Om Den norske forfatterforening: Ein nybegynnar si undring over korleis dei beste blant oss oppfører seg som kløner.
Den norske forfatterforening ligg i forhandlingar med forleggarane om ny standardavtale. Trur eg.
På førehand har DNF annonsert at den viktigaste saka for dei er å heve royaltysatsen på billigbøkene. Dette får eg vite frå DNF si eiga nettside: Dei har sagt opp standardkontrakten, dei har vore i nokre uformelle samtalar med forleggarane, men det første visst ikkje til noko. Andre april skriv dei at “Styret har besluttet at Forfatterforeningen foreløpig nedprioriterer de uformelle samtalene med forleggerne i forbindelse med vår oppsigelse av billigbokavtalen, ettersom dette tar for lang tid. Vi henvender oss i dag til Forleggerforeningen og ber om et raskt møte for å få avklart tidshorisont, møteplan og forhandlingsdelegasjon.”
Som utanforståande rekna eg då med at forhandlingane var i gang, og at begge partar no ville halde klokeleg kjeft til dei kjem ut att på andre sida med eit resultat som dei respektive partane vil kunne forsvare overfor sine medlemmer.
Men så skjer dette:
Torgrim Eggen, forfattar og styremedlem av DNF, publiserte i går (torsdag 10.04.08) både på DNF sine heimesider og i sin eigen blogg: “Kontraktbetingelsene, som de fleste av dere sikkert kjenner, er slik:
De første 5000 eksemplarer: 5.0 % av utsalgspris
De neste 3000 eksemplarer: 7.5 % av utsalgspris
De neste 7000 eksemplarer: 10.0 % av utsalgspris
Over 15 000 eksemplarer: 12.5 % av utsalgspris
Dette er royaltystigen i den skjønnlitterære billigbokkontrakten. For sakprosabøker finnes ingen billigbokkontrakt.
Jeg har returnert kontrakten, strøket hele denne kolonnen og erstattet det med «15 prosent fra første bok».”
Han argumenterer deretter godt og grundig for kvifor han vil ha 15% royalties, som forventa frå eit styremedlem av DNF. Det må vere å dele denne argumentasjonen med sine kollegaer, samt å oppfordre til liknande oppseiing av avtaler som må vere drivkrafta bak dette initiativet.
For det er påfallande at eit styremedlem av ei fagforeining går ut midt i forhandlingane og annonserer offentleg kva han føretek seg i sine individuelle forhandlingar med sin arbeidsgjevar.
Forfattarforeininga sine medlemmer leverer ei vare som folk vil ha. Dei skriv bøker, og bøker blir det solgt stadig fleire av.
Likevel har dei ikkje klart å forhandle fram ein standardkontrakt mellom forfattar og forlag som gjer det mogleg for den gjennomsnittlege forfattaren å leve av produktet sitt. Forleggarar og bokhandlarar har mange fast ansette med greie tariffavtalar, men produsentane av sjølve det ettertrakta produktet dei alle handlar med, er dårlegast stilt økonomisk.
Det er også påfallande.
Og når det skjer noko såpass påfallande må det ha sine årsaker.
1. Dei er noko merkeleg organisert, desse bokskribentane.
For DNF slepper ikkje alle inn. Dette er eit stort problem for DNF når ein kjem til forhandlingar. Dei både forvaltar stipendordningar som kjem ikkje-medlemmer til gode, og forhandlar fram standardkontraktar som også blir brukt av forlaga overfor forfattarar som ikkje er DNF-medlemmer. Slik sett gjer dei det mindre attraktivt å melde seg inn, kan ein seie. Og dei kan på denne måten også forsvare politikken med å ikkje sleppe inn alle. For sjølv om dei er eksklusive når det gjeld medlemsskap, er dei altså ikkje tilsvarande eksklusive når det gjeld å dele ut pengar og skape rammer.
Men stoda er at dei berre representerer ei avgrensa gruppe forfattarar, og at ein del av Norges bestselgande forfattarar er ikkje medlemmer, anten fordi dei er blitt avvist eller fordi dei ikkje har søkt medlemsskap.
Dette svekkar DNF som pressgruppe.
Forhandlingar er ikkje eit spørsmål om anstendighet. Det er ikkje eit spørsmål om gode argument eller rettferdighet. Alle som forhandlar veit det. Forhandlingar er handel.
Og for å handle, må du ha noko å handle med. Ei fagforeining har medlemmene sine, og dermed potensiell råderett over dei tenestene og produkta som medlemmene yter. That’s it. Ein må vere villig til å ta desse midlene i bruk, ellers eksisterer dei ikkje ved forhandlingsbordet.
