Arkiv

Måntlige arkiver: januar 2009

Det er lett å spissformulere seg når ein er sinna og skriv blogg. Og det kan vere vanskeleg å vite heilt kva ein skal skrive etterpå. Eg ser mange løyser slike kniper med å legge ut bilete av katten sin, noko som er litt vanskelegare for meg. Heimen min har kvinne og peis, men ingen katt. Eg burde kan hende peisblogge litt.

Uansett.

Eg meiner det såkalla alternative markedet burde gå gjennom same vitskaplege vaskemaskina som psykologifaget har gjort. Nettopp fordi psykologiske behandlingsmetoder har vore så “individuelle”, vage og mytiske, og fordi dei teoretiske overbygningane har vore nærast magiske (kva anna skal me kalle Freud og Jung sine forklaringsmodellar?), og fordi faget har hatt så inderleg godt av alt arbeidet forskninga har gjort og framleis gjer, meiner eg det er naturleg å samanlikne. For femti år sidan hadde “alle vunne og alle skulle ha premie”, men slik er det ikkje lenger. Det er større forståing for kva ein faktisk gjer og kva som faktisk virkar og kvifor det virkar. Framleis er det ein lang veg å gå, framleis driv klinikarane med mykje som virkar, men som forskarane kallar “fellesfaktorar” og som forsvinn litt i diffus tåkeheim.

Eg unner healarane og auralesarane og resten av kostebinderiet det same. Finne ut kva som virkar og kva som ikkje gjer. Finne ut kvifor. Luke ut alle dei som berre driv med tull. Publisere artiklar om kva ein driv med, debattere med andre, skape system og felles undring, systematisere funn og ta del i andre sine erfaringar.

Når Bjarne Håkon Hanssen flirer av kritikken tek han verken vitskapen eller dei alternative folka alvorleg.

Sånn, der fekk eg visst sagt noko av det eg hadde på hjarta likevel, heilt utan katt.

På mandag begynner eg i jobb igjen, denne gongen med psykisk helsevern for born.
Eg venter framleis på språkvasken, og har sikra meg arbeidsplass på Litteraturhuset dei travle seks dagane mellom tilbakemeldinga frå språkvaskaren og leveringsfristen til korrekturlesaren.

No skal eg ete lunsj med mor mi. Sola skin, og eg har snøklokker i hagen.

God helg!

Om Trond Giske går ut og seier han har sett lyset på eit satanistisk vekkelsesmøte bør han gå av som minister for kyrkja.

I dag står helseminister Bjarne Håkon Hanssen fram med si overtyding om at ein telefon til ein kjent klarsynt helbreda sonen hans for kolikk.

Hanssen er minister for den vitskapleg baserte helsesektoren, der helsepersonell er underlagt strenge utdanningskrav og står i fare for å miste arbeidet og autorisasjonen om dei ikkje følger dei vitskapleg baserte metodane for sine fag.

Hanssen går ut i rikspressa med anekdotisk materiale som legitimerer telefonsynskhet og andre former for såkalla “alternative metoder” utført av folk som nektar å underlegge seg systematisk observasjon, men som likevel tar på seg å “behandle” alvorleg sjuke mennesker.

Bjarne Håkon Hanssen bør derfor trekke seg frå stillinga si som helseminister.

Eg har undra meg lenge over denne unisone hyllesten til språkdrive skjønnlitteratur. Motsett handlingsdrive, som altså både skal kjenneteikne underhaldningslitteraturen og delar av den “høgare” litteraturen. Medan den språkdrivne skjønnlitteraturen, slik eg forstår den, har eit så godt språk at innhaldet er underordna, og er ein type litteratur som utgjer vesentlege andeler av den “høgare litteraturen”.

For det første trur eg ikkje på dei som hyllar språket slik.

For det andre trur eg ikkje denne litteraturen fins.

Eg har ikkje vore aleine om å undre meg. Henrik Langeland sin kronikk i Aftenposten for snart to år sidan drøftar den påståtte dikotomien mellom handlingsdriv og språkdriv i litteraturen.

