Ein vits

Fireåringen er i den magiske alderen der ting skjer på ordentleg fordi ein finn på dei. Han er lite oppteken av smålege ting som narrativ og sluttpoeng. Derfor pleier vitsane hans ende med at nokon andre seier “no er det middag” eller “no må du pusse tenner”.

I går fortalte han denne veldig fine vitsen:

Fireåringen: Det var ein gong ein tomat. Så kom det ein bil køyrande. Så kom det eit fly og kræsja rett inn i bilen. Pang! Kræsj! Og så kom det eit romskip og kræsja rett inn i flyet! Wham! Pang! Og så kom det eit lyn og traff romskipet! Ka-pang!

Eg: Kva skjedde med tomaten då?

Fireåringen: Den måtte slåss med ein dinosarus rex.

21 Responses til “Ein vits”


  1. 1 Hjorthen april 30, 2008 at 9:23 am

    Og hvem vant slåsskampen?

    - Kom an ketchup!

  2. 2 Avil april 30, 2008 at 9:25 am

    Eg trur tomaten vann. For litt seinare kom ein ny vits om den same tomaten som slåss mot ein heil flokk dinosarus rexar.

  3. 3 frikke april 30, 2008 at 11:02 am

    hehe.. minner meg om vitsen min søster fant på da hun kreativt ville lage en ny vits da hun var rundt fire år.
    “To agurker gikk på en vei, så ble den ene påkjørt. Så sa den andre: Kom an ketchup.” Jeg var storesøster og 5 1/2 år, og forklarte jo veldig pedagogosk hvordan det ikke kunne henge sammen. (jeg skjønte på den tiden absolutt ikke poenget med “catch up” ;) )

  4. 4 Avil april 30, 2008 at 11:11 am

    Kom an agurksalat!

  5. 5 Cracked actor april 30, 2008 at 12:16 pm

    Her ser jeg tips til gode one-linere. Skal tas med videre. ;-)

  6. 6 Avil april 30, 2008 at 12:18 pm

    Dette vil gjere seg på landsmøtet, veit du!

  7. 7 bandanders april 30, 2008 at 1:36 pm

    Slke soger kan redde ein dag. Om dei kjem frå barnemunn. Av vaksne forventar vi kanskje litt meir.

    “Det var ein gong ein gut som skulle ut å kjøpe ris, men så hadde han ikkje med seg nok pengar endå mor hans hadde sendt med han alt ho hadde.

    Då leitteDagbladet fram eit artig bilete av ei ku og ein professor som sa at dette var det subsidiane til norske bønder som var skuld i.

    Men dagen etter hadde dei leita fram ein annan kar som sa at han første berre tulla.

    Søndagen etter var det ein biskop som sa at det var gale å brenne opp maten til folk.

    Då var det ein som heitte Einar som sa at biskopen for med dobbelmoral sidan han drakk kaffi.

    Ja, men kva med han guten ?

    Nei, han måtte gå svolten heim.”

  8. 8 Avil april 30, 2008 at 2:07 pm

    Og så kom ei dame og hadde tenkt ho skulle skrive på blåggen sin at amerikanarane var onde og jævlege fordi dei på bakgrunn av eiga oljemangel og eksport av kveite har invadert Irak og begynt å fylle kveitemjøl på bilane sine.

    Men guten er like svolten, han.

  9. 9 bandanders april 30, 2008 at 2:41 pm

    Trakka eg i salaten altså?

    Eg hadde faktisk tenkt på det same sjølv, men så vart eg freista til å ta kortversjonen sidan du var så godt i gang.

  10. 10 Avil april 30, 2008 at 2:43 pm

    Du trakka aldeles ikkje i salaten. Du gjorde meg berre merksam på kor lite me hjelper dei som har det vanskeleg, her me sit og skriv.

  11. 11 bandanders april 30, 2008 at 3:32 pm

    Eg lurte berre på omm eg punkterte eit opplegg du hadde til eit nytt innlegg.

    Men no plagast eg slik med PCShematic at no går eg heim. Som du sikkert kan skjøne av aktiviten min her inne har CRITICAL ERROR-spøkelset forfylgt meg eit par timar no. Kan hende finn dataansvarleg snart att brilleene sine.

