Godkjent morgon
I natt klokka halv tre var eg ferdig med korrekturen. Å sitje slik, lange og seine kveldar med noko einsarta oppgåver, gjev meg rare draumar. Eg har vore inne i desse godkjenn-boblene i heile natt, verda har skifta frå blått til svart ettersom eg sumde rundt, og så var det alltid slike små restbobler med [norsk, nynorsk] som poppa opp når eg trudde eg var ferdig. Kvitt hav med stiplete linjer, puste inn, symje to tak, godkjenne, forkaste, symje igjen.
Halv seks sto han der femåringen opp og meinte det var morgon. I ørska godkjente eg den blå bobla hans og bokstavane vart svarte og han fekk stå opp og leike på rommet.

Det er eit hundeliv.
Det er vår eigen skuld, Aina. Me har valgt det. Kor toskete er det?
Haha. Eg hadde dei mest bisarre draumane då eg hadde lest i vekesvis til eksamen i matriserekning i matte. Det er ikkje grenser for kva som kan plasserast i matriser. Eller bobler, tydelegvis.
Her går det i dansk om nettene. Og så lever jeg i ei boble. Jeg har aldri drømt om matriser eller korrektur, men det var en periode jeg spilte veldig mye Tetris.
…men melkekartongen jeg kjøpte idag var på nynorsk, Avil, selv om jeg bor i svarteste sentrum av Bergen. Påskekrimmen var tilogmed på nynorsk. Føler du deg bedre nå?
Er det sant, Ole? Kva skjedde? Kulturmjølk?
Heilmjølk, baby! Med 3.9% Feitt.
No blei eg rørt og glad.
Fredag blues. Har tapesert med oldermora di ( 90) Alene hjemme. Good times. Skulle noen være interessert: Avil har gode gener for et langt liv. Måtte hun brike de vel!
Blues på ein fredag, du. Her er dotterdotter di sjuk igjen, feber og snørrete og slakk. Men eg ahr sendt frå meg korrektur, teikningar og baksidetekst, og har einslags…fri?
O_o
Gratulerer. Kjenn på gleden og nyt velgjort arbeid. Fri er bare et dumt ord for ensomhet. Godt at du har noen å elske og ennå en bok på beddingen.
Eg spelte for mykje backgammon i ein periode. Så når eg la meg drøymte eg at eg flytta rundt på venninnene mine i sofaen. A tre plassar fram, så L fem plassar, så har vi dekt opp dei…