
Akkurat no, frå åtte til ni, slukker folk lyset i heile vår tidssone.
29 lørdag mar 2008
Posted in Uncategorized

Akkurat no, frå åtte til ni, slukker folk lyset i heile vår tidssone.
29 lørdag mar 2008
Posted in Uncategorized
Svenskane driv og lagar lister. Sjølv i Sverige er eg ein opplagt andreplass.
28 fredag mar 2008
Posted in Lesarsørvis
Frå no og fram til halv fire kjem det til å renne inn folk her på blåggen. Folk som får betalt for å gjere andre ting, men som ikkje orkar anna enn å surfe på nettet til dagen er over.
Eg føler eg bør ha noko å tilby, men samtidig skal eg ikkje bruke så mykje tid på dette. Derfor vil eg berre fortelle ein vits og dagbokblågge litt.
Det var ein gong ein pasient som kom gåande i korridoren med tannbørsten sin i band. Der møtte han ein psykiater, som smilte og sa: “Er du ute og luftar hunden?”
Pasienten svarte: “Nei, det er ein tannbørste, ser du ikkje det?”.
Så gjekk pasienten vidare, og straks psykiateren var ute av syne bøyde pasienten seg ned til tannbørsten og sa: “Hahaha, der lurte me han skikkeleg!”
Det er den einaste vitsen mor mi kan.
I dag har eg handla for mor mi, som sit med kneet høgt etter operasjon. Eg har kjøpt rundstykker og sukkererter, vin og sminke, og ein grå pologenser. Det var så kjekt å shoppe at det slett ikkje gjorde noko at ingenting var til meg. Dette opnar nye perspektiv på mange ting, i grunnen. At det kan bli riktig fint å få gamle foreldre som sit i leiligheten med parykken på snei og treng hjelp til å handle. At eg kan bli personal shopper, om eg ikkje vil jobbe. Folk kan stort sett ikkje leve av å berre skrive bøker. Men eg kan springe og handle for eldre folk, og så gir dei meg kanskje lommepengar for det. Eg ville spart mange pengar, for eg ville mista heilt lysta til å shoppe sjølv. Eller, eg ville spart mange pengar om det var slik at eg shoppa mykje i utgangspunktet.
Den siste setningen var til ektefellen min. Om han skulle lese dette. For eg brukar faktisk nesten ingen pengar, utanom på mat og bensin og dorullar og slikt.
Bortsett frå akkurat i dag.
Sidan eg kom til å kjøpe ei bukse og to gensrar, sidan eg var i butikken, liksom. Sjå, der rauk heile ressonementet om personal shopper-jobben.
Ha ein god fredag!
27 torsdag mar 2008
Posted in Bitter
Eg har ikkje komme inn på nettbanken min sidan oktober. Det har vore irriterande, sjølvsagt, men ikkje verre enn at eg har klart meg. Eg er utan inntekt og ektefellen betalar rekningar, så det går jo på eit vis. Men det er jo meininga då, at ein skal komme inn på sin eigen nettbank.
Derfor var eg i den fysiske banken nokre gonger og fekk snakke med folk som eg ikkje visste var åndsforlatte. Eg har sidan første oktober 2007 trudd at det var meg som var åndsforlatt. Det har gått greit med meg, og eg takkar for omsorg og støtte, sjølv om eg har vore litt betutta over at kommunen ikkje har gripe inn med omfattande heimehjelp. Livet som åndsforlatt liknar livet som åndsfrisk, skal eg helse å seie. Litt mindre tru på eigne evner, og utan tilgong til eigen nettbank, ellers ganske normalt.
I dag var eg i banken igjen. Og nevnte dette med nettbanken min. At eg ikkje kom inn på den, og at desse dingsane dei har gitt meg ved fleire høve ikkje har hjulpe. At eg ikkje kjem inn i det heile faktisk, at eg kjem så lite inn i nettbanken at nettbanken aldri spør om den koden som dingsen opplyser. Så lite har eg komme inn, faktisk.
Denne gongen spurte dama om eg trong personleg vegleiing. Ho sat i skranken og spurte med litt høg stemme. Bak meg sat gamle damer med kvar sine lappar med nummer på, og dei tenkte nok det samme som meg. “Åndsforlatte folk må ein snakke litt høgt til,” tenkte dei. Og så nikka eg og takka ja til personleg vegleiing i nettbankbruk. Kanossagang er sterkt sagt, men eg tusla no inn på eit kontor, der ei ung jente med hestehale tok imot.