  12. 12 Avil april 30, 2008 at 3:42 pm

    Dataansvarlege uten briller høyrest frustrerande ut.

  13. 13 kafonga april 30, 2008 at 6:55 pm

    Jeg hadde en gang den glede av å bli fortalt vitser av noen barnehagebarn som hang på gjerdet jeg gikk forbi.
    Selv om alle fortalte på en gang, fikk jeg med meg at de fleste vitsene ble funnet på der og da, men som oftest likevel inspirert av noe de hadde hørt før, svært ofte tomatvitsen.
    Som denne:

    Det var en gang to tomater. Så gikk den ene over en vei, og så ble den kjørt på. Så gikk den andre over en vei, og den ble ikke kjørt på. Så gikk den over en bro og datt i elva.

    Til tross for en slik trist slutt, og mangel på artig poeng, var det visst veldig morsomt.

  14. 14 Avil april 30, 2008 at 7:24 pm

    Manglande artige poeng er ingen hindring for barnehagebarn. :)

  15. 15 Kafonga mai 1, 2008 at 7:46 pm

    Nei. Det var vel egentlig heller ingen hindring for meg.
    For tross alt hjelper det ikke med gode poenger om du ikke kan fortelle vitsen riktig, men om du derimot kan fortelle vitsen riktig, er det ikke noe vits med poeng.

  16. 16 Avil mai 1, 2008 at 8:58 pm

    Fireåringen fortel vitsar mens han ler så tårene sprett.

  17. 17 Jarle mai 7, 2008 at 11:41 am

    To dyslektiske tomatar gjekk over ein veg. So vart den eine påkjørt. Då sa den andre: Kom igjen Kenneth

  18. 18 Avil mai 7, 2008 at 11:58 am

    Hahaha!

  19. 19 Avil mai 7, 2008 at 12:00 pm

    Nordmannen og dansken og svensken var stranda på ei øde øy. Så dukka det opp ei havfrue som sa at dei skulle få eit ønske kvar, men berre eitt, så dei måtte tenke seg nøye om.

    Dansken ønska at han var heime i Danmark igjen.
    Svensken ønska at han var heime i Sverige igjen.

    Så var det nordmannen sin tur. Han tenkte seg nøye om, og så sa han at han ønskte seg at vennene hans kom tilbake.

  20. 20 fia mai 10, 2008 at 2:07 pm

    en treåring til en venninne av meg har hangup på en vits hun forteller flere ganger om dager, eller bare flere ganger på rad, og hun greier nesten ikke få fram poenget for hun ler sånn, om det er hiksting eller tårer eller latter. Vitsen går som følger: først med alvorlig stemme” skal jeg fortelle en vits?”, og så “pappa dusja i do”.

  21. 21 Avil mai 10, 2008 at 2:18 pm

    Ein bør i grunnen filme dei. Det endrar seg så alt for fort, kva dei får til, og kva dei er opptekne av.

Skriv et svar




Blåggsørvis for kresne

Lei av å surfe gjennom eit ørkeslaust internett? Sjekk ut nye Sonitus. Og her er ein ambisiøs borgarblågg: Les iNorden

Opphavsrett

Eg likar å dele. Eg likar ting som er gratis. Dette er ein fri Wordpress-blågg, og boka mi skriv eg på Open Office. Det er kjekt om du lenker til blåggen min. Det er kjekt om du siterer meg. Det er kjekt om du legg ut delar av tekstane her og legg til eigne refleksjonar, på din eigen blågg. Men sjølv om du ikkje finn små c-ar i sirklar her, så kan du ikkje gje ut tekstane mine utan å spørre meg, utgje dei for dine eigne eller tene pengar på dei. Ha ein god og fri open-kilde-dag.

Sjefen sjølv

bilde-198.jpg

Dykk i arkivet

Eit forsøk på å delta i blåggeverda

Kategorisengsforsøk

Heia Brann

Blod er tjukkare enn vatn.

Blog Stats

  • 86,022 hits