No har Langeland igjen tatt til orde for den handlingsdrivne litteraturen, og Aina Basso refererer og kommenterer:

Langeland hadde elles følgjande definisjon: alt som ikkje er handlingsdriven prosa er lyrikk.
(…)
Forfattarar med motsett standpunkt frå Langeland ville sagt at det speler inga rolle kva du skriv om, så lenge språket ditt er godt. Som t.d. Fosse, eller som Arnt Birkedal har sagt, til meg.

Eg trur som sagt ikkje at denne litteraturen fins, denne litteraturen der språket er så godt at det ikkje speler noka rolle kva innhaldet er. Og eg trur derfor heller ikkje på verken forfattarane som forsvarar denne litteraturen, eller lesarane som hyller den.

Det eg trur på er ein litteratur som blir oppfatta som primært språkleg, men som kviler på forfattaren sin kombinasjon av observasjonsevne, refleksjonsevne og formuleringsevne. Om forfattaren manglar ein av dei to første, vil den tredje bli meiningslaus. Og om ein har dei to første, men ikkje den siste, er ein ikkje forfattar.

Ein tekst som blir oppfatta som reint språkdrive er, slik eg forstår det når eg freister lese døme på slike tekstar, ikkje rein formuleringskunst. Den kan ta for seg sansar, tankar eller kjensler, den kan vere nærast reint observerande, eller reint reflekterande (teoretisk filosoferande), men det som gjev teksten meining er at den knytter seg til lesaren si verd. Teksten opnar blikket til lesaren, eller utvidar refleksjonsrommet. Ei skildring av korleis ein kakkar nykokt egg med eit spent ubehag, uviss på om kniven vil bli stansa av ordna proteinstenger, eller synke inn i blaut organisk masse, får lesaren til å merke etter, gjenkjenne sine eigne observasjonar, og bli bevisst kring eigne minner om sanseopplevingar og emosjonelle og kognitive tolkningar og reaksjonar på desse.

Det er tilknytninga til vår eiga livsverd, våre eigne opplevingar, våre fantasiar, bekymringar, førestillingar, vår indre emosjonelle og kognitive verd, og vår kontakt med omverda, frå sansing, sosialitet, samfunns- og verdsforståing, som gjer språk meiningsfullt.

Når eg vektlegg observasjonen og refleksjonen til forfattaren, er det ikkje for å underkjenne formuleringa. Det er for å gjere merksam på at forfattaren blir ikkje større enn ho kan sanse og tenke, like lite som boka hennar ikkje blir større enn ho kan formulere seg.

Det fins ingen dikotomi mellom forfattaren sin evne til å observere og reflektere, og forfattaren sin formuleringsevne. Dette er gjensidig avhengige storleikar, og resultatet er ikkje reint språk.

Derfor trur eg ikkje den språkdrivne litteraturen fins.

I natt sendte eg manuset frå meg. No skal språkvaskaren overta. Men kva skal eg gjere då?

Spele piano?

Gå tur?

Lakke negler?

Eg klarar ikkje sleppe manuset før det går i trykken i alle fall. Så eg kjem til å lese gjennom det igjen, finne dårlege setningar, pusse litt her og der. Det blir ein merkeleg tom månad, dette. For no skal eg eigentleg ikkje gjere slikt. Eg skal vente på språkvaskaren sine innspel, og ikkje endre for mykje før den tid, for då blir jo arbeidet hennar meiningslaust.

Hm.

Eg skal begynne i jobb, då. Skal på intervju i morgon.
Og så har eg desse andre bøkene eg skal skrive. Må berre gje slepp først.

Aller først skal eg gå ein tur ut i vinteren. Bli mør i låra og raud i kinna. Det blir bra.

Brått er det stilt overalt. Ingen på forum, ingen på blogg, ingen epostar renn inn, ingen smsar, ingen oppdateringar i nettavisene. Berre stilt.

Eg kan tenke meg at det er i slike stunder Esquil har laga seg omfattande statistikkar med tilhøyrande kreative grafiske framstillingar, at det er i stilla Virrvarr les tre artiklar eg aldri har høyrt om og skriv eit fyndig referat frå indre dialogar.
Eg gjer ikkje slikt. Eg blir sitjande og glo.

Teen blir kald, føtene litt stive under skrivebordet. Eg burde legge meg. Eg burde vere utkvilt og opplagt og direkte litterært aggressiv i morgon tidleg.

Men her sit eg altså, og lurer på om eg skal røyke, kanskje, eller lage meg ny te, eller om eg kanskje skal legge meg.

