Opplesing for publikum
Dotter mi går i andre klasse. Bokstavane kunne ho før skulestart, og ei lita stund var lekser og lesing noko ein kom gjennom utan for mykje motstand. Men så blei det så keisamt. Lese same, vesle, keisame bit tekst fem gonger, for vaksne med stive smil og pedagogisk oppmuntrande tilbakemeldingar. Etterkvart freista me gjere det heile meir gøyalt, ho fekk i oppgåve å lese teksten ein gong med operastemme, ein gong med baktusstemme og så bortetter. Ho fekk kviskre, ho fekk synge. Men framleis, etter halvanna års lekselesing er det ikkje gøy med Tuba Luba.
I ettermiddag var det plutseleg noko heilt anna.
Ho las teksten høgt, med innleving. Ikkje berre fem gonger, men sju, åtte, eg trur kanskje ti gonger. Like gøy kvar gong.



Og kvifor var det brått så inderleg inspirerande å lese om att og om att?
Fordi det på andre sida av kjøkenbordet sat ein femåring og skratta like høgt kvar einaste gong.

Ungar treng også eit oppriktig nøgd publikum for å glede seg over å lese opp.

Hehe, så søtt! Eg ser kven dei liknar på
Me kan ikkje lyge oss frå dei, nei.
Lese 5 ganger samme tekst?
Fint for læreren kanskje. Ikke særlig motiverende for 6-7-åringer. Noen ganger er det kanskje greit med sivil ulydighet fra foreldrenes side?
Det er visst veldig viktig det med å lese fem gonger.
Det er en kjent sak at noe av det viktigste elevene skal lære seg i barneskolen er å kjede seg med stil. Jeg jobbet som lærer et halvt år, og det var så kjedelig at tilogmed jeg (som er ferdig med skolegangen og derfor har diplom i kjedsomhet) fikk lyst til å å rive av meg alt håret og løpe omkring i gangene. De har kjempestore klokker i alle rommene som roper TIKK! hvert eneste minutt, og aktivitetene de blir satt til er enda mer repetitive enn mønsteret i kommunegardinene. Ukeplanen inneholder setninger som “Me leiker med tal” og “Utedag”, men jeg lar meg ikke lengre lure. Dette betyr henholdsvis “Vi gjør matteoppgaver fra boken” og “Det regner, vi gjør matteoppgaver fra boken i stedet”.
Barneskolen skal først og fremst lære barn disiplin og å kjede seg. De skal kjede seg disiplinert og ordentlig slik at de er rustet til å kjede seg gjennom ungdomsskole og videregående før de skal ut og kjede seg på jobb etterpå. Jeg er bare halvveis spøkefull her – samfunnet vårt står og faller faktisk på folks evne til å holde ut den mest ekstreme kjedsomhet.
Ole: Da er det godt at det undervisningsplikt og ikke skoleplikt i dette landet!