Stovebytte

Deadline nærmar seg og det er på høg tid å bli modig. Siste året har vore prega av ein nærast obsessiv rigiditet i døgnrytme og arbeidsvanar. Følge førsteklassingen til skulen, heim og fyre i ovnen, koke kaffi og slå på / skru på / tenne for pc-en. Sitte her heime, limt foran skjermen, til klokka er tre eller halv fire, og så gå for å hente ungane.

Eg har no omlag to månader på meg til å gjere ferdig like mykje tekst som eg har brukt eit halvt år på å gjere ferdig til no. Det seier seg sjølv at eg er litt stiv i ryggen og har lyst på sjokolade. Men også at alle midlar må bli tatt i bruk for å sikre at eg held tempoet oppe.

Sist veke våga eg meg på kafeskriving. Vågalt.
Kafeen var tom då eg kom klokka ti, og bortsett frå dei to ansatte som stilte seg midt i lokalet og diskuterte svært høglytt om dei skulle male colaskapet med kvit oljemaling og ta rekninga når dei ein dag ikkje trong colaskap lenger, eller om dei skulle leve med den glorete raudfargen, var det stilt.
Eg sat med ein heller keisam kaffelatte (eller var det cafe au lait - det fekk eg aldri heilt klarlagt, men den kosta 33 kroner og blei servert i glas, og med sugerøyr), og kikka ut over fjorden. Eg fann ingen stikkontakt, så laptop-en ga meg max to timar å prøve ut denne arbeidsformen. Heldigvis fann eg heller ingen trådlause nettverk, så eg slapp å forfølge trongen til å laiv-blågge om damer som planla hærverk mot Coca cola sin eigedom utfrå estetiske og ikkje politiske omsyn.

Eg fekk skrive eit kapittel. Det fungerte fint. Resten av veka sat eg her heime i stova, det var liksom nok med den eine modige handlingen.
Men om ein halv time opnar Folkebiblioteket i Kulturhuset for dagen, og eg har tenkt meg dit.
Dei har verken kaffe, utsikt eller høglytte damer, men eg har sterk tru på at dei har ein stikkontakt.

Så no pakkar eg laptop og notatbøker i sekken og drar på biblioteket. Ønsk meg lukke til.
Eg må berre ha ein kopp kaffe først. I kopp. Utan sugerøyr.

19 Responses til “Stovebytte”


  1. 1 lises april 7, 2008 at 1:34 pm

    Lukke til!

  2. 2 caterina april 7, 2008 at 2:45 pm

    før i tiden kunne jeg sitte hvor som helst og skrive. men nå … jeg trenger stillhet. alenehet. og slett ikke stemmer og mas. mannen min skal bygge skrivestue til meg … jepp!
    jeg bare tenkte på en ting: en annen gang, før i tiden, da jeg godtok for meg selv å skrive for hånd på biblioteket var noe av det mest irriterende - ja, altså: sorry - folk som satt og tappet som gale på tastaturet. eh. ja. håper du har mac, de er litt stilletastende. eller at du slipper å være omringet av stillhetsidioter som meg … uansett: lykke til. og hva er denne deadlinen, har du fått antatt manus???????????? nysgjerrig.

  3. 3 Goodwill april 7, 2008 at 3:52 pm

    Jeg er sikker på at Folkebiblioteket har et trådløst nett som stikker kjepper i hjula for deg…

  4. 4 Avil april 7, 2008 at 4:20 pm

    lise: Takk!

    caterina: Manus antatt, boka kjem til hausten. No er omslaget klart og søknad sendt til innkjøpsordning, og bokhandlarane har fått den første omtalen.
    Men eg har berre skrive omlag halve boka. Deadline første juli. Hjølp.
    Og eg var ganske aleine på biblioteket, ingen illsinte stillhetsidiotar i sikte. Berre nokre afrikanarar som snakka høgt i mobiltelefon. :)

    Goodwill: Dei hadde ikkje! *juble* Så eg skal dit i morgon også. Det var jo heilt genialt å sitte midt mellom alle oppslagsverka og ordbøkene.

  5. 5 Elisabeth april 7, 2008 at 4:25 pm

    Har tilbragt mange timer og dager på kafe med penn og notatbok før i tiden. Jeg ble nok sett litt rart på av og til. Som hun som alltid sitter der i hjørnet og skriver. - Men hva gjorde vel det? Tror man er en bedre observatør når man går inn for det. Dessuten; notatbøkene fra den tiden er ganske interessant lesning.

