Roser og akeleie

Eg har raude kinn og raude negler med skit under. Eg lurer på kor mykje klatrerosa New Dawn vil vekse på ein sommar. Eg lurer på om den nye redaktøren vil hate alt eg har gjort. Eg lurer på om eg skal skaffe meg ein vanleg jobb. Eg elskar ungane mine. Eg elskar livet mitt. Eg har drukke for mykje te.

Frå no av og ein månad fram er det fem sider om dagen. Tjuefem sider med halvanna linjeavstand i veka. Eg reiser nok til sommarhuset i løpet av veka.

Eg er her.

Me er heile, alt er vakkert.

Posttillegg: Mandag morgon. Eg har fulgt jentungen på skulen. Sola skin, me hadde vårjakker på. På veg inn i hagen henta eg avisa, den kjem før posten. Og på side tre var det bilete av ungane mine. Fireåringen i grått og blått til venstre, sjuåringen i svart til høgre. Bror min påstår det ikkje er folkeleg å gå i museumsparken på “tradisjonsleik”-arrangement av Mållaget. At det er litt sånn hatt og stokk. Ungane mine er i alle fall folkelege nok. Særleg han minste. Folkelegare enn dei heslige buksene skal du leite lenge etter.

Og dersom du skulle ha ungar, og skjønar at dei ikkje blir sterke eller lukkelege av å tilbringe barndommen foran ein skjerm, så er det berre å lære dei nokre leikar.

17 Responses til “Roser og akeleie”


  1. 1 Britt Åse mai 5, 2008 at 10:15 am

    Noen venner av oss har en New Dawn som vokser som et uvær. Hvert år graver de ned halvomdannet, stinkende varmkompost ved rota til rosa. Det gjør tydeligvis susen.

    Fortsatt lykke til med skrivinga, og til lykke med fine unger og fin dag osv.

  2. 2 Avil mai 5, 2008 at 10:17 am

    Eg har sett to saman i ei stor krukke på verandaen, i håp om at dei vil nøye seg med stadig påfyll av gjødsel i løpet av sesongen, og vekse opp over rekkverket.

  3. 3 Avil mai 5, 2008 at 10:17 am

    Og takk for lukke til. Eg treng det. :)

  4. 4 marie mai 5, 2008 at 4:05 pm

    Kan man grave ned fjorårets gress i kaldkompost rundt dem? Ja, jeg har nettopp fått meg to New Dawn som jeg skal dille med.

    Og selvsagt er det folkelig, Avil. Jeg finner på slike ting og jeg er da folkelig.

  5. 5 Avil mai 5, 2008 at 5:04 pm

    Eg og du, marie. Dei folkelegaste.

  6. 6 Ole mai 5, 2008 at 8:49 pm

    Kontraster er bra. Jeg er en god kontrast.

    Eksamen nærmer seg etter et semester hvor jeg har bodd på en 20kvm hybel fordi eks-samboeren min ikke ville at jeg skulle bo med henne og eks-hunden og eks-katten vår lengre i eks-leiligheten som vi delte (takk til Richard Gere i “Pretty Woman” for eks-liste). Jeg har ikke lest hele pensum, og ikke orker jeg heller. Faget jeg studerer kommer neppe til å gi meg noen relevant jobb. Jeg er sliten, det er varmt og klamt. I dag har jeg vært på jobbintervju for en drittjobb som jeg ikke vil ha men som jeg kommer til å bruke _hele_ sommeren på. Jeg fikk jobben.

    …men absurd nok er jeg glad i livet mitt jeg også. Forøvrig kan vi godt bytte litt - jeg får snegler av deg og du får en eksamen av meg.

    Lykke til med skrivingen!

  7. 7 Ole mai 5, 2008 at 8:58 pm

    Kom forresten på at tittelen på innlegget mitt for kontrastens skyld burde vært “Snegler og Eksamen”, men nå er det for sent. Ah well.

  8. 8 Britt Åse mai 5, 2008 at 9:07 pm

    Ja, Marie. Det kan man. Unnskyld at jeg bruker blåggen din til hagerådgivningsvirksomhet, Avil :rødmer:

  9. 9 Avil mai 5, 2008 at 9:31 pm

    Britt-Åse: Hagerådgjeving i kommentarfeltet er berre kjærkomme.

    Ole: Kontrastar er fint. Eg bur no her i huset mitt med mannen, ungane, hagen (som me legg så mykje arbeid i sjølv om me skal flytte 1. august), og har i grunnen ikkje tenkt å kvitte meg med så mykje. Fekk eg velge fritt, ville eg ikkje starte med noko annan jobbing enn å skrive bok nummer to til hausten. Men det må pengar inn, ein kan ikkje leve av svimlande draumar om salgstal på fleire tusen bøker.

  10. 10 Aina mai 6, 2008 at 10:49 am

    Det må vere utfordrande med slike skrivekrav!
    Eg har heller kutta ned enn skrive meir, slik du gjer :) Vi har nok gjennomgått ein ganske ulik prosess. Men det har jo sjølvsagt med sjanger å gjere.

  11. 11 marie mai 7, 2008 at 8:02 am

    Britt Åse: Tusen takk.

    Avil: Skal du begynne i kassen på Rimi?

  12. 12 Avil mai 7, 2008 at 9:21 am

    Ja, noko sånt. ;)

  13. 13 Kame mai 7, 2008 at 10:01 am

    Hvorfor er det sånne rare, fargerike firkanter der bildene deres skal være?

    Jeg gleder meg veldig til bilder av den hagen.

  14. 14 Avil mai 7, 2008 at 10:04 am

    Eg fattar ikkje kva det er med desse syra firkantane. Plutseleg var det berre sånn.

  15. 15 Avil mai 7, 2008 at 11:34 am

    No har eg bytta ut dei syrete firkantane med monster. Alle som sjølv har definert avatar får behalde desse, alle andre får utdelt personelge monster.

  16. 16 Britt Åse mai 7, 2008 at 8:03 pm

    Hihi! - nå ble det nesten litt fristende å parkere B’en min en stund :lol: - men jeg gjør det ikke.

  17. 17 marie mai 8, 2008 at 7:40 pm

    Mitt monster var veldig likt meg.

Skriv et svar




Blåggsørvis for kresne

Lei av å surfe gjennom eit ørkeslaust internett? Sjekk ut nye Sonitus. Og her er ein ambisiøs borgarblågg: Les iNorden

Opphavsrett

Eg likar å dele. Eg likar ting som er gratis. Dette er ein fri Wordpress-blågg, og boka mi skriv eg på Open Office. Det er kjekt om du lenker til blåggen min. Det er kjekt om du siterer meg. Det er kjekt om du legg ut delar av tekstane her og legg til eigne refleksjonar, på din eigen blågg. Men sjølv om du ikkje finn små c-ar i sirklar her, så kan du ikkje gje ut tekstane mine utan å spørre meg, utgje dei for dine eigne eller tene pengar på dei. Ha ein god og fri open-kilde-dag.

Sjefen sjølv

bilde-198.jpg

Dykk i arkivet

Eit forsøk på å delta i blåggeverda

Kategorisengsforsøk

Heia Brann

Blod er tjukkare enn vatn.

Blog Stats

  • 73,357 hits