“Eg kjem slett ikkje inn på nettbanken,” sa eg, den åndsforlatte, og gjentok meg sjølv.
“Kva var navnet,” spurte hestehalejenta og tasta det inn.
“Eg ser at nettkontoen din har vore sperra sidan 30.september,” sa ho så.
“Sperra,” gjentok eg, sidan me åndsforlatte gjerne gjentek ting og sperrer augene opp og slikt.
Det viste seg altså at det ikkje var meg som var åndsforlatt. Eg var i alle fall ikkje aleine om det.
No har eg vore inne på nettbanken min. Der låg ei forsikringsrekning som eg skulle ha godkjend betaling av den første januar i år. Og tre meldingar frå banken om ting dei syns var så viktige at eg burde få vite det. På ein nettkonto som dei altså hadde sperra, utan å fortelle meg det.
25 tirsdag mar 2008
Posted in Lesarsørvis
Dette er en oppfordring til alle som har en blogg og til alle som har lyst til å protestere mot brudd på menneskerettigheter i Kina: Klipp ut denne postens tekst i sin helhet, og lim den inn i din egen blogg, slik kan vi nå så mange lesere som mulig! Ping gjerne aktuelle Dagbladet-artikler hemningsløst via Twingly (Twingly kan du pinge når som helst gitt at du har en lenke til Dagbladet-artikkelen i posten din)
Til alle lesere:
På opprop.no er det lagt ut et protestbrev du kan sende noen utvalgte sponsorer av Beijing-lekene i tillegg til et opprop du kan signere dersom du synes menneskerettighetene i Kina er verdt å kjempe for. Det er en reell mulighet for at om bare presset blir stort nok, så vil IOC endelig ta det ansvaret de så lenge har unnlatt å ta: Hjelp IOC med å hjelpe 1,4 milliarder undertrykte Kinesere, gå til denne siden og begå en skjerv: Krev ytringsfrihet for kineserne!
Tusen takk til alle som vil bidra!
25 tirsdag mar 2008
Posted in Skriveprosess
Eg har sjeldan skrivesperre, men det er eit anna uttrykk som passar betre for meg: Skrivetrøkk (og mangel på s-). Og det trøkket har mangla siste månaden. Eg har klart å skrive, finpusse, lese litt om igjen og finne på nye scener. Men det blir ikkje ei god fortelling av at ein finn på ting. Ikkje for meg. Det eg skriv må vere noko eg har lyst til å få ut, og så kan det gjerne vere mykje strev med å finne rette formen. No har eg strøke alle scenane eg “berre fann på” og vender tilbake til sjølve Historia. Det eg gjerne ville fortelle. Det som eg vil skal bli ei Fortelling. Det hjelper.
Og så har det blitt sex. Ikkje på meg, hjølpe meg, eg har vore isolert heile påska. Men i boka. Det sat langt inne, det var jammen meg noko av det vanskelegaste. Ikkje fordi det er vanskeleg å skrive om sex. Eg kan godt skrive om sex, så lenge det er min eigen, eller i alle fall vaksne folk som er slik som meg det dreier seg om. Men desse orda kunne ikkje vere slik orda om meg sjølv er. For Ragna er berre femten år og har nettopp drepe nokon, og ho eig seg sjølv og kroppen hennar er heilt ny. Eg måtte finne dei heilt rette orda. Kva ord har eg i meg om sex som ikkje blir kleine, svulstige, uekte, rå eller kvardagslege?
Og så er det omslaget då. Eg har fått lov å vise fram skissene. Tittelen blir sannsynlegvis Song for Eirabu, på begge bind. Og så må eg finne ein tittel på bind I.
Eitt i blått:
24 mandag mar 2008
Posted in Uncategorized
Eg har hatt nokre avstikkarar frå familien denne vinteren. Stukke av, som seg hør og bør for ein feministisk småbarnsmor med bok i magen. Merkeleg nok kjennest det veldig annerledes når dei reiser frå meg. Heile påska har mann og ungar vore hos svigerfamilien i Danmark. Det vil seie: Min svigerfamilie, deira familie.
