- Nåh, sa min danske ektefelle og plasserte den halve flaska Gammel Dansk mellom oss. - Kva er det du driv med for tida? Grev du deg ned i unødige detaljar?
- Kan godt vere, svara eg.
- Så fortel, kva er det som skal skje frametter, og ta det kronologisk er du snill.
- Nei, altså. Eg huskar ikkje heilt kvar du hoppa av, kva du har fått med deg.
- Ragna er på veg ein eller annan stad, og så skal ho heim igjen, og eg trur me er på dagen etter Vårjamndøgn.
- Nei, nei, ho skal ikkje heim igjen med det same. Og me er på to dagar etter blotet.
- Huh? Men altså, kjem det tydeleg nok fram, syns du?
- Ja. Du får heller lese om igjen. Det er ikkje til noko hjelp dette her.
- Orsak. Du får fortelje kva som skal skje frametter, og ikkje bry deg om meg. Skam på meg.
- Greit. Det er rådslaget om brura, og ho blir sendt nedetter, og i mellomtida er det herdueganes råd, og det blir sendt ut bod om at skipsreidene i Blåinn skal gjere klår skip og mannskap i fall brura ikkje er nok. Brage skjønar jo såpass, han kan ikkje stole på at det er nok med alliansebygging.
- Kor lang tid tek alt dette?
- Sjøreisa tek omlag to og ei halv veke, kanskje tre, kjem an på veret.
- Men kva med Eirula? Kven er det som sender Svart-Hubro nordover?
- Det gjer Jorol.
- Kva tid?
- Omlag samstundes med at brura blir sendt sydover.
- Kva om han venta med det, til etter brura er komme?
- Nei! Nei, det går ikkje. Svart-Hubro reiser tilbake til Lyria, og vidare til Eirula. Han må få litt tid på seg, både til reisa og til å samle ein hær.
- Men der er det noko eg ikkje har forstått. Korleis kan han reise ein hær i Eirula, om krigarstanden støttar den sittande kongen?
- Folket er splitta. Den sittande kongen er jo frå Blåinn, og sjølv om ryttarfolket i nord (dei du kallar krigarstanden) støttar han, så har Svart-Hubro støtte frå bøndene, handelsmennene, alle velståande folk i den meir siviliserte delen i syd. Dei bur tett på Kenda, og har tettare forbindelsar til Kenda og Lyria, der Svart-Hubro har vore i eksil sidan han var barn.
- Men det går ikkje, det der. Om han skal samle ein hær, er det lite nyttig med støtte frå bønder og handelsfolk. Dersom ryttarfolket i nord støttar kongen har han ingen sjanse.
- Jodå.
- Nei. Og kva med Kenda? Kva er historia der? Du har fortalt så mykje om Lyria og Eirula, men ingenting om Kenda.
- Nei, eg veit ikkje heilt. Kenda er liksom eit slags nøytralt land mellom der. Eg har ingen historiar om Kenda. Det berre er der liksom.
- Det er STRENGT FORBODE! Du kan ikkje ha med eit land og eit folk som ikkje har nokon funksjon, historie og agenda!
- Jammen, det er liksom med fordi verda skulle bli litt større.
- LIKSOM!
- Ja. Liksom. Sjå her då! *peikar på kartet*
- Du har Yllarheim mellom Eirula i nord og Lyria i sør. Det ser heilt fint ut. Og den fjellkjeda der, mellom Eirula og Yllarheim er ein meir naturleg deling mellom to land. Kva meiner du skal vere den nøyaktige grensa mellom Eirula og Kenda.
- Floden. *spak*
- Floden? Det er ingen naturleg grense. No må du gje deg. Alt her oppe i Blåinn og nede på Raudinnkalotten er detaljert og gjennomtenkt. Men Kenda berre ligg der, det er heilt meiningslaust.
- Bort med Kenda.
- Ja, bort med Kenda.
- Det området her kan heller vere ein del av Eirula.
- Ja, det kan. Og det gjev også meining i forhold til Svart.Hubro, for då har du dette landbruksområdet sør for floden som ein eigen provins, der misnøye kan rå, mens nord for floden ligg slettene der ryttarfolket er. Kor er byane?
- Der og der og der.
- Og Yllarheim som einaste land mellom Eirula og Lyria er også mykje betre, sidan skogane der er umoglege å krysse. Eller i alle fall lite freistande.

Uh, det er bra dere ikke er presidentene i henholdsvis USA og … og … Ja, et annet land med makt.
Det ser ut til at det er pinse her i bloggen din. Jeg kunne tenke meg en refleksjon om pinsebudskapet kontra pinsekostnad og pinseeffekt i befolkningen. Den norske ja, for det er vel ikke så mange andre land som smeller til med to og en halv helligdag i forbindelse med pinsen. Kanskje vi heller skulle gå for en sjette ferieuke..?
Men Kenda var jo eit fint namn!
Kenda er veldig fint, skulle absolutt hatt det ein stad.
Me får sjå.
Pinsen er vel eit utmerka døme på fridagar og kyrkjelege anstrengelser om bodskap, så er det ikkje ein einaste kristen høgtid som har klart å overleve som heilag utan å ha tilknytning til gamle norrøne skikkar.
Dette er jo halve morroa med å skrive fiksjon: Vi fjerner et land fra kartet, tar knekken på en eller annen vi fant ut egentlig var så viktig for handlinga.. Det er mye død i en skriveprosess..
Jepp. Eg har drepe ein drøss høvdingar denne våren. Den eine etter den andre måtte ut og bort, fordi dei ikkje var avgjerande.
Du som har greie på slikt, Avil: kva var dei norrøne skikkane knytta til pinse og påske?
Ingen var knytta til pinse eller påske. Men slik eg har forstått det var vårjamndøgeret knytt til fruktbarhetsgudar, og der finn ein jo både Tor, Odin, Ull og Tyr, samt tvillinggudane Frøya og Frøy. Eg forstår det slik at forskjellige gudar vart dyrka lokalt, og at det har endra seg over tid. Særleg Ull kan ha vore mykje utbredt tidlegare utfrå kor mange stadnamn han har fått etter seg, mens Tor og Odin vart poppis litt seinare. Tyr kan ha vore ein høggud, men nærast ignorert som dette av seinare kristne kjelder. Går ein lenger tilbake i tid er det få kjelder, men desto fleire teoriar, og her finn me meir guddinne-dyrking, mogleg har nokre av desse blitt til vanegudar seinare (som Njord - som mogleg var ei gudinne før, og Frøya-Frøy), eller blitt dyrka meir av common people som diser og alvemakter (jul var til dømes eit alveblot) og historiane knytta til desse er dermed blitt borte.
Feiring og blot for det nye året som starta midt på våren har sannsynlegvis vore viktig, og nokre av våre norske påsketradisjonar kan moglegvis knyttast til dette.
Pinsen var ikkje noko i norrøn mytologi eller skandinavisk kulttradisjon, og har dermed kokt bort i kålen.
Eg syns det no ser ut til at det er dei gamle høgtidene våre som består, ikkje dei kristne. Fordi dei gamle høgtidene var knytta til klimaet, årstidene, og dermed er naturlege feiringspunkt og vendepunkt.