Ulv

Eg bur i ein del av verda der det ikkje er ulv. Derfor står eg fritt til å meine utelukkande positive og romantiske og litterære ting om ulvar. Eg vil tru det gjeld dei fleste her i verda. Særleg dei som sit og skriv bøker. Det er trass alt ikkje så mange menneske i verda, verken no eller i dei siste hundre åra, som lever med reell frykt for ulv. Og eg vil tru det sjeldan kjem ulv inn i skrivestovene til folk. Sauebøndene på austlandet ser på alle oss andre med smale auge og seier me romantiserer ulven.

ork-ulv.jpgLikevel ser det ikkje ut til at ulvar har fått nokon særleg romantisk plass i litteraturen. Ulvar er stort sett onde medhjelparar til fæle antagonistar (sjå! eg brukar sjargong!), som Heksa Kvit sitt sikkerheitspolizei i C. S. Lewis sitt Narnia, som ekle ridedyr for endå eklare orkar i J. R. R. Tolkiens Ringenes Herre, eller som Maugrims ulvehær leia av Galadan (ein nihilist i ulveham) i Guy Gavriel Kays Fionavar.

Ulven har dårleg rykte. Den held med dei onde makter, den er ein fiende av menneska og det gode. Ein mann som drap nokon på den heilage offerstaden her i Noreg i førkristen tid, vart dømt varg i veum - ulv i heilagdommen.

Eg har det ikkje slik med ulvar. Kan hende fordi eg likar hundar. Eg tenker slik at ulvane er dei dyra her oppe i nord som minner mest om oss sjølve. Dei er flokkdyr og dei forstår signala våre. Derfor held dei seg borte frå oss. Og me burde halde oss borte frå dei. Gjerde inn eller gjete sauene våre som folk skal gjere, framfor å forsyne oss grådig av heile landet og spre eksos og tømmerhogst og hyttebyar og sauer overalt. Me grisar det til og øydelegg, og det er faen ikkje ulven si skuld.

Me forventer at indarar skal halde ut med enorme og reelt livsfarlege tigrar kring landsbyane sine, og at afrikanarane skal ta vare på alle sine store rovdyr. Fattigfolk skal skjøne at store rovdyr ikkje må utryddast, sjølv om det døyr born og vaksne kvart år. Men ulven, som ikkje har drepe ein mann i historisk tid, er utrydda i Noreg. Dette enorme landet, med så få innbyggarar og så mange oljemilliardar. Me burde skamma oss herifrå til Kyoto.

Eg har altså eit øko-entusiastisk engasjement når det gjeld dyr. Store rovdyr døyr ut alle stadar det kjem folk, utanom Afrika, som er det einaste kontinentet der folk og store rovdyr ser ut til å kunne leve side om side. Det fins ein slags forsiktig optimisme i dette: At menneska sin eigen vugge er den einaste staden me ser ut til å klare å leve saman med dyra. Kan hende klarar me ein dag å lage til ein skikkeleg krig mellom kvite og arabarar og utrydde kvarandre, og så er det afrikanarane og dyra som arvar jorda. Det er noko vakkert ved den tanken, sjølv om eg framleis klynger meg til illusjonen om at me bør kunne leve her alle saman på eit vis.

Men eg har også eit romantisk forhold til ulv.

Eg likar ulv. For meg er ulvane blant dei magiske dyra. Saman med kronhjort og fiskeørn fins ulvane, som lys levande mytiske skapnader. Det er noko gripande og umogleg ved ein streifande ulv, tusen kilometer frå nærmaste artsfrende. Det er noko djupt og kjend og foruroligande ved eit ulveblikk. Det står ein ulv heilt stilt mellom trea, og du ser han ikkje. Han ser deg. Han vil aldri gje seg til kjenne, ikkje før hans verd og di verd held på å gå til grunne.

Derfor er det ulvar i Song for Eirabu.

kvit-ulv.jpg

God fredag!

