Ein aktiv bloggar
26 torsdag feb 2009
Posted in Uncategorized
26 torsdag feb 2009
Posted in Uncategorized
23 mandag feb 2009
Posted in Teikning
Då er det berre småtteri igjen, og eg er nøgd.

Veldig mange stadnamn er droppa for å gjere kartet meir leseleg og reint estetisk fungerer det betre.
Men sidan eg tilfeldigvis veit stadnamna på mykje meir enn dette, vurderer eg å legge ein større versjon ut på nett med fleire stadnamn.
Kan hende kjem det ei skikkeleg Eirabu-heimeside, med dette og anna informasjon i tillegg til boka.
22 søndag feb 2009
Posted in Uncategorized
Virrvarr har utfordra meg og andre til å engasjere oss i fildelingssaka. Greit, her kjem det.
Eg forstår at ungdommar med dårleg råd lastar ned gratis film og musikk, kopierer lærebøker og lar vere å betale NRK-lisens. Eg har vore der sjølv.
No betaler eg for filmar, bøker og musikk, og eg betaler lisens. Fordi det er rett, og fordi eg har råd, og fordi eg er blitt vaksen og då stig ein eit level når det gjeld å ta ansvar og gjere opp for seg.
Eg var på kafe med Virrvarr for nokre dagar sida. Ho refererte til eit døme kring fildeling som nokon hadde komme med: At om Sponheim var for gratis fildeling, så kunne dei jo berre stjele sauene hans og så kunne han sjå kor kjekt det var. Men det var ho uenig i, for greia måtte vere å samanlikne med å putte sauene til Sponheim inn i ein boks og kopiere dei uendeleg opp, og stjele kopiane.
Musikk og bøker er ikkje sauer, og verken sauestjeling eller sauekopiering er særleg gode metaforar når eg skal forklare kvifor eg nesten kvar einaste veke går på den lokale dvd-sjappa og kjøper ein ny film, eller kvifor eg går i bokhandelen og kjøper bøkene mine.
Musikk og bøker er åndsverk. Nokon har brukt jævleg lang tid på å lage kvart einaste åndsverk. Eg har no brukt to og eit halvt år på å skrive Song for Eirabu. Halvanna av desse åra har eg ikkje vore i arbeid, og skrive heile dagane. To redaktørar, to konsulentar og ein språkvaskar har lagt ned mange timars arbeid i å lese, tenke og kommentere. Eg har reist med fly til Oslo og vore på kurs to heile arbeidsdagar for å gjere plottet betre. Eg har reist med fly til Oslo og teke meg fri denne veka, for å jobbe meg gjennom tilbakemeldingane frå språkvaskaren. Om ein månad må eg gjere det same med korrekturen. Eg har laga eit kart som skal stå framst i boka, og det aleine har krevd to vekers arbeid til saman, i tillegg til alle timane arkitektmannen min har brukt på å få kartet ferdig og proft.
Kva boka har kosta forlaget til no, i arbeidstimar for redaktørar og konsulentar, forsideillustrasjon, samt flybillettar og hotellopphald for meg, i tillegg til det som vil komme av betaling til trykk og pr-arbeid for å få boka synleg og solgt, anar eg ikkje. Gratis er det i alle fall ikkje.
Eg har i alle fall tapt over 600 000 i arbeidsinntekt, i tillegg til tapte sosiale rettar og pensjonspoeng, i tillegg til uendeleg mange kveldars arbeid.
Eg kjem aldri til å få desse pengane tilbake. Eit realistisk estimat vil vere at boka blir innkjøpt til biblioteka, og eit litt optimistisk estimat vil vere at den selger 1500 eksemplar, og det betyr ei utbetaling på omlag 110 000 kroner til meg som forfattar. Eg har allereie fått eit forskot på 80 000, så eg kan forvente at eg får 30 000 kroner når oppgjeret er ferdig ein gong til neste år. Dette er kva ein litt optimistisk debutant kan håpe på.
Klart det fins bøker som selger meir, klart det fins musikarar som selger svært mange plater, og klart dei som lagar film tener penger på at folk går på kino.
Og klart nokre forfattar får andre oppgåver som å skrive kronikkar, og å reise rundt og halde foredrag. Men då er det faktisk desse tinga dei får betalt for å gjere, som vanleg arbeid, og ikkje ein slags spin-off ein sit heime og innkasserar.
Men primært fins det berre ein måte me som lagar åndsverka på kan få pengar for arbeidet vårt: Nokon må vere villige til å betale for kopiane av åndsverket.
Så eg betaler skatt med glede, for då bidreg eg til fellesskapet, eg betaler lisensen min for at NRK skal kunne lage andre program enn reality og sende såpeseriar, og eg betaler for kopiar av åndsverk, fordi eg ønsker at det skal komme fleire.
