Sidan det er fredag er det på sin plass å drive lesarsørvis og moteblågge litt.
For dei folka som likar Celine Dion og heng ut på SATS og syns Siv Jensen er eit stort førebilete, vil vårens mote by på kanarigule pumps, grasgrønne minikjolar og plastsolbriller med store logoar.
For skikkelege folk vil det vere entiske mønster og jordfargar.
Det er mykje snakk blant blåggfolket om blåggfolket. Kven skriv best, kven er mest populær, kven er mest provoserande, og viktigst av alt: Kven er eliten.
Etter ein forsmedelig andreplass i Tordenbloggen 2007 (eg er så forferdeleg glad i å vinne ting, og tåler så veldig, veldig dårleg å tape) syns eg det begynner å komme seg no.
I går fekk eg ein pris, og i dag oppdaga eg at Esquil har plassert meg midt i blåggeliten.
Ein fin dag.
Om nokon vil høyre korleis blåggeliten har det på ein fredag, så er det berre å ta kontakt. Men eg har det sjølvsagt for travelt med å beundre diplom og elitekart til å svare.
Eg har vore i sommarhuset igjen. Det blir snart meiningslaust å kalle det sommarhus, så mykje som eg er der om vinteren. Men eg nektar å kalle noko hytte, når det er eit hus. Eit heilt ordentleg hus der det har budd folk i fleire hundre år. To stover, fire soverom og plass til å danse ein litt forsiktig vals på kjøkenet. Snart også fliselagt bad med dusj. Men ikkje enno. Eg har vaska håret i kjøkenvasken denne veka.
Eg er der for å skrive, men eg går litt til og frå. Og så ser eg litt fjernsyn. Det gjer eg aldri ellers. Og så grin eg, og snakkar med meg sjølv. Mannen min meiner eg ville vore verdas dårlegaste einebuar. Eg hadde klart meg fint, eg.
Eg snakkar med med sjølv og innbildte tilstedeverande mens eg lagar kaffi, og mens eg går ut og tar meg ein røyk. Det er så stille der. Heilt, heilt stille. Når det er vindstille er det verkeleg stille. Utpå kvelden held ugla meg med selskap. Sist månad høyrde eg hjorten tasle i skogen. Hjort taslar ikkje, men det høyrest slik ut. No er det ikkje tasling i skogbrynet meir, for eg har trakka opp alle hjortefara. Me kan godt kalle det research. Men hjorten likar ikkje å gå der eg har vore og slengt frå meg hår og duft.
Eg sat ganske lenge oppe på ein mosegrodd husmannsplass oppe i skogen. Eg trur i alle fall det var ein plass. Om det var ein eigen gard, har dei vore veldig opptekne av utsikt. Eg trudde i alle fall folk gjerne ville ha kort veg til sjøen. Før som no. Kan hende Kvinnherad kommune sine fascistiske byråkratar var i virke allereie i middelalderen.
“Nei, nei, ikkje bygge i strandsona! Nei, nei, ikkje selge uthuset samstundes som du sel huset ditt, det er ein driftsbygning!” Kan hende kom dei med svartkledde og væpna menn, slik futen gjorde. Ei slik historisk tilknytning ville jo forklare den overdrivne maktutøvinga dei føler er på sin plass i dag.
Men eg skulle ikkje snakke om kommunen. Eg skulle i grunnen ikkje snakke om ugla eller hjorten heller, sjølv om dei har vore godt selskap.
Eg skulle vise fram ein reklame som fekk meg til å grine. Ja. Det er heilt sant.
Eg syns ikkje nokon skal kjøpe seg ny mobiltelefon, berre så det er sagt. La ver med det. Den gamle virkar sikkert fint, og om den ikkje gjer det bør du klage. Ikkje kjøp ny.