Utan streikevilje, ingen forhandlingsevne.
Det er alvorleg at Forleggerforeningen ikkje ser ut til å ha tru på at forfattarane kan legge makt bak krava sine: “– Vi har måttet lære oss å leve med at Forfatterforeningen truer med aksjoner fra tid til annen,” seier Forleggerforeningens direktør Per Christian Opsahl til Dagsavisen 11.mars i år.
2. Eit vell av jublande judasar.
Eit anna opplagt problem for DNF er at det fins svært mange bokskribentar som er villige til å gje bøkene sine til forlag utan å ta seg noko særleg betalt.
Når Norge flaumer over av uorganiserte arbeidstakarar som er villige til å jobbe nærast gratis, strevar fagforeiningane. Mange bokskribentar syns det er så viktig og staseleg å få utgitt ei bok, at dei selger produktet sitt for småpengar.
Desse uorganiserte og nærast kravlause hordene av bokskribentar sluttar seg neppe opp om aksjonar som oppfordrar til å forhandle seg fram til betre individuelle avtalar.
3. Lønnslokomotiva.
Og så er me over på eit særleg vanskeleg område: Dei individuelle forhandlingane. I resten av arbeidslivet er det vanleg at arbeidsgjevar opnar for forhandlingar med den enkelte arbeidssøkar, og kjøpslåing er normalt alle stader varer og tenester blir solgt. Men som debutant blir ein møtt med ein ufråvikeleg standardkontrakt hos alle dei etablerte forlaga, så vidt eg har forstått.
Dersom denne standardkontrakten skal sidestillast med ein tariffavtale som sikrar minstelønn, er det tilsvarande viktig for lønnsutviklinga i yrkesgruppa at ein har unntak. Jo fleire unntak jo betre. Individuelle avtalar som sikrar enkelte forfattarar betydeleg betre vilkår enn standardkontrakten, og eit vell av individuelle avtalar som gjer det muleg for einkvar med overtydande salgspotensiale å sikre seg betre vilkår, ville ha betra vilkåra monaleg for forfattarane som gruppe.
Torgrim Eggen vil vere eit slikt opplagt lønnslokomotiv. Dersom dei som forhandlar for resten av oss ikkje klarar å forhandle betre avtalar for seg sjølve, framstår dei ikkje som verken særleg gode forhandlarar på alles vegne, eller som gode døme for den sprikande hop. Dei beste blant oss burde sikre seg avtalar som sprenger dei mentale rammene for kva forlaga meiner forfattarar skal tene.
Utan lønnslokomotiva står me alle som treige godsvogner. Skal alle løftast samstundes kvar gong, ser det jækla dyrt ut. Ideane om likhet, rettferd og solidaritet er nettopp det som pregar fagforeiningar som ikkje klarar å få til noko særleg i forhandlingane. Ein må vere villig til å gje ein del meir og nokre mykje, om gruppa som heilskap skal ha håp om fornuftig lønn.
4. Det private korstog.
Men kan hende er ikkje DNF i forhandlingar med Forleggerforeningen?
Sidan ein blir oppfordra av styremedlemmene til å jobbe med saka individuelt og modig?
Sidan Forleggerforeningen går ut med lesarbrev i aftenposten?
For dersom DNF er i forhandlingar har ikkje den einskilde ein sjanse til å endre slike individuelle avtalar. Så lenge forhandlingane pågår vil forlaga vere steilt rigide på slike avtalar, ellers mister dei all truverdig tyngde ved forhandlingsbordet. Eg ville ikkje vore den forlagssjefen som på dette tidspunktet skreiv under ein kontrakt på 15% flat royalty på billegbok!
Det private korstoget er edelt og modig. Men eg forstår det ikkje.
Den pessimistiske konklusjonen
Eg forstår at forfattarar er dårleg organiserte, og ingen samla gruppe. Eg forstår at dei er så ivrige etter å få produkta sine ut at dei er villige til å ikkje ta seg skikkeleg betalt. Eg forstår at dei er vant til å ha ordet i si makt og har overdriven tru på Det Gode Argument. Eg forstår at det å skrive kontrakt med eit forlag ikkje er ein ansettelse, og at den ikkje kan samanliknast med tarifflønn. Eg forstår at det er tale om eit produkt mange meiner bør skapast i fattigdom og liding, og andre meiner det berre bør vere tjue forfattarar i Norge som skal leve av å skrive.