28 Responses til “Ulv”


  1. 1 Skorpionkvinnen april 4, 2008 at 2:05 pm

    Åh, så enig! I Jungelboken er jo forresten ulvene kloke og modige. Det er ulvene, med mor Ulv i spissen som tar seg av Mowgli. Og i boka “Ensom blant ulver” overlever hovedpersonen Miaux (?) ved å holde seg sammen med ulveflokken.
    Ulver ER allrighte dyr. Det samme kan ikke alltid sies om homo sapiens.

  2. 2 Avil april 4, 2008 at 2:29 pm

    Born oppvaksen i ulveflokkar er dei nydelegaste historiane. *rørt*

  3. 3 Oda april 4, 2008 at 3:49 pm

    Fin svensk krim med egne kapitler om en ulv: «Det blod som spillts» av Åsa Larsson, kåret til beste svenske krimroman 2004 (på norsk: «Spilt blod»).

  4. 4 Randi april 4, 2008 at 4:21 pm

    Det er et paradoks som sees på de fleste områder. Å ville noe og og også ville konsekvensene er to forskjellige ting. Enten det er å innskrenke vår radius til fordel for ulv og bjørn eller å betale mere for varer fordi vi boikotter de som produserer de billige varene….

    I den norske filmen Ulvesommer beskrives ulven positivt, den harselerer også over troen på at en hver død sau er tatt av rovdyr.

    Rovdyr er fasinerende og flotte, de er instinkt og urtid…

  5. 5 Avil april 4, 2008 at 6:51 pm

    Rovdyr liknar oss. Rovdyr i flokk. Eg trur det forklarar fascinasjonen, like mykje som engstelsen og respekten.

  6. 6 Kristin april 4, 2008 at 9:23 pm

    Lokalavisa vår avslørte i dag at minst 25 ulver er blitt tatt av rovjegere i år, - de legger blant annet ut forgiftet mat og sånn.

    - Men det går an å ha romantisk syn på ulven selv om man ikke bor så langt unna den også.

  7. 7 Avil april 4, 2008 at 9:24 pm

    Kristin: Hoff. Og kalrt ein kan vere romantisk i nærleiken av ulven også. Men då er ein litt modigare. I alle fall om ein skriv lesarbrev til lokalavisa om det.

  8. 8 Hjorthen april 4, 2008 at 9:34 pm

    Mere ulv: Ukas bok for gratis nedlastning fra Tor.com er Through Wolf’s Eyes av Jane Lindskold.

    http://www.amazon.com/Through-Wolfs-Eyes-Wolf-Book/dp/0812575482

    Ikke at jeg noen gang får tid til å lese den da, og Avil av den raffinerte undik har vel bare tid til å skrive selv?

  9. 9 Avil april 4, 2008 at 9:38 pm

    Eg kan få mor mi til å lese den. Eller så kan eg stappe den i undikken.

  10. 10 Tomas april 5, 2008 at 12:18 am

    Merkelig at det ikke går an å velge de gode løsningene på denne problematikken i Norge, når det går aldeles utmerket i andre land.

    Vi trenger mangfold i naturen. Vi trenger alle dyrene, plantene og insektene der. De er ikke bare en viktig ressurs og tilstander utenom vår egen sfære. De er også viktige symboler i vår kultur. I alt dette er ulven veldig viktig. Det er ikke romantikk å mene at skogene våre blir fattigere uten ulv.

    Vi trenger sauer også, og sauebønder, men så lenge så mange motarbeider gode løsninger på dette feltet blir vi stadig fattigere. Det er et ran av fellesskapet å fyre opp under en konflikt som slett ikke trengte true ulven, eller bonden og sauene hans.

  11. 11 lises april 5, 2008 at 1:38 am

    Min niåring elsker ulv. En prosjektoppgave i tredje klasse får mesteparten av æren for det. Da vi var i Dyreparken i sommer, gikk niåringen og jeg en morgentur (siden vi bodde i Kardemomme by kunne vi det). Oppi skråningen fikk vi et glimt av den ene ulven, og niåringen hvisket andektig - Dette er det største øyeblikket i livet mitt. Heldigvis for ham ble det mye ulv (og mye venting) både den dagen og den neste. Jeg tror jammen han kommer til å glede seg til Song for Eirabu når jeg forteller ham om ulvene.

