tenke endå. Er det takka vere at eg har så få lesarar ? Og i så fall, er Sonitus den store gledesdreparen ? Eller, kan det tenkjast at Milan Kundera ikkje heilt veit kva han talar om ?

  27. 27 Avil februar 28, 2008 at 3:26 pm

    Milan Kundera er litt vel pessimistisk. Men kanskje blågg er i skjæringspunktet mellom offentleg og ikkje-offentleg? Det er i alle fall sjeldan eg opplever å bli omtalt eller sitert andre stader, sjølv om det hender folk lenker hit.

  28. 28 bloodymary februar 29, 2008 at 4:43 am

    Det er en fin tjeneste. Jeg synes dere plukker ut de forskjelligste poster. Noe liker jeg, noe ikke. Keep up the good work!

    (hvis du lurer på hva i helsike jeg driver med, legger inn kommentar her før klokka seks, er det fordi jeg har så vondt i de betente mandlene mine at jeg ikke fikk sove mer. Stakkars meg.)

    bm

  29. 29 Avil februar 29, 2008 at 8:10 am

    *pjuske på bloodymary*

  30. 30 marygoessolo februar 29, 2008 at 8:17 am

    Takk. Jeg lager ny blogg når jeg er sjuk.

  31. 31 marygoessolo februar 29, 2008 at 8:20 am

    pst: vet du hvordan jeg får sånn blå, klikkbar signatur?

  32. 32 Avil februar 29, 2008 at 8:59 am

    Nei, det har eg gløymt. Eg trur du må skrive inn blåggadressa di når du skriv innlegg. Gjorde du det?

  33. 33 Avil februar 29, 2008 at 8:59 am

    Lagar du WordPress-blågg? *hyper*

  34. 34 marygoessolo februar 29, 2008 at 9:07 am

    WordPress, ja. http://marygoessolo.wordpress.com/

    Tror ikke jeg limte inn adressa. Jeg var liksom bare innlogget…

  35. 35 marygoessolo februar 29, 2008 at 9:11 am

    Kanskje sånn? Føler meg som en ettåring som lærer å gå. Tror jeg. Husker ikke helt hvordan det var…

  36. 36 Avil februar 29, 2008 at 9:14 am

    Juhu!

  37. 37 Avil februar 29, 2008 at 9:15 am

    Om det er noko du lurer på, så har Undre laga verdas finaste kræsjkurs i wordpress-serie.
    Du finn Undre sitt Undrevers i blåggrullen min.

  38. 38 marygoessolo februar 29, 2008 at 9:17 am

    Takk. Jeg lurer på alt.

  39. 39 Synline mars 1, 2008 at 10:14 pm

    Dette lurte jeg faktisk på, og nå har jeg fått svar. Takk for det, Avil. Jeg som kun har “rom” på Forfatterbloggen driver ikke med blogging på ordentlig, føler jeg.
    Men jeg er ikke helt klar for å flytte for meg selv ennå…

  40. 40 Avil mars 1, 2008 at 10:32 pm

    Du er hjarteleg velkommen som lesar og kommentator her “ute i verda”, Synline. Og om du ein dag er klar for å flytte ut frå FB, er WordPress ganske så lett, og mange vil hejlpe deg på veg. Eg hadde veldig lyst til å svare deg på spørsmåla dine inne hos Kahlisto, men eg får ikkje registrert meg på FB.

  41. 41 turkis mars 1, 2008 at 10:46 pm

    Jeg angrer så på at jeg ikke begynte med wordpress, men da jeg ble klar over det, hadde liksom bloggen min med blogspot-adresse blitt så min. Jeg knytter meg veldig til steder på internett.

  42. 42 Avil mars 1, 2008 at 10:51 pm

    Du kan visst overføre alt, seier dei som har greie på det.

  43. 43 turkis mars 1, 2008 at 11:01 pm

    Men ikke adressen. Og tenk hvis…

  44. 44 Avil mars 1, 2008 at 11:09 pm

    Du er ikkje nødt til å slette blogspot-bloggen berre fordiom du lagar deg wordpressblogg? Den kan vel berre ligge i uoppdatert ei stund mens du sjekkar ut om du kan trivst med noko anna?

  45. 45 Synline mars 2, 2008 at 12:08 pm

    Det var ikke jeg som hadde spørsmål inne hos Kahlisto, det var Sirenia. Kanskje vi har litt for like nick? Hun har jo fått et av innleggene sine som filet på Sonitus, så æres den som æres bør.

    Jeg er nok litt av en heimføing (som vi sier her oppe) i bloggverden. Beveger meg sjelden ut i det store ukjente. Men en sjelden gang skjer det, og da tenker jeg det bør jeg gjøre oftere :)

  46. 46 Nicolas mars 2, 2008 at 1:26 pm

    turkis: Du kan legge inn en kodesnutt sånn at alle som besøker blogspotbloggen din automatisk sendes til forsiden av wordpressbloggen din. Jeg hjalp Minneapolise med det for noen dager siden, og du finner lenke til bruksanvisningen i Undreversets wordpress-kræsjkurs.

  47. 47 Avil mars 2, 2008 at 3:26 pm

    Unnskyld, Synline!

  1. 1 Fullt Hus » Så hvordan brukes Sonitus og andre tjenester, egentlig? Trackbackapril 26, 2008 at 3:31 pm

Skriv et svar




Blåggsørvis for kresne

Lei av å surfe gjennom eit ørkeslaust internett? Sjekk ut nye Sonitus. Og her er ein ambisiøs borgarblågg: Les iNorden

Opphavsrett

Eg likar å dele. Eg likar ting som er gratis. Dette er ein fri Wordpress-blågg, og boka mi skriv eg på Open Office. Det er kjekt om du lenker til blåggen min. Det er kjekt om du siterer meg. Det er kjekt om du legg ut delar av tekstane her og legg til eigne refleksjonar, på din eigen blågg. Men sjølv om du ikkje finn små c-ar i sirklar her, så kan du ikkje gje ut tekstane mine utan å spørre meg, utgje dei for dine eigne eller tene pengar på dei. Ha ein god og fri open-kilde-dag.

Sjefen sjølv

bilde-198.jpg

Dykk i arkivet

Eit forsøk på å delta i blåggeverda

Kategorisengsforsøk

Heia Brann

Blod er tjukkare enn vatn.

Blog Stats

  • 86,022 hits