Skrivetrøkk, skisse til omslag og sex

Eg har sjeldan skrivesperre, men det er eit anna uttrykk som passar betre for meg: Skrivetrøkk (og mangel på s-). Og det trøkket har mangla siste månaden. Eg har klart å skrive, finpusse, lese litt om igjen og finne på nye scener. Men det blir ikkje ei god fortelling av at ein finn på ting. Ikkje for meg. Det eg skriv må vere noko eg har lyst til å få ut, og så kan det gjerne vere mykje strev med å finne rette formen. No har eg strøke alle scenane eg “berre fann på” og vender tilbake til sjølve Historia. Det eg gjerne ville fortelle. Det som eg vil skal bli ei Fortelling. Det hjelper.

Og så har det blitt sex. Ikkje på meg, hjølpe meg, eg har vore isolert heile påska. Men i boka. Det sat langt inne, det var jammen meg noko av det vanskelegaste. Ikkje fordi det er vanskeleg å skrive om sex. Eg kan godt skrive om sex, så lenge det er min eigen, eller i alle fall vaksne folk som er slik som meg det dreier seg om. Men desse orda kunne ikkje vere slik orda om meg sjølv er. For Ragna er berre femten år og har nettopp drepe nokon, og ho eig seg sjølv og kroppen hennar er heilt ny. Eg måtte finne dei heilt rette orda. Kva ord har eg i meg om sex som ikkje blir kleine, svulstige, uekte, rå eller kvardagslege?

Og er det omslaget då. Eg har fått lov å vise fram skissene. Tittelen blir sannsynlegvis Song for Eirabu, på begge bind. Og så må eg finne ein tittel på bind I.

Eitt i blått:

blue.jpg
Og eitt i grønt:

green.jpg

47 Responses til “Skrivetrøkk, skisse til omslag og sex”


  1. 1 frr mars 25, 2008 at 3:57 pm

    Det er spennende å følge prosessen din. Og for noen flotte omslag…

  2. 2 Suz mars 25, 2008 at 5:50 pm

    Drap? :skingrestemme:

  3. 3 Avil mars 25, 2008 at 6:33 pm

    *taus*

  4. 4 my mars 25, 2008 at 7:18 pm

    Det var kjempefine omslag! Særleg det blå. Og Song for Eirabu likte eg endå betre enn Soga om.

    Kor eg gler meg til å lesa! Og ikkje berre sexscenene, sjølv om eg er sikker på at dei vart flotte dei òg.

  5. 5 Avil mars 25, 2008 at 7:24 pm

    Sexscena er ganske kort, så ein skal ikkje kjøpe boka om ein utelukkande er oppteken av erotikk. *ler*

    Hmm, eg likar i grunnen det grøne best. Men smaken er som hjernehalvdelane.

  6. 6 Nissemann mars 25, 2008 at 7:50 pm

    Jeg er vant til korte sexscener, så det stopper ikke meg. Og så likte jeg “Song for Eirabu” best, og kanskje den grønne fargen - om menn får mene noe om farger… Den blå blir mest drømmeaktig, mens den grønne blir mer trolsk. Kommer an på om du vil trekke tankene mot det åndelige eller det naturnære. Takk for sniktitt, både på (utkast til) omslag og innhold. Du står på ønskelisten min til jul…

  7. 7 Avil mars 25, 2008 at 8:00 pm

    No skulle eg til å seie “og du står på min” for eg blei så glad, men slikt tar seg ikkje ut. Trass alt. Fnis.

  8. 8 marie mars 26, 2008 at 5:01 am

    Eg likte best det blå, men etter å ha sortert bokhylla mi etter fargar(jada, eg veit at det er lite intelligent og mest fordi eg likar å sjå fargane etter kvarandre) har eg funne ut at eg har få bøker med grønt omslag.

  9. 9 Nissemann mars 26, 2008 at 8:46 am

    *Fnis*

  10. 10 Avil mars 26, 2008 at 9:21 am

    marie: Dette forpliktar. Eg må laga grøne bøker til deg.

    Nissemann: *knise*

  11. 11 Hydra mars 26, 2008 at 9:29 am

    Skriv du om sex?! Har ikkje du både foreldre og alt som sikkert kjem til å lese? Hjølpe seg.

  12. 12 Avil mars 26, 2008 at 9:32 am

    Du seier noko. Eg får vel heller droppe heile boka.

  13. 13 Aina mars 26, 2008 at 10:08 am

    … og eg likte best det blå og “Soga om…”. Det er noko med ordet “soge” på nynorsk. Det er fint.
    Elles likte eg omslaget. Det var magisk og mystisk og ikkje tacky.

  14. 14 Aina mars 26, 2008 at 10:11 am

    Eg blei visst ikkje heilt ferdig:
    Synest også det er vanskeleg å skrive om sex, uansett alder. Og vanskeleg å skrive om valdtekt og overgrep. Fysj og fy! Trur det einaste ein kan gjere er å vere litt nøktern, sparsam, og stole på at lesaren har fantasi nok på eiga hand til å finne ut resten.