  12. 12 lothiane april 5, 2008 at 8:55 am

    Poden og jeg samlet en periode på tskjorter med ulvemotiv. Vi synes også de er fine (ja, vi romantiserer sikkert vi også). Husker reaksjonen fra ei dame i en av nærbutikkene. Hun skjelte oss nesten ut, fordi vi tydeligvis syntes det var greit at folk måtte ha ulv tett innpå der de bor, med fare for livet til barn og hunder.

    Man kan vel uansett like ulven og synes den er et fint dyr, uten å mene den skal drepe småbarn? Ikke det..? Neivel. ;)

    Ulvedebatten i Norge er rimelig hårreisende til tider. Enig med deg, Avil. Vi bør lære oss å ta vare på rovdyra våre.

  13. 13 Avil april 5, 2008 at 9:04 am

    lothiane: Eg har fått med meg at det ikkje er heilt trygt å vere for ulv i enkelte område i Noreg. Men ulven tar ikkje folk.
    Og ørni tek ikkje onga.

    lises: Den sonen din har utvikla seg til å bli eit sjeldant fint menneske.

    Tomas: Me er aill individa. ;)

  14. 14 marygoessolo april 5, 2008 at 9:19 am

    Åh. Nå ble jeg romantisk…

    Den kvelden jeg falt for mannen min diskuterte han ulveproblematikken med en venninne av oss, og holdt en flammende, lidenskapelig forsvarstale for ulven. Jeg så på ham med store øyne og stadig økende hjerterytme.

    Takk for at du minte meg på det!

  15. 15 Avil april 5, 2008 at 9:48 am

    mary: Slikt kan reint bli for mykje for eit ungpikehjarte. *rørt*

  16. 16 Anathema april 5, 2008 at 12:49 pm

    Fin tekst og så enig, så enig! Jeg forbeholder meg også retten til å like store rovdyr, både bjørn og ulv. Sauebønder, derimot…

    PS: Hva med “Når villdyret våkner?” Der er de også snille, tror jeg?

    God fredag til deg også!

  17. 17 bandanders april 5, 2008 at 3:01 pm

    Det er no eg kunne ha klaska til og ordna meg ein “alltime high” på dansebandmuseum.

    Men eg let vere. Dette er ei alt for viktig sak til det. Konlikten sau/ulv er berre eit svært synleg symptom på ein grunnleggande problem vi menneske har sett oss sjølve i.

  18. 18 Avil april 5, 2008 at 3:04 pm

    Kva ville du ha sagt om du skulle ordne deg ein alltime high? *nysgjerrig*

  19. 19 bandanders april 5, 2008 at 5:13 pm

    Sant å seie så trur eg du hadde flirt deg ihjel om du hadde visst kva ein alltime high inneber i min liga.

    Nei, eg kunne vel berre ha ordlagt meg på ein måte som stadfesta alle fordomane folk har om sauebønder.

    Men kan hende skriv eg noko om dette emnet “heime” eller på “Klinkekula” ein dag.

  20. 20 Avil april 5, 2008 at 6:06 pm

    Men du må ikkje spele ein rolle for å provosere, bandanders! *knuge på ærleg kommentator*

  21. 21 Kristin april 5, 2008 at 8:02 pm

    Det jeg ser rundt her er sånn 50/50 for og imot ulv. Så det er egentlig bare halvmodig å være for ulv her.

    Det jeg har lurt på i veldig mange år nå, er hvorfor ingen skriker om Jerven, - det er faktisk den som tar flest husdyr på beite.

    Men akkurat dette med afrika som du nevnte, kan ikke forskjellen ligge i at de menneskene tror de er endel av naturen, mens vi tror vi står ‘over’ alle andre vesener?

  22. 22 Avil april 5, 2008 at 8:15 pm

    Det er sjølvagt muleg, men afrikanarar er ikkje homogene og heilt annleis enn folk i heile resten av verda?

