Posted by: Avil | februar 17, 2009

Mandagen kom og gjekk

I halvanna år har eg no hatt arbeidsfri. Det vil seie, eg har skrive bok. Kvar søndag kveld har eg gleda meg til mandagen, til stille hus og arbeidsfred ein heil dag til ende.
I dag har eg vore på jobb. Heilt ordentleg jobb med arbeidstid og kollegaer og lunsj og timebetalt. Det har vore lite å gjere, slik det ofte er i oppstarten.
Heime har skisseblokk og manus lege brakk. Meir enn brakk: Også bråkete. Eg har høyrt dei kalle heilt heimefrå og opp på kontoret mitt på sjukehuset.

Kom heim! Eg har ord som må rettast, setningar som er for dårlege, eg skal snart til korrektur og då er det for seiiiint, ropar manuset frå heimekontoret.

Kom heim! Eg har blanke sider som verker etter å få strekar på seg! Du må bli ferdig med illustrasjonane til Song for Eirabu, du må lage ferdig skisser til barnebokmanus, du må teikne, teikne, tusje, teikne, nooooo, ropar dei blanke arka i teiknestova.

Så eg har teikna, eg. Frå ungane kom i seng og til no.
Klokka er kvart på tolv, fingrane er varme, fingertuppane prikkar litt. På tide å legge seg. Ny dag i morgon med timebetalt jobb og ufridom og ugjorte ting som ropar heimefrå.

Håper det er meir å gjere på jobben i morgon, så høyrer eg ikkje støyen frå forlagsdeadline som dirrar foran meg.


Svar

  1. Jobber du fullt? Jeg kjenner meg så godt igjen i det du skriver. Innspurten min er velsigna med 60% jobb nå, og jeg må si det hjelper. Skrive to dager i uka. Pluss kvelder. Pluss tidlige morgener. Pluss helger. Pluss pluss pluss. Jeg håper, for både din og min skyld, at det kommer mer tid. Det er nemlig ikke sant at man kan TA seg tid – i alle fall ikke hele tiden. Noe av den må finnes i utgangspunktet.

  2. Når du skriv slikt lengtar eg tilbake til ditt liv før du byrja jobbe. Sukk. Livet er hardt.

  3. Eg jobbar berre 60 %, men utanom har eg noko som kjennest som 100 % skriving og teikning. Og så har eg born gåande på fôr, så eg må nesten stelle litt med dei også.
    Det er ikkje alltid tre deadliner oppå kvarandre, då. Men eg merker no kor fint det var å kunne skrive heile dagen. Og livet føles så kort. Faktisk.

    Aina: Ingen veg utanom. Folk må rett og slett kjøpe bøker i bunkevis. Mann av huse. Varmt kveitebrød. Då blir det veg i vellinga, og me kan skrive full tid.

  4. Høyr, høyr!
    Hadde gjort seg med nokre feite stipend eller prisar, òg. Høyrer nokre av desse forlagsprisane kan bringe inn gode grunkar. Kva må til for å få eit par av dei, skal tru?

  5. det spørs hvem du spør, aina …

  6. Eg trur du er på den smale sti som kan føre til prisar, Aina. Eg er verken på smal eller brei sti, eg vasar omkring off-pist og reknar ikkje med ein einaste pris.


Legg igjen et svar

Your response:

Kategorier