Men eg forstår ikkje at dei beste blant oss ikkje har klart å skaffe seg sjølve eit levebrød. Det er snart berre doktorgradsstipendiatar og forfattarar som ikkje klarar å leve av jobben sin. Og dei er jo i grunnen nokre av dei skarpaste.
Eg undrar meg berre.
Og slik det ser ut no, trur eg neppe denne vårens rufsete korstog skal lukkast.
Medmindre DNF har ein utruleg smart, hemmeleg plan som eg ikkje har rekna ut.


Ok, eg får ikkje fjerna tagsa til “Norrøn” og “Filosofi” frå denne posten. Gådd. Den skal kun og berre og utelukkande vere merka med “Svært lang post for spesielt interesserte”.
By: Avil on april 11, 2008
at 7:19 pm
Noko anna er det at dei som ikkje får vere med i DNF burde sjå til å starte si eiga foreining, foreining for forfattarar (FFF – sjå der får dei namnet gratis av meg!).
DNF er ein dodo. Ein gong ekstremt tilpassa sitt miljø, men komplett ute av stand til å tilpasse seg nye tider.
By: Undre on april 11, 2008
at 11:24 pm
Eg veit ikkje nok om verken DNF eller bransjen i det heile tatt. Men eg veit noko om forhandlingar.
By: Avil on april 12, 2008
at 10:45 am
DNF er jo ikkje akkurat kjend for å vere inkluderande. Ein lyt vere ein “bra nok forfatter” i deira auge for å få vere med. Det gjer mellom anna at seriebokforfattarane i Noreg, som kanskje sel haugevis av bøker og lever av å vere forfattarar, ikkje får lov til å vere medlem i DNF.
DNF ser ikkje sitt eige beste når dei ikkje vil inkludere dei som faktisk sel mest bøker her i landet.
*stryke på kjepphesten*
(Eg reknar med at nokon frå DNF er innom og les her, difor måtte eg berre seie det.)
*tru at Avil kjem til å rocke DNF*
By: Undre on april 12, 2008
at 12:35 pm
Det er først og framst eit problem når det gjeld kva ein kan komme med til forhandlingsbordet.
DNF opererer som ein interesseorganisasjon meir enn ein fagforeining, og det er det nok klåre grunnar for. Men når ein då skal sette seg ved forhandlingsbordet og ikkje har ein medlemsmasse som omfattar nokre av dei viktigaste kommersielle aktørane, er ein sjølvsagt svekka.
Seriebokforfattarane har ellers betre billegbokavtaler enn DNF sin standardkontrakt, og alle som har gitt ut bøker kan søke på stipenda som DNF forvaltar.
Det har vore mykje fokus på forfattarar som ikkje får lov å vere emd, men i denne samanhengen er det vel så interessant å sjå på alle dei som ikkje har interesse av å vere med.
By: Avil on april 12, 2008
at 1:40 pm
Eg saksar:
Men så til det andre: Hvilke fordeler får man som medlem i Forfatterforeningen? Vi ringer lederen i Det litterære råd, Ann Kavli. Hun er en av de som bestemmer hvilke forfattere som får bli medlem – og hvilke som ikke får komme inn i varmen.
- Det første jeg vil si er at alle som skriver bøker kan bruke Forfatterforeningen enten de er medlemmer eller ikke. De kan søke forfatterstipendene som utlyses og bruke foreningens kompetanse når det gjelder for eksempel kontrakter. Men det å komme inn i foreningen handler mye om identitet, man ønsker å få en tilhørighet. Dessuten får man et forum å snakke fagpolitikk og fag i.
- Og rent økonomisk?
- Der er det ikke noe å hente. Du får akkurat samme den hjelpen uansett, men hvis du ikke er medlem, får du ikke delta på årsmøtet og påvirke politikken innenfra.
By: Avil on april 12, 2008
at 1:44 pm
Saksa frå http://www.dagbladet.no/kultur/2007/01/24/489866.html
By: Avil on april 12, 2008
at 1:45 pm
Hehe. No vart eg vel i grunn berre meir forvirra over DNF.
Dei seier at alle kan bruke dei og søke om stipend frå dei, men berre nokre få får vere medlem? Det inneber i praksis at DNF gjer masse arbeid for dei som ikkje får vere medlem og dermed har masse kostnadar med folk dei ikkje mottek nokon slags kontigent frå?
I tillegg vil dei av prinsipp heller ikkje ha dei som sel mest bøker som medlem?
By: Undre on april 12, 2008
at 4:27 pm
Eg trur ikkje stipenda er finansiert av medlemmenes kontigent, men kva veit eg.
