Arkiv

Måntlige arkiver: mars 2009

I natt klokka halv tre var eg ferdig med korrekturen. Å sitje slik, lange og seine kveldar med noko einsarta oppgåver, gjev meg rare draumar. Eg har vore inne i desse godkjenn-boblene i heile natt, verda har skifta frå blått til svart ettersom eg sumde rundt, og så var det alltid slike små restbobler med [norsk, nynorsk] som poppa opp når eg trudde eg var ferdig. Kvitt hav med stiplete linjer, puste inn, symje to tak, godkjenne, forkaste, symje igjen.

Halv seks sto han der femåringen opp og meinte det var morgon. I ørska godkjente eg den blå bobla hans og bokstavane vart svarte og han fekk stå opp og leike på rommet.

Eg sit her ved pc-en, eg er slett ikkje borte. Men eg les altså gjennom korrekturen. Boka er ferdig skrive, ferdig språkvaska, og no snart ferdig korrekturlese.

Eg har stive skuldre, høgre peikefingertupp klør og prikkar, eg er redd og eg er sur og stressa.

Leveringsblues.
Torsdag morgon er ny (og aller siste) korrekturfrist, fredag morgon er siste illustrasjonsfrist.

Eg har separasjonsangst, prestasjonsangst, det er tristesse og mageknip og hovudverk.

Eg skal blogge og vere blid igjen snart. Ber over med meg.

No sit eg på ferja mellom Sandvikvåg og Halhjem, på veg til Hop skole. Eg fekk øvd meg litt på slike skumle ungdomsskuleelevar under Falturiltu (nynorsk barne- og ungdomslitteraturfestival), men jaggu er det sommarfuglar i magen likevel.

I mellomtida har eg jo begynt å arbeide på BUP, og har ein del av desse ungdommane hos meg i løpet av ei veke. Under opplesing er det meg som kjem, nysminka med manus under armen, på bortebane. Dei er i flokk og eg kjem med hjartebarnet mitt og skal underhalde, selge, by meg fram. På kontoret er eg på heimebane, ungdommane kjem aleine, og dei kjem med sine vanskar, sine hjarter.

Det passar bra då, syns eg, å utsetje meg for ungdommane på Hop.

Stillinga blir utjamna.

“Er det seriøs skjønnlitteratur eller er det underholdning, er det en realistisk roman eller fantasy, er det «voksen» litteratur eller ungdomsbok?”

Anmeldarar og bokhandlarar likar godt bøker som let seg kategorisere. Men arkeolog Silje Elisabeth Fretheim Romandebuterer Arkeolog Silje Elisabeth Fretheim dokumenterer hver minst detalj i det hun skriver på jobben. Hun tar av desto mer i det hun skriver på fritiden. Foto: MARIANN DYBDAHLfekk utgje ein fantastisk fabel utanfor allfarveg, ein murstein på 700 sider, på eit av Noreg største forlag, Gyldendal.

I fjor fekk ein fantasy/sci-fi/crossover-forfattar for første gong Nobels litteraturpris.

No er Fretheim nominert til Kulturdepartementets debutantpris.

Anmeldarane er begeistra. Lesarane er begeistra.

Gratulerer, Silje, med vakkert nybrottsarbeid i norsk litterært landskap som lukkast, ganske enkelt fordi det er bra!

Kva skal eg lese?
Eg spør mor mi. Ho har nyleg lese ei bok som ho fekk anbefalt av ei venninne. Mor mi har hatt boka eit par månader, det tok litt tid frå ho fekk den i hende til ho begynte å lese. Venninna hadde også boka på nattbordet nokre månader før ho las den. Ho hadde igjen fått den anbefalt av ei anna venninne.

Den litterære jungeltelegrafen er ein langsam form for marknadsføring. Folk brukar tid på å lese, dei anbefaler til nokre få, som også brukar tid på å komme i gang med å lese. Til gjengjeld er dette litteraturformidling eg likar. Anbefalte bøker treng ikkje vere bestselgarar, dei treng ikkje vere skrivne av damer med store auge og store pupper, eller av vakre, unge menn med trutmunn. Anbefalte bøker treng ikkje å ha fått riksavisene si merksemd, eller god plassering i bokhandelen. Anbefalte bøker har sitt eige liv, frå lesar til lesar.

Men før lyden av trommene når fram til meg, er boka borte frå bokhandlarhyllene. Eg må på biblioteket og skrive meg på venteliste. Eller få låne av mor mi, som har lånt av ei venninne.
Kvifor er det slik? Det er berre eit fåtal bøker som får mykje merksemd i pressa, og bøkene som langsamt blir marknadsført gjennom jungeltelegrafen har då også eit salgspotensiale?