  6. 6 caterina april 7, 2008 at 4:27 pm

    ååååååååååå, så spennende. kanskje jeg er akterutseilt og du har blogget om det sent og tidlig, og jeg, som vanlig, henger etter på ALT. HVAHVAHVAHVA????? stiller meg i rekken av de antagelig glemte gratulanter og ønsker lykke, lykke til på ferden. si mer!

  7. 7 caterina april 7, 2008 at 4:28 pm

    forresten; bare skrevet halve boka? deadline 1. juli? hva eeer det du har rotet deg borti… ;-))))

  8. 8 Avil april 7, 2008 at 4:47 pm

    caterina: Takk. Og hahaha, eg er veldig spent på om eg kjem i mål. Litt dumt med ei bok full av kvite ark. *angst*

    Elisabeth: Eg noterte mykje før, og har kasserte harddiskar ståande med enorme mengder halve tekstar. Då eg første gong var i praksis som terapeut noterte eg klar einaste setning som var blitt sagt i løpet av 50 minuttar etterpå. Det var utruleg nyttig for både observasjonsevne og hukommelse, og noko eg framleis har med meg om eg ser noko som undrar/morer/overraskar meg.

  9. 9 caterina april 7, 2008 at 4:56 pm

    “behendig og smidig unngikk hun å svare på det mest essensielle” :-)

  10. 10 Avil april 7, 2008 at 5:56 pm

    Kva svarte eg ikkje på? ;)

  11. 11 caterina april 7, 2008 at 7:45 pm

    hihi, jeg må tydeligvis vente til høsten og lansering. du har en som er klar som et egg, først i køen i bokhandelen, når den tid kommer. ;-)

  12. 12 Avil april 7, 2008 at 7:54 pm

    Det er ikkje spesielt hemmeleg at det er fabelprosa, eller ein slags fantasyroman for folk som ikkje berre er born lenger.
    I dag har eg skrive ein del av ein slagscene, så sjølv om det er mykje folk og relasjonar, så er det jammen meg noko æksjen og. :)

  13. 13 caterina april 7, 2008 at 8:49 pm

    så kult. gleder meg. slagscener. det tror jeg aldri jeg ville klart. way to go!

  14. 14 Avil april 7, 2008 at 9:01 pm

    Takk! ^-^

  15. 15 frr april 7, 2008 at 10:17 pm

    Alle kultforfattere sitter på kafè når de skriver. Når du nå har gjort det, er du en av de store. Og det allerede før boken har kommet ut.

  16. 16 røverdatter april 8, 2008 at 12:46 am

    Tvi-tvi! -Så mange du trenger. :)

  17. 17 lothiane april 8, 2008 at 8:53 am

    Lukke til (på neste besøk)! Lur ting å sitte på biblioteket. :)

  18. 18 Skorpionkvinnen april 8, 2008 at 11:37 am

    Biblioteket er bra, ja. Selv om det muligens kan finnes høylytte damer der og til tider. Men så dumt at de ikke har trådløst, det har vi selvfølgelig her, blir satt stor pris på av alle slags folk :)

  19. 19 Avil april 8, 2008 at 3:04 pm

    Eg er veldig glad for at dei ikkje har trådlaust, det er mellom anna derfor eg er der.
    Eine bibliotekaren sa i dag at dei snart fekk trådlaust, og eg sa “åh, det var synd”. Ho lo litt sånn usikkert.

Skriv et svar




Blåggsørvis for kresne

Lei av å surfe gjennom eit ørkeslaust internett? Sjekk ut nye Sonitus. Og her er ein ambisiøs borgarblågg: Les iNorden

Opphavsrett

Eg likar å dele. Eg likar ting som er gratis. Dette er ein fri Wordpress-blågg, og boka mi skriv eg på Open Office. Det er kjekt om du lenker til blåggen min. Det er kjekt om du siterer meg. Det er kjekt om du legg ut delar av tekstane her og legg til eigne refleksjonar, på din eigen blågg. Men sjølv om du ikkje finn små c-ar i sirklar her, så kan du ikkje gje ut tekstane mine utan å spørre meg, utgje dei for dine eigne eller tene pengar på dei. Ha ein god og fri open-kilde-dag.

Sjefen sjølv

bilde-198.jpg

Dykk i arkivet

Eit forsøk på å delta i blåggeverda

Kategorisengsforsøk

Heia Brann

Blod er tjukkare enn vatn.

Blog Stats

  • 86,022 hits