Hjortefar og reklame

Eg har vore i sommarhuset igjen. Det blir snart meiningslaust å kalle det sommarhus, så mykje som eg er der om vinteren. Men eg nektar å kalle noko hytte, når det er eit hus. Eit heilt ordentleg hus der det har budd folk i fleire hundre år. To stover, fire soverom og plass til å danse ein litt forsiktig vals på kjøkenet. Snart også fliselagt bad med dusj. Men ikkje enno. Eg har vaska håret i kjøkenvasken denne veka.

Eg er der for å skrive, men eg går litt til og frå. Og så ser eg litt fjernsyn. Det gjer eg aldri ellers. Og så grin eg, og snakkar med meg sjølv. Mannen min meiner eg ville vore verdas dårlegaste einebuar. Eg hadde klart meg fint, eg.
Eg snakkar med med sjølv og innbildte tilstedeverande mens eg lagar kaffi, og mens eg går ut og tar meg ein røyk. Det er så stille der. Heilt, heilt stille. Når det er vindstille er det verkeleg stille. Utpå kvelden held ugla meg med selskap. Sist månad høyrde eg hjorten tasle i skogen. Hjort taslar ikkje, men det høyrest slik ut. No er det ikkje tasling i skogbrynet meir, for eg har trakka opp alle hjortefara. Me kan godt kalle det research. Men hjorten likar ikkje å gå der eg har vore og slengt frå meg hår og duft.

Eg sat ganske lenge oppe på ein mosegrodd husmannsplass oppe i skogen. Eg trur i alle fall det var ein plass. Om det var ein eigen gard, har dei vore veldig opptekne av utsikt. Eg trudde i alle fall folk gjerne ville ha kort veg til sjøen. Før som no. Kan hende Kvinnherad kommune sine fascistiske byråkratar var i virke allereie i middelalderen.
“Nei, nei, ikkje bygge i strandsona! Nei, nei, ikkje selge uthuset samstundes som du sel huset ditt, det er ein driftsbygning!” Kan hende kom dei med svartkledde og væpna menn, slik futen gjorde. Ei slik historisk tilknytning ville jo forklare den overdrivne maktutøvinga dei føler er på sin plass i dag.
Men eg skulle ikkje snakke om kommunen. Eg skulle i grunnen ikkje snakke om ugla eller hjorten heller, sjølv om dei har vore godt selskap.

Eg skulle vise fram ein reklame som fekk meg til å grine. Ja. Det er heilt sant.

Eg syns ikkje nokon skal kjøpe seg ny mobiltelefon, berre så det er sagt. La ver med det. Den gamle virkar sikkert fint, og om den ikkje gjer det bør du klage. Ikkje kjøp ny.

12 Responses til “Hjortefar og reklame”


  1. 1 lindamac mars 7, 2008 at 9:43 am

    Nå har jeg så mange bilder av sommerhuset i hodet mitt at jeg burde sett noen ordentlige bilder snart.

  2. 2 Aina mars 7, 2008 at 11:49 am

    Kvinnherad, altså?
    Høyrer rykter om at dei har ein ordførar der, som heiter Synnøve Solbakken.

  3. 3 Avil mars 7, 2008 at 12:03 pm

    Det er slikt me gjer her på vestlandet, berre for å more folk.

  4. 4 Delirium~ mars 7, 2008 at 5:45 pm

    Hm - den reklamen får meg til å grine litt også. Ikke fordi den er fin, men fordi det er en av favorittsangene mine og så gjør det så vondt å få den i sånn hurtigfælutgave av karaoke…

  5. 5 Avil mars 7, 2008 at 8:06 pm

    Eg syns det er så fælt med einsame folk som syng ein slik utruleg vakker song om å vere saman.

  6. 6 Avil mars 7, 2008 at 8:07 pm

    Vond utgåve = når eg syng den sjølv. Eg syng verkeleg fælt. Ikkje fælt nok til å vere morsom eingong. Berre svakt og flatt og dårleg.

  7. 7 Flopsy mars 7, 2008 at 9:56 pm

    Det tok lang tid før eg forsto at denne posten ikkje handla om ein viss annan Hjorth.

  8. 8 Avil mars 7, 2008 at 11:49 pm

    *fnis*

  9. 9 Hjorthen mars 8, 2008 at 12:24 am

    Selv om jeg etterhvert skjønte at dette ikke handlet ommeg så vil jeg allikevel skynde meg å ta avstand fra denne setningen:

    “Men hjorten likar ikkje å gå der eg har vore og slengt frå meg hår og duft.”

    Jeg lukter gjerne litt på Avil når det skulle være jeg altså!

  10. 10 Avil mars 8, 2008 at 10:08 am

    Ikkje når eg har vore i sommarhuset ei veke utan dusj, Hjorthen.

  11. 11 Delirium~ mars 8, 2008 at 5:15 pm

    Da har jeg sett den mange ganger fordi jeg vil se det du ser. Men så kom jeg på hvorfor jeg ikke ser det - fordi dette er blant min knippe sanger som jeg liker best å høre på alene (akkurat som menneskene i reklamen)… Det er blant de sangene som vekker en så sterk følelsmessig respons i meg at jeg ikke klarer å dele den med andre fordi de ikke føler det samme som meg og lager opplevelsen platt i stedet for sterk og flyvende.

    Da jeg var på Depeche konsert første gang og de spilte den bare stod jeg og grein. Fordi det var så vakkert.

  12. 12 Avil mars 8, 2008 at 5:18 pm

    Den er veldig, veldig fin. Og ein song ein ikkje kan dele, der er eg enig med deg.

Skriv et svar




Blåggsørvis for kresne

Lei av å surfe gjennom eit ørkeslaust internett? Sjekk ut nye Sonitus. Og her er ein ambisiøs borgarblågg: Les iNorden

Opphavsrett

Eg likar å dele. Eg likar ting som er gratis. Dette er ein fri Wordpress-blågg, og boka mi skriv eg på Open Office. Det er kjekt om du lenker til blåggen min. Det er kjekt om du siterer meg. Det er kjekt om du legg ut delar av tekstane her og legg til eigne refleksjonar, på din eigen blågg. Men sjølv om du ikkje finn små c-ar i sirklar her, så kan du ikkje gje ut tekstane mine utan å spørre meg, utgje dei for dine eigne eller tene pengar på dei. Ha ein god og fri open-kilde-dag.

Sjefen sjølv

bilde-198.jpg

Dykk i arkivet

Eit forsøk på å delta i blåggeverda

Kategorisengsforsøk

Heia Brann

Blod er tjukkare enn vatn.

Blog Stats

  • 86,022 hits