Ein kan flire godt av meg, som er så jækla dum og gjev bort pengane mine når det meste fins gratis på piratbay.
Men ingen flirer den dagen me sit att med Disney og Beyonce som målestokk for korleis all kultur skal vere.
20 fredag feb 2009
Posted in Uncategorized
Då har eg fått meg kontorplass, men manglar framleis språkvaska manus, sidan redaktøren har vore på doktordisputas om Dag Solstad i dag. Men det ordnar seg forhåpentleg i løpet av dagen. Det er fint å vere i ein snøkvit by med folk og bilar og butikkar overalt. Eg har kjøpt meg fjong barneparaply på H&M for å halde snøflaka borte frå augene (kvifor får eg snø i augene? er ikkje det naturstridig? virkar ikkje vippene mine? kan eg klage?).
I kveld skal eg møte feministiske damer, og reknar med me vil vere keisamt samde om det meste, så då blir det kanskje berre å ty til øl og tull.
Ahh, no ringte redaktøren, og manus stappfullt av rettingar er på veg!
Ha ein frydefull, frivol og fantastisk fredag, alle saman!
19 torsdag feb 2009
Posted in Skriveprosess
Onsdag var den til no travlaste dagen. Først på jobb, og så teikne kart, og jaggu kom ikkje sjølvaste sjefsredaktøren med kone for å inspisere og nippe vin. Einslags vernissage på kartet over Eirabu. Som ikkje var heilt ferdig då dei kom, og først blei det klokka omlag midt på natta.
Men no! No! No! No skal eg ikkje vere på den der betalte jobben min før i mars, og i morgon kjem manus frå språkvask og no! No skal boka bli ferdig!
Og eg skal drikke te eller brus eller vin eller noko med ein mengd fine folk, og om nokon eg ikkje har nummeret til skulle finne på å ringe meg, så er eg pysete med å ta telefonen, så send helst melding.
Helsing mentalt frisk. Og glad.

Her sit bloggskribenten og kikkar ut på tåka, og undrar seg om kombinasjonen frost og tåke vil påverke SAS sine evner til å bringe bloggskribenten over fjella.
17 tirsdag feb 2009
Posted in Uncategorized
Eg ser ut på eit slikt spooky postkort der greinene er dynga ned av tung snø, og alt i barnehøgd er borte i kvit masse.
Søndag fekk mannen-som-hadde-vore-borte den finaste gåva eg hadde å gje bort: Eg måkte heile parkeringsplassen der bilen hans skulle stå. Våt, tung snø, så kram at ein kunne dytte litt i den med ein finger, så blei den heilt massiv. Kunne sikkert bygd katedralar av slik snø. Og slike mengder.
Etterpå klarte eg ikkje rette ryggen, så det blei aldri noko av å måke foran garasjen. Inne i garasjen står bilen min. Der står den fint. Sannsynlegvis også lenge. For oppå den umåkte, klissvåte snøen (mengder: eg minner om at det allereie søndag var mengder) er det no falle urimelege nye mengder.
Eg likte aldri ordet mengd i førsteklassematematikken på barneskulen. Eg var heilt klar for pluss og minus og telle til hundre, og så kom dei trekkande med amøbar. Uformelege, slutta mender, overlappande mengder (for dei avanserte) og prikkar i utal inne i mengdene. Ein skulle ikkje telle prikkane, dei skulle forbli i utal, og mengdene skulle ikkje teiknast som geometriske figurar eller som noko anna det kunne vere remotely interessant å teikne. nei, her var det massar, prikkar, mengder, rotete blyantføring og keisemd.
Seinare strauk eg i matematikk i tredjeklasse på gymnaset. Det var særleg utrekning av ukjende mengder ved hjelp av nokre formlar eg framleis ikkje hugser namnet på som felte meg.
No ser eg ut på all denne snøen. Mengden.
Den er vakker, men ubehageleg.
17 tirsdag feb 2009
Posted in Kontornytt, Skriveprosess, Teikning
I halvanna år har eg no hatt arbeidsfri. Det vil seie, eg har skrive bok. Kvar søndag kveld har eg gleda meg til mandagen, til stille hus og arbeidsfred ein heil dag til ende.
I dag har eg vore på jobb. Heilt ordentleg jobb med arbeidstid og kollegaer og lunsj og timebetalt. Det har vore lite å gjere, slik det ofte er i oppstarten.
Heime har skisseblokk og manus lege brakk. Meir enn brakk: Også bråkete. Eg har høyrt dei kalle heilt heimefrå og opp på kontoret mitt på sjukehuset.
Kom heim! Eg har ord som må rettast, setningar som er for dårlege, eg skal snart til korrektur og då er det for seiiiint, ropar manuset frå heimekontoret.
