Kondolerer med 17 mai

Kan hende eg skal utstyre dei halvdanske ungane mine med dette flagget i år?

dansk norsk flagg

Berre tenk på det. Me kunne vore ein naturleg del av Europa. Medlem i EU. Me kunne løpt ned til den tyrkiske grønthandlaren på hjørnet klokka ni ein laurdagskveld og kjøpt to flasker vin når me fekk uventa gjester. Me kunne kombinert dei norske råvarene med den danske evna til foredling, merkevarebygging og internasjonal marknadsføring. Me hadde hatt eit verkeleg godt landslag. Me kunne grust Sverige. Alt kunne vore så mykje morsommare.

Me kunne hatt ubroten kongerekke på tusen år, slik at dei anakronistiske monarkane reint faktisk leika skikkelege kongelege og ikkje berre rikfolk som leflar litt med kristendom for syns skuld.

10 Responses til “Kondolerer med 17 mai”


  1. 1 Undre april 26, 2008 at 6:00 pm

    Hihihihi!

    Forresten har jeg blått vikingkongeblod i årene.

    Er det rart jeg er republikaner?

    *knegg*

  2. 2 Avil april 26, 2008 at 8:19 pm

    “Det er jo kjedeleg om det berre skal vere eitt flagg overalt på 17. mai, og at ein kan ha litt danske, tyske og svenske falgg innimellom”

    helsing dotter mi på seks år.

  3. 3 Avil april 26, 2008 at 8:19 pm

    “Det er jo kjedeleg om det berre skal vere eitt flagg overalt på 17. mai, og at ein kan ha litt danske, tyske og svenske flagg innimellom”

    helsing dotter mi på snart sju år.

  4. 4 Ulme april 27, 2008 at 4:34 pm

    Ha,ha! Synes egentlig at korreksen var det beste her. Var hun ikke helt fornøyd med å være 6 år? :-) Herlig! :-)

  5. 5 Avil april 27, 2008 at 4:40 pm

    Nei, ho har snart bursdag. ;)

  6. 6 Sorgenfri april 27, 2008 at 11:37 pm

    “Me kunne grust Sverige.”

    *knis*

  7. 7 Avil april 27, 2008 at 11:39 pm

    Hadde ikkje det vore litt kult då?

    Haha, sonen min på fire år klarte å komme med kongekommentaren i dag, med ettertenksom tone: “Det er faktsik ganske kult å ha tre underbukser på seg”.

    Og det viste seg at han hadde tatt tre underbukser utanpå kvarandre.

  8. 8 marygoessolo mai 2, 2008 at 9:16 pm

    Åh. Jeg har savna deg, men skjønte det ikke før nå. Ja. Heia sønnen med de tre trusene, og dattera på snart sju. Jeg har en fireåring som synes truse er noe dritt (sitat slutt), og en niåring som synes 17. mai er kjedelig.. Jaja.

  9. 9 Avil mai 2, 2008 at 9:51 pm

    Fint du er her igjen då!

    *knugeklem til mary*

  1. 1 Så er linet stroke og stiva « Vårljos Trackbackmai 16, 2008 at 11:00 pm

Skriv et svar




Blåggsørvis for kresne

Lei av å surfe gjennom eit ørkeslaust internett? Sjekk ut nye Sonitus. Og her er ein ambisiøs borgarblågg: Les iNorden

Opphavsrett

Eg likar å dele. Eg likar ting som er gratis. Dette er ein fri Wordpress-blågg, og boka mi skriv eg på Open Office. Det er kjekt om du lenker til blåggen min. Det er kjekt om du siterer meg. Det er kjekt om du legg ut delar av tekstane her og legg til eigne refleksjonar, på din eigen blågg. Men sjølv om du ikkje finn små c-ar i sirklar her, så kan du ikkje gje ut tekstane mine utan å spørre meg, utgje dei for dine eigne eller tene pengar på dei. Ha ein god og fri open-kilde-dag.

Sjefen sjølv

bilde-198.jpg

Dykk i arkivet

Eit forsøk på å delta i blåggeverda

Kategorisengsforsøk

Heia Brann

Blod er tjukkare enn vatn.

Blog Stats

  • 88,544 hits