Kvinner og menn i offentleg rom

Eg har foretatt ein observasjon.

Det var søndag, sola skein og eg hadde bruk for eit urban moment. Eg gjekk ned til sentrum i den vesle byen eg bur i, kjøpte meg ein narvesen latte og sette meg på ein murtrapp med utsikt over hamna.
Eg sat like lenge som det tar å drikke ein papp-latte og røyke to mentolsigarettar.
Eg såg 51 vaksne mennesker.
Og dette var observasjonen min:
Eg såg 9 kvinner og 42 menn.
Mennene fordelte seg slik: Nokre gjekk aleine (omlag ein tredjedel), nokre gjekk saman to og to, ei gruppe var på tre menn (dei var ganske unge). Dei varierte i alder frå dei tre ungdommane til menn som sikkert var omlag seksti. Nokre sat på ein benk, nokre rusla langsamt langs hamna, nokre gjekk med pizzaer i hendene (Dolly Dimples ligg nede på hamna), og dei med pizzaer (tre) var anten veldig unge (to) eller tjukke (den tredje).
Tre av mennene gjekk saman med ei kvinne. To av mennene gjekk i familiegrupper.

Så var det kvinnene. Dei var jammen ikkje mange, og berre ei gjekk aleine.
Tre av kvinnene gjekk saman med kvar sin mann, to av desse para hadde born med. Fire av kvinnene gjekk saman med familiegrupper (begge besto av to kvinner og ein mann, den yngste kvinna på alder med mannen, den eldste såg ut til å vere ei bestemor i begge familiegruppene, og begge gruppene hadde fleire born med). Ei kvinne gjekk aleine med eit barn.
Den eine kvinna som gjekk heilt aleine, dro på ein trillebag, og ho skunda seg inn i ein ventande buss.

Dette såg eg. Dagen før hadde eg lese Persepolis. Eg hadde tenkt tankar om at kvinner i Noreg ikkje likar å gå aleine om kveldane, men at me i det minste er frie på dagtid.
Det ser berre ikkje slik ut.
Menn går rusleturar i hamna. Saman med ein kompis eller aleine.
Kvinner går turar der dei anten er saman med ein mann, eller saman med born, eller begge deler. Kvinner beveger seg i flokk, og flokken består nesten alltid også av born.

Ein kan gjette mykje av dette. At kvinner ser ut til å ha hovudansvar for borna, at menn er meir einsame, at kvinner ikkje ruslar turar aleine berre for å gjere det, at kvinner likar betre å vere saman med andre, at kvinner bruker søndagane på å sove ut rusen, mens triste og einsame menn rek gatelangs og tør ikkje vere heime. Det er berre gjettverk.

Eg drakk opp kaffien, lukka notatboka mi og gjekk heim.
Eg hadde ikkje telt meg sjølv med. Men eg var der. Einaste einslege kvinne utan formål, born eller trillebag.

11 Responses til “Kvinner og menn i offentleg rom”


  1. 1 Britt Åse mai 9, 2008 at 11:23 am

    http://hagenpahytta.wordpress.com/2008/05/07/selv-om-jeg-ikke-far-lov-i-blaggen-hennes/

    (jeg vet ikke åssen jeg legger inn sånn derre utdrag av min bloggpost)

  2. 2 bandanders mai 9, 2008 at 1:44 pm

    Eller for å seie det på ein annan måte:

    Nyare forsking frå Vestlandet syner at 1,92% av vaksne som er på byen på solfylte søndagar er einslege kvinner som sit på murtrapper medan dei drikk papp-latte og røyker mentolsigarettar.

  3. 3 Ole mai 9, 2008 at 3:12 pm

    Det høres ut som du beskriver Osøyro. I såfall er ikke undersøkelsen din representativ, for alle vet at osinger er rare.

