Eg har vore på Nynorsk barne- og ungdomslitteraturfestival, og har litt å skrive av meg. Eg deler det opp i nokre bloggpostar, for å ikkje trøytte deg heilt ut.
Eg har lese for ungdommar. Det gjekk fint. Dei sat stilt og lytta, og verken snakka i mobiltelefon eller flira ope av meg eller boka mi. Men eg var engsteleg, så eg valde eit kapittel som er ekstraordinert valdeleg og ekkelt, nemleg kapittelet der Ragna for første gong får vere tilstades ved eit blot, og der ho sjølv på slutten av blotet skal drepe eit lam. Det dryp av blod og innvollar, faktisk. Ho sleiker seg om munnen, etter å ha grave ansiktet inn i det vesle blotlammet sitt, faktisk. Ekkelt nok.
Og så gjekk det etterkvart opp for meg at me er litt engstelege for ungdommar, dei fleste av oss. Eg er i alle fall ikkje heilt aleine om å engste meg. Eg vil underhalde dei, fengsle dei og få dei til å bli nysgjerrige. Men eg trur det skal vere vanskeleg. Eg trur at dei har lett for å skli av stolen og snøfte og le av den som les, eller berre begynne å kviskre saman eller sende tekstmeldingar. Eg trur rett og slett dei skal vere uhøflege. Men det var dei jo ikkje.
Resultatet av all denne engstelsen, som eg altså fann ut av at eg delte med andre som skreiv bøker, er at ungdommane får presentert spektakulære greier. Forfattarane rotar gjennom bøkene sine for å finne noko som verkeleg rører og sjokkerar og fenger. Og finn fram det dei måtte ha av sex, banning, action og vald.
Slik sit ungdommar kan hende tilbake og er blitt litt lurt. For det er mykje anna i desse bøkene. Kan hende er dei ikkje eingong så kjempeinteresserte i å lese bøker med banning, vald og sex. Kan hende syns dei eigentelg at det kan bli litt mykje. Kva veit eg.


Eller eg, for den del.
By: Aina on november 10, 2008
at 3:08 pm
Jeg har et par venner som jobber som ungdomskolelærere. De synes de er de fineste.
Jeg lurer på hvorfor vi er så redde? Er det fordi akkurat de årene var vi mest redd hverandre?
Men jeg er vokst opp med folk som tok akkurat denne aldersgruppa på alvor. Fora oss Shakespeare, Ibsen og andre store.
Ugdom vil ha substans. De vil ha noe å leve på.
Kanskje er vi så farlige i den alderen – for voksne – fordi vi ser igjennom alt stash?
By: Beate on november 10, 2008
at 5:00 pm
Ungdom skal klart ha klassikarar, stor litteratur og alt det beste vaksenverda har å by på. Korleis skal dei ellers vite kva dei går til og bli dei beste versjonane av seg sjølve?
Å skrive dummare og enklare fordi ein skriv for ungdom er å skyte seg sjølve bigtime i foten i alle fall.
Men eg trur me rett og slett er litt redde dei fordi dei kan vere så barnsleg uhøflege.
Og samstundes så lynskarpe og vaksne i kritikken sin.
By: Avil on november 10, 2008
at 5:04 pm
No har eg i over 20 år hatt formidling av Ohm og Kirhoff sine lover og det som verre er til 16-19 åringar. Motivasjonen for å lære er sjølvsagt varierande, men eg vil ikkje skulde på fråver av sex banning, action og vald.
Mykje har endra seg på 20 år, men eg har kome til at det er overraskande mykje i det gamle munnhellet “På seg sjølv kjenner ein andre” Eg vert meir og meir overtydd om at ungdom er heilt vanlege menneske som har levd litt kortare og har litt andre erfaringar enn meg. Og kven har ikkje andre erfaringar enn meg ?
I førre veke var det ein av dei tøffaste av 16-åringane som heilt utan å skjemmast for kompisane sine fortalde at de Usynlige var den skumlaste filmen han hadde sett (Altså terningkast 6) Det svekka ikkje teorien min.
By: bandanders on november 11, 2008
at 11:59 am
Eg syns ungdom er litt magiske.
By: Avil on november 11, 2008
at 12:03 pm
Kven er ikkje litt magisk ?
By: bandanders on november 11, 2008
at 12:55 pm
Så fint du fins, bandanders. No følte eg meg litt meir magisk.
By: Avil on november 11, 2008
at 12:57 pm