Eg har det med å grave meg ned i utide. Når alt blir for stort og omfattande. Verda blir uoversikteleg og påtrengande, andre sine lidingar blir så valdsame, og det heile virkar så samansatt og komplisert.

Før var det ikkje slik. Då klatra eg opp på barrikadane og veiva med miljøflagg og antirasisme-buttons på jakkeslaget, og ropte på ei betre verd. Eg hadde overskot til å tru på betring, tru på eigen innsats.

No slettar eg alle facebookinvitasjoner om å bli med i diverse støttegrupper. Eg sender ikkje vidare epostar eller sms-ar med opprop og oppfordringar.

Eg blir berre liten og sliten.

Ein kollega haldt foredrag om kva som skjer med folk i psykologyrket eingong. Han trakk fram tre fasar, som nok kan vere relevante for folk flest, i grunnen:

1. Redd verda.
2. Redd nokre få.
3. Redd deg sjølv.

I halvanna år har eg vore mest oppteken av å redde meg sjølv. No skal eg snart tilbake til å redde nokre få. Men verda har eg gitt opp, enn så lenge.

- Dra til Blindern og jakt på jøder, fekk dei unge gutane beskjed om laurdag.

Den israelske regjeringa har gått til massivt åtak på sivile mål i Gaza denne siste månaden. Bileter, smsar, avisartiklar, facebookmeldingar, overalt ser me daude og skadde born og vaksne. Årsaka til krigshandlingane, dei tusenvis av rakettane som dei siste åra er blitt avfyrt frå sivile område i Gaza inn mot Israel sin sivile befolkning, kjennest uviktig, nærast irrelevant. Motstanden i den israelske befolkninga mot sin eigen regjering sine handlingar virkar irrelevante. Skillet mellom jødar og israelarar virkar irrelevant.

Bileta av dei daude og skadde palestinarane talar sitt eige språk, og me svarar med fortviling, medkjensle, raseri og avmaktskjensle.

Vegen er kort til hat, sjølv for nordmenn som verken har slektningar i Palestina, eller nokonsinne har vore i området.

Hat er å avmenneskeleggjere den andre. Hat legitimerer eit kvart overgrep.

Det fins mennesker som hatar jødar, mennesker i Noreg som hatar jødar.

Dersom bestemor di var jøde, ville du seie det høgt i dag? Ville du kikke inn i kameraet til NRK eller TV2 og seie det?

Det fins ikkje mange jødar i Noreg. Då grunnlova vår blei formulert, fekk dei denne plassen:

«Den evangelisk-lutterske Religion forbliver Statens offentlige Religion. De Indvaanere, der bekjende sig til den, ere forpligtede til at opdrage sine Børn i samme. Jesuitter og Munkeordener maae ikke taales. Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget.»

Nordmennene ville ikkje ha dei her, og ved opphevinga av innreiseforbodet for jødar i 1851 var det bekymring kring forventa masseinnvandring. Men jødane kom ikkje i horder. Heilt fram til andre verdskrigen var jødane upoplulære her til lands. I 1930 var det registrert 1359 jødar i Noreg. Oldefar min var ikkje ein av dei. Han fins ikkje i noko trosregister, ikkje i nokon oversikt over landets jødar.

Då krigen braut ut var det litt over 2100 registrerte jøda i Noreg. I januar 1942 kom påbod om at alle Noregs jødar skulle ha J stempla i passet. Ingen kom for å stempla oldefar min sitt pass.

Oktober 1942 blei det iverksett ein massearrestasjon av alle med J i passet. Oldefar min var ikkje blant dei. Heller ikkje sønene hans, eller døtrene hans. Heller ikkje barnebarna.

I 1946 var det 599 registrerte jødar i Noreg.

I dag reknar ein at det bur omlag 1500 jødar i Noreg. Eg er ikkje ein av dei.

- Dra til Blindern og jakt på jøder, fekk dei unge gutane beskjed om. Dei hadde gått rett forbi meg om eg var på Blindern den dagen. Eg er ikkje jøde.

Eg er ikkje jøde fordi oldefar min ikkje turde vere jøde. Fordi han ville at ungane hans skulle få eit godt liv, eit trygt liv utan å bli mistenkeleggjort og hata.