    Jeg satt i Muséhagen i dag og leste, og uten at jeg talte vil jeg si at det store flertallet var kvinner i grupper på 3-5. Deretter kommer kvinner all by their oneses, tett fulgt av menn som er alene. Det var ihvertfall LANGT flere kvinner enn menn i parken i dag (fredag). Kanskje kvinnene trekker til sentrum mens mennene rusler omkring på små* tettsteder og lurer på hvor alle kvinnene er.

    *les: gudsforlatte

    Jeg liker å reke gatelangs, men ikke fordi jeg er trist og ensom og ikke tør å være hjemme, frk. alle-over-en-kam. :-)

  4. 4 Ole mai 9, 2008 at 3:34 pm

    ..Jeg liker ikke monsteret mitt forresten, det er lilla og umandig. kan jeg få et annet monster?

  5. 5 Avil mai 9, 2008 at 4:05 pm

    Sonen min syns lilla er verdas finaste farge. Men eg skal legge inn ein offisiell klage til wordpress på det såkalla umandige monsteret ditt.

    Ellers trur eg desse to undersøkingane viser at menn flest er her ute i tettstad-Noreg og kvinner flest er i byen.

    Nyare forskning frå vest-Noreg skal ein jo ikkje kimse ad.

  6. 6 Britt Åse mai 10, 2008 at 1:25 am

    Jeg synes dette var morsomme og ganske nydelige observasjoner, framfor alt koselige. Særlig koselige, nå - sett gjennom en deilig dis av opptil flere retter med opptil flere viner - …

    hhhhhhhhhh :-D

    Jeg synes ikke at monsteret er umandig i det hele tatt!

  7. 7 Avil mai 10, 2008 at 8:37 am

    Ser du Ole, fulle kvinner syns du er svært mandig.

  8. 8 Ole mai 10, 2008 at 10:32 am

    Heh, du vet. *barske seg*

  9. 9 Avil mai 10, 2008 at 11:39 am

    Den har ein ganske lang penis. *beundre*

  10. 10 anjaunlimited mai 11, 2008 at 7:43 pm

    Interessant post Avil
    Har selv blitt mindre og mindre opptatt av ” å endre verda” -eksempelvis ovvennevnte stereotypier
    Det er mest av alt bortkastet energi av typen : “Hvordan oppheve tyngdekraften?”
    Uansett -hvis vi skal få til konstruktive endringer rundt oss- så må vi begynne med oss selv
    Har for egen del funnet ut at “folk flest” er langt bedre enn sitt rykte- og at intoleranse er et avstands/ usikkerhets-fenomen som ikke stikker så veldig dypt- om en selv initierer trygghet, åpenhet og stolthet over den man er

    Hehe
    Dette ble jo rene doktorgradsavhandlingen:::ooo)))

  11. 11 Avil mai 11, 2008 at 7:55 pm

    Anja: Kan hende er det slik at ved å bli betre kjent med eit anna menneske, endrer du verda mellom dykk?

Skriv et svar




Blåggsørvis for kresne

Lei av å surfe gjennom eit ørkeslaust internett? Sjekk ut nye Sonitus. Og her er ein ambisiøs borgarblågg: Les iNorden

Opphavsrett

Eg likar å dele. Eg likar ting som er gratis. Dette er ein fri Wordpress-blågg, og boka mi skriv eg på Open Office. Det er kjekt om du lenker til blåggen min. Det er kjekt om du siterer meg. Det er kjekt om du legg ut delar av tekstane her og legg til eigne refleksjonar, på din eigen blågg. Men sjølv om du ikkje finn små c-ar i sirklar her, så kan du ikkje gje ut tekstane mine utan å spørre meg, utgje dei for dine eigne eller tene pengar på dei. Ha ein god og fri open-kilde-dag.

Sjefen sjølv

bilde-198.jpg

Dykk i arkivet

Eit forsøk på å delta i blåggeverda

Kategorisengsforsøk

Heia Brann

Blod er tjukkare enn vatn.

Blog Stats

  • 86,022 hits