  23. 23 bandanders april 6, 2008 at 9:13 am

    Avil: Eg måtte ta ein liten runde med meg sjølv no, altså. Eg er framleis ikkje heilt sikker på om eg tolka den siste kommentaren din rett. Men likevel:

    Eg er ikkje så sikker på om det først og fremst handlar om å spele ei rolle. Kanskje meir om å late vere å handle, skrive eller seie noko som går på tvers av dei oppfatningane folk har om «ein slik som deg».
    Tenk deg at eg som sauebonde fekk meg til å skrive fylgjande: I 1820-21 hadde ein i Sverige ein serie ulveangrep der ein ulv drepte ni born og ei ung kvinne.
    Eg tvilar på at eg hadde fått nokon til å tru at dette kun var meint som generell folkeopplysning.
    Dersom du les det same på Alpha-gruppen si heimeside (og det vil du faktisk gjere dersom du leitar deg fram) , forventar du å finne ei plausibel forklaring som samsvarer med Alpha-gruppen sitt formål. Og du vert ikkje skuffa.
    På same måte vil overskrifta «Tro er skadelig for barn» ha heilt ulik verknad på meg alt ettersom ho stod i Vårt land eller i Dagbladet.

  24. 24 Avil april 6, 2008 at 9:31 am

    Eg ser det, bandanders. At ein sit på mykje kunnskap og kan velge å seie det eine eller det andre, begge deler like “sant”, men det eine meir stigmatiserande og det andre meir overraskande.

    Men no har det seg slik at du ikkje er i nokon “sauebonde-bås” for meg, og sikkert ikkje for dei andre lesarane her heller. Eg håper du kan føle deg fri til å seie kva du meiner, og det ville overraske meg allermest om du sa noko berre for å provosere. Du er nemleg i “ikkje-kverulant-båsen” for meg. ;)

  25. 25 bandanders april 6, 2008 at 10:32 am

    Ein fin plass å vere. Kom akkurat inn etter norgontur med hunden. Måtte berre legge ut eit par bilete.Fin morgon dette.

  26. 26 Avil april 6, 2008 at 11:00 am

    Fantastiske bilete, bandanders!

  27. 27 jon april 6, 2008 at 5:49 pm

    Det er alltid gildt å kikke innom bloggen din, Avil, og du skuffar ikkje i dag heller.

    Skilnaden i syn på rovdyr i Norge og Afrika skuldast nok mykje at dei store rovdyra var utrydda i omlag hundre år her heime. Me har såleis blitt vande med ein rovdyrfri natur,og slit med å venne oss til andre forhold. Det gjeld nok både sauebønder og andre. Eg er og usikker på om forholdet mellom menneskje og rovdyr i Afrika er fullt så greit som du skriv.

    Gler meg forresten til boka di kjem.

  28. 28 Avil april 6, 2008 at 6:04 pm

    Takk Jon! Eg trur heller ikkje det er spesielt uproblematisk i Afrika, men rovdyrbestanden ser i alle fall ut til å klare seg.

Skriv et svar




Blåggsørvis for kresne

Lei av å surfe gjennom eit ørkeslaust internett? Sjekk ut nye Sonitus. Og her er ein ambisiøs borgarblågg: Les iNorden

Opphavsrett

Eg likar å dele. Eg likar ting som er gratis. Dette er ein fri Wordpress-blågg, og boka mi skriv eg på Open Office. Det er kjekt om du lenker til blåggen min. Det er kjekt om du siterer meg. Det er kjekt om du legg ut delar av tekstane her og legg til eigne refleksjonar, på din eigen blågg. Men sjølv om du ikkje finn små c-ar i sirklar her, så kan du ikkje gje ut tekstane mine utan å spørre meg, utgje dei for dine eigne eller tene pengar på dei. Ha ein god og fri open-kilde-dag.

Sjefen sjølv

bilde-198.jpg

Dykk i arkivet

Eit forsøk på å delta i blåggeverda

Kategorisengsforsøk

Heia Brann

Blod er tjukkare enn vatn.

Blog Stats

  • 86,022 hits