Det er gjort ei stor målformundersøking i Noreg som viser at ein del elevar i nynorske skular strategisk velger bokmål som hovudmål for å få betre karakterar i både hovudmål og sidemål. Dette har fått mykje merksemd i hovudstadspressa, som tolkar tala som ein “flukt frå nynorsken”. Mindre kjent er det at samme undersøking viser ein klår overvekt av intelligente, språkføre og høgtutdanna vaksne som velger nynorsk som målform i blåggane sine.
Nei, det er ikkje det. Men om eg var svensk, kunne eg ha kalla research for forskning, og om eg var sosialantropolog var det nok å lese seks blåggar for å trekke ein konklusjon.
Eg har berre merka meg at Fjordfitte både driv lesarsørvis og øver seg på nynorske overskrifter.
…men ikke dermed sagt at nynorsk gjør deg mer intelligent…
Dessuten skriver sikkert intelligente mennesker nynorsk med ironisk distanse.
Jeg sier: Kutte ut nynorsk og innføre et fremmedspråk til i barneskolen. Latin. Eller gammelnorsk hvis vi absolutt skal være så tradisjonsrike og poetiske av oss.
Finnaz æsir
á idthavelli
ok um moldthinur
mátkan dæma
ok minnaz thar
á megindóma
ok á Fimbultýs
fornar rúnar.
(Jeg er Ole forresten. I woke up this morning and I was reindeer. Hmm. Den vitsen funker virkelig bedre med hest. *notere*)
Å, eg veit no ikkje heilt det…..
Men Avil er eit godt døme i så fall
Reinsdyrole: Om ein først skal kutte noko, så kvifor ikkje bokmål? Bytte med dansk, så får me billegare bøker også.
Eg vakna i Persepolis i dag morges, med hovudputa som tørkle og dyna som slik tekkeleg, muslimsk utanpåkjole. Eg var veldig, veldig trøytt og tenkte at det var ikkje noko poeng i å stå opp og få jentungen på skulen, så mykje vranglære som det var på skulen likevel. Eg realitetsorienterte meg ikkje før kvart på åtte.
frr: Reint kvalitativt sett har eg alltid rett.
Min lærarven fortel at elevane ofte blandar inn svensk når dei skal skrive på nynorsk, og det er nok fordi dei ikkje les nynorsk. Bloggar inn i skulen? Eller boka di
Hehe. Er du blitt sosialantropolog og, no?
Du har sjølvsagt rett.
*seier ikkje serafina imot, men innordnar meg*
Margrete: Gode nynorskbøker gjer susen. Blågging er mykje stygt språk. Til og med her. *innrømmer*
mary: Autodidakt sosialantropolog er vel ingen beskytta tittel?
*Serafina ser med milde auge på innordning*
Gudskjelov! (det med milde auge, altså.)
Og nei, alle titler som inneholder “autodidakt” er det fritt frem å bruke. Jeg tror jeg skal bli autodidakt sivilarkitekt. Jippi!
Eg satsar på autodidakt dåktor neste semester. *ambisiøs*
Hvis autodidakt-vitsen ikke er oppbrukt enda vil jeg gjerne få erklære meg selv som autodidakt forfatter.
..oi, nå ble jeg Ole igjen. Jeg er uvenner med datamaskiner.
Ole: Autodidaktvitsen blei berre endå betre no! Autodidakte forfattarar veks ikkje på tre!
Jeg tviler ikke på at nynorsk er for de smarte. Jeg kan godt bli litt smartere jeg.
…delvis frivillig samleie med geiter motvirker kreft! Så sånn er det.
galfisk: Så konklusjonen er at du ikkje har fått kreft enno?
Nei nei, jeg bestemte meg for å heller ikke ha rot i virkeligheten.
Men, jeg kan bekrefte at sigaretter motvirker kreft!
Rot i røynda er sterkt overdrive.
Så det du egentlig sier er at intelligente svensker blogger på nynorsk? Hm, det kan forklare en del…
Eventuelt freister svenskane berre å virke intelligente, og så blir det berre svensk.
…og så heiter det i denne samanhengen “målform”. Målføre er noko anna. Såh deth!
*ka-tjang!*
Takk for korreksjon, Mariann!
ylajali alias Mariann her igjen.
Denne bloggen din skiller seg ut frå alt anna eg har lese og vore innom. Og så eg då, Avil, som berre snubla over deg då eg var inne på sidene til Glamourbibliotekaren. Korleis hugsar eg ikkje… Men du greier å engasjere meg - du gjer det altså!
Kanskje fordi eg konverterte til nynorsk - trass i at eg er vestlending - i vaksen alder. Tja, det seier kanskje noko om språkstriden her i landet når vi omtaler oss sjølve som konvertittar vi som har skifta målform. Men det er då ein inderlegheit over det, ikkje sant?
Lidenskap er alltid fint, Mariann. Det gjer at ein kjenner seg levande.
Og takk for ros!