    Forresten fekk eg kriblingar i magen når eg såg omslaget på boka di, med namnet ditt og tittel og det heile. FLOTT!! Gratulerer igjen og igjen!

  15. 15 Avil mars 26, 2008 at 11:12 am

    Eg er i grunnen nøgd med det eg har skrive om overgrep og vald og sex og alt det som er vanskeleg. Det er berre litt mykje av det, kanskje. Men så er no dette ei slik bok der heile symfoniorkesteret skal få noko å gjere på. Andre kan lage bøker der berre fløytespelaren må jobbe for føden.

    Veldig bra du ikkje syns omslaget var tacky. Eg er veldig hønemorete med dette omslaget. Med denne boka. Heile greia. Eg føler meg dels som ein tigermamma, dels som ein liten drittunge som vil ha noko endå litt finare, endå litt søtare, betre, meir rosa.

  16. 16 Virrvarr mars 26, 2008 at 12:12 pm

    Jeg gleder meg som en unge, Avil! Og så fine de er!

  17. 17 Avil mars 26, 2008 at 12:37 pm

    I dag teiknar eg storyboard for å ordne opp litt her. Det er veldig gøy. *innrømmer*

  18. 18 Danielle mars 26, 2008 at 1:22 pm

    Snirkler! Så fint!

  19. 19 Aina mars 26, 2008 at 2:28 pm

    Kva slags omslag kunne du heller tenkt deg, då?

  20. 20 marie mars 26, 2008 at 4:36 pm

    Nissemannen ler av meg. *furte*

  21. 21 Hjorthen mars 26, 2008 at 5:20 pm

    Jeg holder en knapp på det grønne omslaget, og Song for Eirabu er bedre enn det litt trauste Soga om synes jeg?!?

    …og nå glemte jeg nesten at jeg er veldig misunnelig, så da skynder jeg meg å legge til “Førkje”, bare for å holde deg på tå hev.

  22. 22 Delirium~ mars 26, 2008 at 6:17 pm

    Slenger meg på de som liker “Song for…” best. Og det grønne. Fint med begge fargene, men det grønne likte jeg aller best.

    Men det viktigste av alt er at jeg liker illustrasjonen på coveret. Jeg har handlet masse bøker bare fordi jeg liker coveret nemlig… og dette er en sånt et som kunne medført at boken fikk bli med meg hjem hvis jeg hadde snublet over den i bokhandelen.

  23. 23 Nissemann mars 26, 2008 at 7:06 pm

    Neida Marie, ler ikke av deg. *smiler* Bare flørter litt med kjendisbloggeren og nestenforfatteren… :o) Du bare sto midt imellom da det ble litt hett. No bad feelings!

  24. 24 Nissemann mars 26, 2008 at 7:07 pm

    (Jeg sorterte dvdene i fargerekkefølge i påsken, og lurer på å ta cdene også. Men bøkene hadde jeg nok ikke kommet på selv, de er jo selvfølgelig sortert etter høyde… ;)

  25. 25 Heurodis mars 26, 2008 at 7:40 pm

    Veldig fint omslag–og best i grønt. Jeg liker Song for…, det er fint.

    *fast leser de-lurker*

  26. 26 HvaHunSa mars 26, 2008 at 8:26 pm

    Jeg er en ignorant når det kommer til denne sjangeren, føler meg hjelpesløs, men at språkføringen blir bra, se DET er jeg ikke i tvil om. Blir jo nysgjerrig på en sjanger jeg aldri har vurdert før. Bare det er jo et kompliment. Synes JEG da.

  27. 27 Avil mars 26, 2008 at 8:49 pm

    HHS: Eg begynte ikkje å lese fantasy før eg var over 30, så det er ikkje for seint!

    Heurodis: Lurkelesere som kjem ut av skapet og seier kva dei meiner om omslaget er dei aller beste lurkelesarane!

    Nissemann: Det er visst blitt kosher å sortere bøker etter farge. Men høgde er også bra. Så lenge du ikkje alfabetiserer, for då kjem antropologane og mobbar deg.

    Delirium: Du er jo ein kjennar, så eg noterer flittig.

    Hjorthen: Tå hev skal bli.

    Marie: Han kunne ikkje finne på å le av deg. Han er ytterst høvisk.

    Aina: Hm. Eg veit ikkje kva eg vil ha. Bror min er proff merkevarebyggar og meiner eg må våge å vere smal nok. Så dette er nok bra. Eg veit ikkje. *riv meg i håret*

    Danielle: Det er ein veldig gamal keltisk S. Fin, sant?

  28. 28 marie mars 26, 2008 at 10:22 pm

    No slepp eg å grine meg i søvn i natt. Men eg må berre fortelje at lesesirkeldamene likte fargesorteringa mi. *tuslar i seng*

  29. 29 marie mars 26, 2008 at 10:23 pm

    Ja, og etter å ha sett på omslaga fleire gonger liker eg betre det grøne enn det blå.

  30. 30 mathilde33 mars 26, 2008 at 11:52 pm

    Song for Eirabu får meg til å tenke på mystikk. Evigheten. Fin tittel. Jeg likte best den blå.

  31. 31 Avil mars 27, 2008 at 9:07 am

    Eg likte best den grønne. Men det manglar ein kontrastfarge.