No er dei på E39. Om to timar går ferja mellom Arsvågen og Mortavika (eg husker aldri kva som ligg på kva fjordbreidd). Brøytebilane bør vere ute og ordne opp. Det ligg tjue centimeter snø utanfor her. Dei viktigaste menneska i heile mi verd sit i ein Skoda mellom Kristiansand og Stavanger nett no.
Eg saknar ungane så det gjer vondt. Men om fire timar er dei her, og ungane har sikkert sove i bilen. Dei kjem til å vere utkvilte og kvikke, og min elskede mann kjem til å vere alt anna enn akkurat det. Så eg må kvitte meg med denne irrasjonelle insomnia-greia, rydde bort alle tankar om at eg held dei trygt på vegen ved å sitte vaken her og tenke på dei.
God natt brøytebilar og vaktande nissar og stjerner på himmelen. Pass på den skodaen, for den inneheld det umistelege.
God natt.
24 mandag mar 2008
Posted in Emoreaksjon
Å gjere narr av folk som er alvorlege, engasjerte og ordentlege er det lettaste av alt. Alvoret i seg sjølv blir latterleg, engasjementet og forsøkene på å seie noko seriøst og fornuftig. Berre gjenta alvorlege, engasjerte folk sine ord med tullestemme. Høyr kor dumt det blir.
Heile nittitalet prøvde all verdas stand-up-komikarar seg på denne relativt lette øvinga.
Det er verkeleg lett å gjere narr.
Det er mykje vanskelegare å gjere noko alvorleg og skikkeleg. Å seie det ein faktisk meiner, og forsøke å nå fram til andre. Å argumentere, og motargumentere, ikkje for å kverulere, men for å stille seg så ærleg og naken ein kan, og rekke ut til andre.
Det er lett å sjå det komiske ved folk som meiner noko ein er usamd i. Det er lett å herme etter dei, framfor å forklare kva ein sjølv trur på.
Det er vanskeleg å ransake seg sjølv og sine eigne haldningar og meiningar. Det er vanskeleg å stille seg sjølv open for andre, utan humor, utan forsvar.
Eg er takksam for alle desse møtene me har her. I kommentarfelta her, i kommentarfelta dykkar. Det fins alvor her. Forsøk på å rekke fram til kvarandre. Det er mykje humor, men forbløffande sjeldan at folk gjer narr.
Tusen takk.
You are a sad, strange little man, and you have my pity. Farewell.
- Buzz Lightyear
23 søndag mar 2008
Posted in Norrønt, Nyare historiar, Religion - myter, riter, kult
Eg les Vår gamle kystkultur, eit praktverk av tidlegare direktør for Norsk sjøfartsmuseum, Svein Molaug.
Der finn eg eit avsnitt om huldra.
Det var ikke så uvanlig at eldre folk kunne fortelle at Bibelen hadde inneholdt et tillegg i skapelseshistorien, men at det var kommet bort.
En kone fra Frafjord fortalte at i det tillegget skulle det ha stått at Vårherre pleide ofte å se til Adam og Eva. Så var det en lørdag at han kom noe uventet. Ungene hadde lekt og var skitne og ustelte. Eva hadde fått vasket noen, men var ikke ferdig med alle. Da Vårherre kom, gjemte hun de ustelte ungene og viste bare fram de vaskede. Vårherre spurte da om det ikke var flere. Eva nektet at det var flere enn dem hun viste fram. Da sa Vårherre: “De dulde skal vorde hulde”, og slik ble de underjordiske til.
22 lørdag mar 2008
Posted in Musikk
Eg er så utruleg glad for at Surferosa har laga coverversjon av denne låta. Fordi eg hadde gløymt den, og fordi eg ikkje har kassetten lenger, og om eg hadde så var sikkert kvaliteten heilt grusom.
Men mest fordi eg var heilt aleine med denne songen. Eg veit ikkje kvifor, det må ha vore mange andre som likte den. Kanskje til og med venninnene mine. Men eg husker det slik: At eg elska den songen, og spelte den høgt når eg var aleine heime, og dansa med helikopterarmar og lukka auge og song så høgt eg kunne.
Dette var starten på mitt liv som Jarle Klepp.