Cecilie Naper forklarer: “Gjennom den bransjeavtalen som sto fram til 1997, hadde de store bokhandlerne forpliktet seg til å føre alle de (den gangen) 3000 titlene som kom ut hvert år, mens 70 prosent av norske bokhandlere forpliktet seg til å føre alt som kom ut av ny norsk skjønnlitteratur. De bandt seg til å lagerføre denne litteraturen i tre år. I dag er situasjonen snudd på hodet. Samtidig som det totale antallet bokhandlere har vokst fra 434 til 647, er tallet på de litterært velassorterte bokhandlene redusert fra 305 til 149. Bare 25 prosent har lagerplikt, og den er redusert fra tre til ett år. “

Ho fortel vidare at dei velassorterte bokhandlarane no er auka til 300, men bøkene har framleis kort levetid i hyllene. For kort for jungeltelegrafen. For kort for meg, som får anbefalt bøker som blei utgjeve for to år sidan.

2009debutantar

Vårens debutantar illustrerer artikkelen. Fin gjeng, ikkje sant?

tonita saknar ein stad der vanlege, norske kvinner og våre yngre, muslimske landskvinner kan møtast. Prate. Diskutere. Ikkje for å komme i avisene, vere tabloide eller promotere eit eller anna. Berre møtast.

I svaret mitt til henne skriv eg:

Det er i grunnen ganske mange eg gjerne ville hatt i tale.
Unge kvinner som veks opp utan at nokon rundt dei reflekterer /problematiserer /diskuterer haldningar, kropp, kjønn, verdi, likestilling osb.

Nokre av desse jentene går allereie i 11-årsalderen med skaut eller med g-streng.
Nokre av dei blir fortalt at dei har ansvar for menns seksualitet ved å dekke seg til, andre får ansvar for menns seksualitet ved å få skulda for nachspielvaldtekter fordi dei har gått i miniskjørt og dansa på bordet i baret tidlegare på kvelden.
Nokre av dei får ansvar for familiens ære ved å skulle vere kyske, andre får vite at dei “får rykte på seg” eller “er billige” om dei har same forhold til sex som kompisane sine.

Og så får eg draumar om ein kvinnekafe i eit kvinnehus, der det er plass til barnevogner og galleri og skaut og briller, og med ei scene der forskjellige slags folk i blant kan halde foredrag som set i gang diskusjonen kring borda etterpå.

Det er i alle fall lov å drøyme.

Korleis ein skulle fått dei 16-åringane som ikkje er vakse opp med kjønnspolitisk dagsorden i heimen til å komme, er ei utfordring på linje med å få til sjølve huset, føler eg.

Eg er sur på Tine fordi dei har fjerna mjølka og no berre sel melk, også her i tjukkaste mjølkeproduserande nynorsk-Noreg.

Som forbrukar har eg ikkje anna å gjere enn å finne meg (surmulande) i det. Ingen andre sel mjølk, så det nyttar lite å skifte produsent.

Men Q-meieria seier no at dei vil ha mjølkekartongar dersom forbrukarane ønsker det.  Det er berre at ingen har spurt dei om det.

Derfor har eg sendt epost til dei som eig Q-meieria. Kavli. Fint firma, som har drive med etisk profil frå før slikt hadde eit navn.

Kan hende ville det hjelpe om fleire sendte epost.

epost: kavli@kavli.no

Eg fortalte dei ganske enkelt at dei ville få seg ein ny hjarteven dersom dei begynte å lage Q-mjølk (og ikkje berre Q-melk). Du kan sikkert formulere deg mindre intimdramatisk og oppnå same forbrukarpåverknad.

mjolk

Då er riktig manus, ferdig korrekturlese og proppande fullt av raude strekar, på plass i innboksen. I dag er det tirsdag. Håper alle døgn fram til fredag har 48 timar.

 

Her skin ellers sola. Vestlandsvåren, med snøklokker og krokus i blomst, og påskeliljene i knopp, viser seg frå si beste side. Nesten så ein sluttar å tenke “kvifor valgte me å flytte til dette klimaet”. For ei kort stund i alle fall. Når våren verkeleg kjem til Oslo og alle sit der med insektsolbrillene sine og glisar på utekafeane, kan det jo hende at eg vil skule ondt på regnet igjen.

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.

Join 44 other followers