  32. 32 KEE, Skien mars 27, 2008 at 12:58 pm

    “Song for” burde det bli, ja. Av disse to liker jeg best den blå. Fint motiv, forresten, det setter sjanger og tone svært godt. Men hvis du går for den grønne, den er svært så god den óg, bør du få inn noe dyprødt.

  33. 33 Avil mars 27, 2008 at 1:28 pm

    Ja, det har eg og tenkt, KEE. Akkurat det.

  34. 34 Aina mars 27, 2008 at 3:22 pm

    Viss du verkeleg skal vere smal, må du like den blå og “Soga om” best, ser det ut til.

  35. 35 Britt Åse mars 27, 2008 at 5:35 pm

    Magekribling og gåsehud! Men bestemme meg for om blått eller grønt er finest, -nei det går ikke. Jeg har ikke helt fått med meg at det har vært snakk om ei soge før, men ’song’ er da jammen meg også et vakkert nynorskord :-).

  36. 36 Avil mars 27, 2008 at 6:55 pm

    Det er fiksjon, så det er vel ei soge. Men song seier meir om kva slags soge det er. ;)

  37. 37 Lin mars 27, 2008 at 9:42 pm

    Så langt du har kommet. *imponert*

    Jeg likte “Song for Eirabu” best. Ellers er jo jeg mest glad i blått og likte umiddelbart den blå best. På den annen side virker den grønne mer uvanlig enn den blå. Den blå gir assosiasjoner til filmcover og ukebladillustrasjoner jeg mener jeg har sett før. At fargevalget kanskje blir litt trygt og traust?

  38. 38 Avil mars 27, 2008 at 10:06 pm

    Eg er berre ikkje komme heilt langt nok. Men det løsnar no.

  39. 39 Esquil mars 27, 2008 at 10:41 pm

    kjempefine omslag!

    det er et kick, ikke sant?

    lukke til vidare. og ikkje send anmeldereksemplar til hjorthen, jeg vet hva som skjer med anmeldelsen når han forhåndsannonserer sin misunnelse :)

  40. 40 Avil mars 27, 2008 at 10:44 pm

    Eg er kapsla inn i så mykje rart at eg ikkje heilt merker kicket. Men skrivinga løsna litt igjen i dag, etter strev og strev og strev. SÅ det kjennest bra likevel.
    Og godt å sjå deg, Esq. :)

  41. 41 Avil mars 27, 2008 at 10:47 pm

    *noterer det med Hjorthen*

  42. 42 Hjorthen mars 28, 2008 at 1:00 am

    Håhå, jeg er streng men rettferdig, og mener jeg fortjener et anmeldereksemplar. Dessuten er Avil vesentlig penere enn Esquil!

  43. 43 Avil mars 28, 2008 at 8:50 am

    Derom strides de lærde, Hjorth.

  44. 44 Delirium~ mars 28, 2008 at 11:30 am

    Jeg velger å tro at jeg vet hva jeg snakker om når det kommer til Fantasy ;) Jeg har pløyd gjennom ganske mye i min lesetid…

    Er kjempespent på dine vegne, og krysser fingrene for at du får fin progresjon frem til trykking og at følelsen av å stå der med faktisk bok i hendene blir helt sinnsykt!

  45. 45 marie mars 28, 2008 at 12:06 pm

    Eg har aldri lese ei einaste fantasy-bok. Ikkje før denne.

  46. 46 Avil mars 28, 2008 at 12:13 pm

    Delirium: Og så har du snakka med Neil Gaiman. Det heng liksom ved deg som stjernestøv, det.

    marie: Heilt seriøst, så håper eg verkeleg at folk som aldri les fantasy vil kunne ha stor glede av denne boka. At den skal opne noko for dei, gjere det muleg å tillate seg sjølv å kjøpe fleire fantasy-bøker. Den er meint å vere litt cross-over.

  47. 47 impen mars 31, 2008 at 3:44 pm

    Jeg blir helt imponert av deg, jeg. Ja, og så er det grønne omslaget finest.

Skriv et svar




Blåggsørvis for kresne

Lei av å surfe gjennom eit ørkeslaust internett? Sjekk ut nye Sonitus. Og her er ein ambisiøs borgarblågg: Les iNorden

Opphavsrett

Eg likar å dele. Eg likar ting som er gratis. Dette er ein fri Wordpress-blågg, og boka mi skriv eg på Open Office. Det er kjekt om du lenker til blåggen min. Det er kjekt om du siterer meg. Det er kjekt om du legg ut delar av tekstane her og legg til eigne refleksjonar, på din eigen blågg. Men sjølv om du ikkje finn små c-ar i sirklar her, så kan du ikkje gje ut tekstane mine utan å spørre meg, utgje dei for dine eigne eller tene pengar på dei. Ha ein god og fri open-kilde-dag.

Sjefen sjølv

bilde-198.jpg

Dykk i arkivet

Eit forsøk på å delta i blåggeverda

Kategorisengsforsøk

Heia Brann

Blod er tjukkare enn vatn.

Blog Stats

  • 86,024 hits