Eg driv visst og hissar meg opp på nett for tida.
Forklaringsmodellar:
- Eg er i ny jobb, og sliten på ettermiddagane, og sjølv om det eigentleg ikkje er noko travelt på jobb i det heile, er einkvar slik stor endring i kvardagen eit stressmoment. Nye oppgåver, mange nye klientar, nye kollegaer, nye skjema, nye testar, nytt alt.
- Eg får ikkje vere aleine med hjernen min. Siste halvanna året har eg skrive bok heile dagane. Nokre dagar har det gått trått, andre har vore fantastiske. Men eg har heile tida fått bruke hjernen heilt i fred.
- Eg får ikkje røre meg slik eg vil. Eg har vore temmeleg streng med meg sjølv dette halvanna året som har gått, og hatt 7 timars arbeidsdag der eg har skrive, eller prøvd å skrive. Men eg har gått ned i hamna og skrive, eg har skrive i skogen, på stranda, eg har skrive på kafe og på biblioteket. Eg har gått små turar med penn og papir, og stoppa opp for å skrive, straks gåturen fekk hjernen min på betre tankar enn mens eg sat.
- Eg er ein einstøing. Så mykje aleinetid, og likte det. No er eg mindre aleine. Kven som vil kan uroe meg når eg skriv journalnotat, og resten av tida sit eg med klientar, i prat med kollegaer eller i telefon med folk som har med klientane mine å gjere.
Slikt blir det sinnablogging av, tydelegvis. Ordentleg sur blei eg, over å oppdage at mjølkekartongane skulle bli bokmålske.
Det fine er at eg har drops i skuffen på kontoret, drops i hylla på kjøkenet heime og drops i alle jakkelommene.
Og så skal eg lese opp på debutantkveld på Mono om ganske lenge, og betalinga dekker ikkje reisa dit, men det er no kjekt likevel. For eg skal gje ut bok. Og det må ein jo nesten ha lov å vere glad for.
Og så er det ikkje alle som kan ringe nokon og seie “hei, eg vil gjerne ha ein fantastisk interessant, og relativt godt betalt jobb, er det greit at eg startar på mandag, ja, forresten, eg vil visst berre jobbe 60% og flekse emd fridagane akkurat som det passar meg, er det greit?” – og så får ein viljen sin.
Eg er van til å få viljen min.
Eg burde sikkert sette meir pris på det.
Nemleg.
No går eg og tar meg ein drops.


Ta deg ein bolle, du!
Når skal du på Mono?
By: Aina on mars 10, 2009
at 11:04 pm
29.04. Eg kjem nok til å minne deg på det når det nærmar seg.
By: Avil on mars 10, 2009
at 11:09 pm
Det høyrest lurt ut.
By: Aina on mars 10, 2009
at 11:13 pm
Drops. Mmmmm…….
By: Goodwill on mars 10, 2009
at 11:23 pm
synes egentlig ikke du virker så sint, mer irritert. en ventil her, en ventil der …
og denne klakkøren trenger du ikke å betale på mono den 29.
*knuseklem*
By: caterina on mars 10, 2009
at 11:30 pm
Mono blir spennande! 29. mars? April? Meld frå!
By: Alt godt on mars 11, 2009
at 1:54 am
For min del blir det mer sånn sinnablogging når jeg er for mye på nett. Alle dusteting blir så store.
By: Beate on mars 11, 2009
at 9:38 am
Du burde be forlaget bidra til reisen til Mono, synes jeg.
By: Kjetil on mars 11, 2009
at 10:45 am
Betaler ikke Norsk Forfattersentrum for reisa, da? Det gjorde de i fjor.
By: Tilfeldig forbipasserende on mars 11, 2009
at 1:42 pm
Jo! Kom nettopp epost om at det er akkurat dét dei gjer. Hurra!
By: Avil on mars 11, 2009
at 2:46 pm
Hvilke drops er det som har denne umiddelbare effekten? Lakris? Vanilje? Prozac? Sobril? Hilsen en som også kan bli irritert rett som det er.
By: Lindkvist on mars 12, 2009
at 3:35 pm
Tyrkisk pepper på kjøkenhylla, kamferdrops i kontorskuffa og gule fisherman i lommene.
By: Avil on mars 12, 2009
at 9:10 pm
Gule fisherman! De er jo de eneste som duger. Men det er ikke så lett å få fatt på de lenger.
By: Beate on mars 16, 2009
at 12:23 pm
Me må kjøpe og kjøpe, så dei ser at marknaden er der, beate!
By: Avil on mars 16, 2009
at 12:25 pm
Facebookgruppe og, det er nok det som må til!
Men seriøst, jeg har ikke fått tak i noen på altfor lenge. Vet ikke engang hvor jeg skal lete lenger. Neste gang får jeg kjøpe med meg det som finnes, og så pakke inn og gi i jule- og bursdaggaver til venner og bekjente.
For ellers er jeg redd for at mitt bidrag monner litt for lite.
By: Beate on mars 17, 2009
at 12:33 am