Greia med ein interesse/profesjons-organisasjon (som eg sjølv er medlem av på anna hald) er jo at ein samlar nokre folk som driv med omlag det samme og har omlag samme interesser, slik at ein kan fremme deira saker.
Dersom ein samla “alle som skriver” i samme organisasjon, ville dei sannsynlegvis ha for sprikande interesser til at organisasjonen ville ha nokon fagpolitisk funksjon.
Men dei strevar altså med fagforeiningsbiten, nettopp fordi dei ikkje har ein stor og samla medlemsmasse – og fordi medlemmene er sjølvstendig næringsdrivande og då er det å streike noko som stort sett berre går ut over ein sjølv, dersom ikkje alle andre i samme business gjer det samme.
By: Avil on april 12, 2008
at 4:58 pm
Nei, jeg eg trur ikkje at stipenda vert teke frå kontigentane. Eg reknar med at DNF får tilskot frå Staten og at det er desse pengene som dei deler ut.
Men elles så ser eg poenga dine og er samd i dei.
Eg meiner likevel, som eg har skrive om i bloggen min før (om nokon hugsar, eg trur ikkje eg skal linke til saka), at det skulle ha vore ei mer inkluderande forfatter-/skribentforeining i Noreg. Eg meiner å hugse at dei har det i Canada mellom anna. Det betyr jo ikkje at ein ikkje kan ha særforbund for ulike sjangre i tillegg.
By: Undre on april 12, 2008
at 5:44 pm
Og dei forskjellige særforbunda kunne kan hende stille seg solidariske i enkelte saker, og dermed faktisk ha ein reell sjanse til skaffe medlemmene sine anstendige vilkår.
By: Avil on april 12, 2008
at 7:12 pm
*verdsfred <3*
By: Undre on april 12, 2008
at 8:52 pm
^-^
By: Avil on april 12, 2008
at 11:05 pm
Stipenda er statlige.
Forfatterforeningen har vært viktig for norske forfattere, men nå er den en tragisk mastodont som ikke er i stand til å forsvare det den en gang bygget opp. Tidene har forandret seg, og denne foreningen står stille, med det resultatet at den har mistet all handlekraft.
Argumentasjonen om skjønnlitterær kvalitet er fullstendig død. Kvalitet skapes av gode forhold for forfattere, og gode forhold for bokutgivelser, ikke av et “litterært råd” som forkaster bøker som uansett skrives. Den norske forfatterforening bidrar ikke lenger til en bedre norsk litteratur. Straks det kommer en alternativ forening vil jeg melde meg inn, og da vil jeg forvente at staten (Norsk Kulturråd) vil søke tilrådinger om litterære stipender fra den nye foreningen også, og vil fordele sine stipender etter medlemstall i foreningene.
Men, denne farsen har pågått lenge, uten at noe har skjedd …
Å si at norske forfattere er blant våre skarpeste hjerner, er en fornærmelse mot heismontørene og alle andre har klart å kjempe seg til gode vilkår for det de driver med. Selv bøndene er skapere enn forfattere. Forfattere er flinke til å skrive, men de er håpløst engstelige for forandring, og ensomme ulver av legning. De makter ikke engang å skape seg en forening som virkelig forener.
Look to Canada!
Canada har en forening for alle forfattere, selv de som ikke har gitt ut første boka si enda, sikkert med tanke på at det gir faktisk forhandlingsmakt.
By: Tomas on april 14, 2008
at 1:42 pm
Stipendene er først og fremst opphavsrettsmidler som er samlet inn kollektivt, for eksempel gjennom fotokopieringsavtalene til Kopinor. I Kopinor (og andre tilsvarende organisasjoner mwd avtalelisensavtaler) representerer DNF alle skjønnlitterære forfattere, og får hele vederlaget for kopiering av den type verk. Uansett om den som kopieres er medlem av DNF eller ikke. Dette er årsaken til at DNF ikke kan forskjellsbehandle medlemmer og ikke-medlemmer når det kommer til utdeling av midler.
By: Suz on april 14, 2008
at 3:01 pm
Nå følte jeg meg flink som bare kom med saksopplysninger. :stolt:
By: Suz on april 14, 2008
at 3:02 pm
Eg syns du skal vere hakket meir vågal, Suz.
ppmuntre:
By: Avil on april 14, 2008
at 3:03 pm
http://www.nrk.no/1.5412026
Jeg måtte bare.
By: Suz on april 18, 2008
at 10:34 am
Jøss.
By: Avil on april 18, 2008
at 10:49 am
Ja.
By: Suz on april 18, 2008
at 12:31 pm