Slektningane hans i Polen hadde ikkje samme valget. Eg har ingen jødiske slektningar meir. I Polen ligg ein gravplass med navna deira, alle døydde før andre verdskrigen var slutt.

Eg er ikkje jøde, fordi det var best slik. Hat legitimerer eitkvart overgrep. Også identitetsdrap.

Sjuande og siste utgåve av det forfattardrivne litterære tidsskriftet Kraftsentrum blei i går kveld feira på Knøderen i Bergen. Redaktørane Olaug Nilssen og Gunnhild Øyehaug haldt først felles tale med mykje mikrofonbytting, og først etterpå kom eg i tankar om at eg skulle jo blogge om dette og måtte lage skisser (sidan mobilen tek dei elendigaste bileta). Heldigvis hadde BT ein journalist på staden som dokumenterte heltinnene, og i bakgrunnen ser de meg og manden som glor og drikk øl og sånn.

bt-bilete1

Etter redaktørane si mikrofonbyttetale, der dei tulla og tøysa og var alvorlege og takka folk og gjorde alt slike avtroppande redaktørar kan finne passande, las nokre bidragsytande skribentar opp tekstar.

Kjersti Rorgemoen las først. Ho var veldig lågmælt, og det tok tid før hjelpsam ung mann kom og skrudde opp lyden, så eg fekk berre med meg halve teksten. Men ho var til gjengjeld uendeleg søt.

kjersti-rorgemoen2

Det viste seg at teksten til Kjersti var komme på trykk i eit festskriv, som Nils-Øivind Haagensen frå Flamme forlag kunne overraske Gunnhild Øyehaug med. Ho blei direkte rørt, og så song alle Hurra for deg som fyller ditt åri anledning 34-årsdagen hennar, vel og merke utan å bukke, nikke, neie eller snu seg kring sin eigen akse, sikkert fordi dei ikkje hadde drukke nok øl, eller fordi det var folk der dei ikkje kjente eller noko. Men bursdagsbarnet Gunnhild smilte og såg vakker og lukkeleg ut, og då gjorde det sikkert ikkje noko at bukking og snurring uteblei.

Så las Agnes Ravatn opp frå ein roman ho skriv, og her fekk me høyre korleis det går når ein seint på kvelden blir med ein framand mann heim for å få gryterett, og det viser seg at han er meir oppteken av erotisk relatert sjølvforsvar enn matlaging.

agnes-ravatn

Manden likte teksten til Olav Øyehaug aller best. Då hadde eg drukke så mykje øl at eg ikkje kunne multitaske, og eg var så oppteken av å teikne at eg ikkje klarte å lytte skikkeleg. Men manden kunne fortelje at teksten handla om å symje ut på djupt vatn, og bli der lenge. Så lenge at ein fann ut at ein kunne overleve der ute, og til og med ha eit godt liv. Men til sist kunne ein komme til å innsjå at einaste grunnen til at ein hadde symd heilt der ut og overlevd og slikt, var berre fordi ein skulle sjå om det gjekk an. Og etter ein slik innsikt kunne ein i grunnen symje heim att.

olav-c3b8yehaug1

Siste bidragsytar var John Erik Riley, som mellom diktskriving og forfatting og intervjuing av amerikanske forfattarar og slikt, også er forleggar og har vore Kraftsentrum sin begeistra mann i Damm. Eg har tidlegare omtalt han som mogleg søtnos i bloggen, der eg tok atterhald fordi eg aldri hadde møtt han. Dette nemner eg fordi eg gjerne vil oppgradere han frå mogleg søtnos til søtnos.

john-erik-riley

Arrangementet var hyggeleg, Knøderen var fullstappa, det var gratis sveler i baren, og Gunnhild Øyehaug og Olaug Nilssen skal ha takk for innsatsen bak det kritikarroste tidsskriftet sitt desse tre åra. Skal ein vere så produktiv og varm og fin og kreativ som desse damene, må det vere drive av lyst, og eg ser fram til kva dei enn måtte ha overskot og lyst til i åra framover. Lukke til med det heile, finaste damene!

Dei lova elles ei rimeleg pakkeløysing med tidlegare utgåver av Kraftsentrum, du får følge med på heimesida deira.

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.

Join 44 other followers