Eg har hatt nokre avstikkarar frå familien denne vinteren. Stukke av, som seg hør og bør for ein feministisk småbarnsmor med bok i magen. Merkeleg nok kjennest det veldig annerledes når dei reiser frå meg. Heile påska har mann og ungar vore hos svigerfamilien i Danmark. Det vil seie: Min svigerfamilie, deira familie.
No er dei på E39. Om to timar går ferja mellom Arsvågen og Mortavika (eg husker aldri kva som ligg på kva fjordbreidd). Brøytebilane bør vere ute og ordne opp. Det ligg tjue centimeter snø utanfor her. Dei viktigaste menneska i heile mi verd sit i ein Skoda mellom Kristiansand og Stavanger nett no.
Eg saknar ungane så det gjer vondt. Men om fire timar er dei her, og ungane har sikkert sove i bilen. Dei kjem til å vere utkvilte og kvikke, og min elskede mann kjem til å vere alt anna enn akkurat det. Så eg må kvitte meg med denne irrasjonelle insomnia-greia, rydde bort alle tankar om at eg held dei trygt på vegen ved å sitte vaken her og tenke på dei.
God natt brøytebilar og vaktande nissar og stjerner på himmelen. Pass på den skodaen, for den inneheld det umistelege.
God natt.
Det er ikke jeg som har ansvar for E39 denne påsken, men skal sende en melding til han nissen som er på vakt der…
)
Arsvågen ligg på vår side. Ja, om du skulle trenge slik unyttig kunnskap.
Håper dei er heime og heile no.
No er dei heime og heile. Eg fekk ikkje sove før klokka fire, og ungane har berre sove 4-5 timar i bilen og nektar å sove meir.
Me er dei glade hengehodene.
Ahh så herlig
)
Jeg har alltid en litt tung følelse i magen når noen kjører av gårde med Tigerungen. “Tenk om…” Men heldigvis går det alltid bra, og det er jammen godt med litt tid for seg selv også. Gjensynsgleden er desto større
)
:lykke:
Den som har noe verdifullt å miste, er aldri helt fri. Det å ønske seg absolutt frihet er et tveegget sverd. Fin litemn fortelling
Å, fint skrevet:)
Frøken Skavlan: Takk!
phalloides: Ikkje så mykje ei fortelling, meir eit hjartesukk frå ei søvnlaus mor. Men du har rett: Fri er ein aldri så lenge ein har noko verdifullt. Fridom i seg sjølve er også verdifull, og ein kan også miste fridommen sin – så i ytterste forstand fins ikkje fridom, ut frå sin eigen definisjon?
mathilde: Jah. *lukkeleg*
Iskwew: Eg gløymer nesten kor fine dei er, og er heilt overvelda i dag over at eg verkeleg har dei aller finaste ungane.
Dei finaste ungane bur sjølvsagt her. Ka du trur?
Er ikkje det rart?
Eg leste ein gong ei nydeleg historie her på nettet. Ei adoptivmor som nettopp hadde vore i Kina og fått barn nummer to, skreiv på eit adopsjonsforum fordi ho syns det var så pinleg at ho for andre gong hadde fått tildelt den aller penaste ungen.
Åh, nå ble jeg så gruelig rørt. Snøfte.
Det er fint å elske nokon så mykje.
De nydeligste er selvsagt her. De andre nydeligste er der. Det er fint å tenke på innimellom all elendigheten.