Kom heim! Eg har blanke sider som verker etter å få strekar på seg! Du må bli ferdig med illustrasjonane til Song for Eirabu, du må lage ferdig skisser til barnebokmanus, du må teikne, teikne, tusje, teikne, nooooo, ropar dei blanke arka i teiknestova.
Så eg har teikna, eg. Frå ungane kom i seng og til no.
Klokka er kvart på tolv, fingrane er varme, fingertuppane prikkar litt. På tide å legge seg. Ny dag i morgon med timebetalt jobb og ufridom og ugjorte ting som ropar heimefrå.
Håper det er meir å gjere på jobben i morgon, så høyrer eg ikkje støyen frå forlagsdeadline som dirrar foran meg.
15 søndag feb 2009
Posted in Uncategorized

Kom igjen, skrivande folk: Få sjå søndagssveisen!
Up with your web-cams, writing people: Let’s see the sunday horror!
14 lørdag feb 2009
Posted in Skriveprosess
Eg er jo begynt i jobb, good riddance, og fine greier er jo det. Reint økonomisk og inputsaktig og eg føler meg som ein gammal sirkushest som luktar sagmugg når det kjem folk med trøbbel i heimen inn på kontoret.
Men eg har tenkt meg å lage fleire bøker. Banna bein. Eg har hatt ein læringskurve som liknar Himalaya siste to åra, og skriving har endra seg frå pc-skrivebordsskuff-greier til å bli heilt ordentlege prosjekter som blir til noko.
Eg har fleire ting eg vil skrive. Song for Eirabu er planlagt som to bind, så bind II må skrivast. Det er halvanna års heiltidsarbeid, me får sjå korleis komboen skriving og jobbing blir. Eg håper sjølvsagt på positive overraskingar, og bur meg på meir realisme.
Men så dukkar det opp andre og nye ting, og eg blir invitert inn i prosjekt som forfører og begeistrar. Og eg kjenner at døgnet strekk ikkje til. Eg vil skrive, teikne, eg vil jobbe, og eg er mor, kone, og må delta i normalt hushald og familieliv med to små born.
Akkurat no boblar og prikkar det i heile kroppen, eg er så full av ting som skal ut, det er så gøy, eg er så glad, eg vil og vil!
Eg får sjå kva som kan realiserast. Men kjensla av at berre himmelen er høgda, berre draumane er grensene og alt kan gjerast, det er som ein kreativ udødelighet midt i ein konkret og realistisk kvardag. Eg elskar dette. Eg elskar verkeleg å lage bøker.
13 fredag feb 2009
Posted in Mediekommentar
Eg forsømmer bloggen litt for tida. Ny jobb på BUP, sluttspurt på Song for Eirabu, eg teiknar illustrasjonar kvar kveld, og er samstundes begynt på eit par svært medrivande nye bokprosjekt. Ja, og så twitter, då.
Men så dukkar det opp saker som fortener merksemd. Og då snakkar me ikkje om Willy Haugli, politihijab, fotball, suspekt Snåsamann-Drillo-connection eller Abraham Lincolns bursdag.
Nei, her er det alvorlegare saker: Nokon har tatt ein sexpille og ser triste ut.
VG Helse illustrerer oppslaget med eit gripande bilete av den tristaste sexpillemannen ein nokonsinne har sett. Og ut frå overskrifta skulle ein tru han var forferdeleg trist fordi utløysinga hans er blitt utsett. Eg blei forvirra. Eg blei pirra. Eg tenkte “jammen, først tar dei desse viagra-pillene og får ereksjon som varer i evigheter, og så er dei bunn fortvila over at dei ikkje får orgasme med det samme? Kan det vere kvinna som ikkje får så kjapp orgasme når mannen har tatt sexpille? Eller er det rett og slett kvinnene som no tek sexpiller, og så opplever den fortvila mannen at kvinna bruker lenger tid på å få orgasme?” Eg var opprørt og interessert, og klikka meg inn på sjølve saka.
Der viser det seg at det er ei pille som utset mannen sin utløysing. Og kan du tenke deg: Misvisande illustrasjon! Han var slett ikkje lei seg etter å ha tatt den orgasmeforsinkande pillen! Han var lei seg fordi han ikkje hadde kjøpt piller. Han er faktisk lei seg fordi han er norsk, og i Noreg er slike piller ikkje tillatt. Og når pillen ikkje er tillatt er det også tabu å snakke om problemet, fortel Ole Martin Høeg (urolog) til VG.
Det er heilt logisk. Ingen pille, ingen open snakk om vanskane. Slik er jo livet. Eg snakkar utelukkande med vennene mine om ting eg veit kan kurerast medikamentelt.