Arkiv

Måntlige arkiver: mai 2009

I morgon tidleg pakkar eg trillekoffert og taske, sikrar meg at eg har mobil og kort med, og så er det svosj til Lillehammer. Sist år var eg invitert til å lese på eit arrangement der forlaga kunne presentere forfattarar for utanlandske forlagsfolk. Ingen viste interesse for å omsetje boka mi, men til gjengjeld fekk eg oppleve forsommarens vakraste eventyr for første gong, eg fekk knytta nye vennskapsband som viste seg å bli nære og viktige, og eg fekk høyre og sjå forfattarar som til då hadde vore slike teoretiske pidestallstorleikar.

I år er eg berre publikum, og skal vere der tre dagar, prate litt med presse (høyres ikkje det tøft ut, hæ?), og elles berre kose meg. Det kjem mange blogg/bok-folk, og endå fleire berre-bok-folk, og forlagsfolk som skal spandere middag og vin, og det kjem til å svirre og surre og blomstre og dufte av litteratur og kvitvin i heile Lillehammer.

Kjem du?

I dag mellom 11 og 12 eingong skal eg intervjuast på NRK Hordaland. Heldigvis radio og ikkje fjernsyn, sidan eg har radiohår i dag. Radiofjes også, i grunnen. Eg har ikkje eingong neglelakk på. Heile meg er nøye tilpassa radio, når eg ser etter.

Sidan direktesendt radio kan kjennest særleg skummelt for ein urutinert debutant, kjem eg til å tenke på deg, snakke berre til deg, og då trur eg kanskje eg blir mindre nervøs.
For du er jo ein sånn snill og venleg ein, ikkje sant?

To kvinnelege journalistar i to av landets mest seriøse aviser har no referert same sak. Begge unngår å reflektere over kva dei oversetter, og begge blir dermed talskvinner for arkaiske og undertrykkande haldningar til kjønn, makt og seksualitet.

Dagsavisen var først ute. 06.05.09 refererer Heidi Katrine Bang til ei sak frå den franske avisa Libération, og ho velger å køyre saka fram som forskingsresultat:

(…) en fersk oppdagelse fra det britiske trendforskingssenteret Future Foundation: Den nye mannen er verken metroseksuell eller noen muskelbunt på klubbejakt etter mammuter. Mannen anno 2009 er gastroseksuell.

Ifølge definisjonen er dette en enslig mann i alderen 25 til 44 år med trang til å iføre seg forkle og skarpe kniver bak gryter med mye damp. Matlagingens formål er ikke å mette magen (man er da ikke noen simpel husmor…). Nei, matkunstnerens ønske er nytelse, ros, anerkjennelse – og å få middagsgjesten til sengs.

Kokkeforførerne har, ifølge rapporten, vokst i antall i takt med kvinnefrigjøringens frammarsj. I Frankrike, for eksempel, var det i 1997 kun 28 prosent av landets menn som så seg i stand til å lage middag minst en gang i uka. I dag er andelen økt til 51 prosent.

Men ho referer ikkje til forskning. Ho refererer til ei fransk avis som har valgt ei vinkling på saka som burde interessere Dagsavisens journalist meir enn det faktum at menn no lagar mat til kvinnelege gjester. Libération si forståinga og formidling av desse forskningsresultata blir verken drøfta eller stilt spørsmålsteikn ved. Den skin berre gjennom i den vidare refereringa:

(…) gastroseksuelle Sebastien (36), som ifølge avisa Libération ikke legger skyld på hva det hele egentlig koker ned til:

«Soverommet er jo kun noen meter fra kjøkkenet. Når en middagsinvitasjon først er akseptert, lykkes jeg i 75 prosent av gangene den første kvelden. Totalt lykkes jeg 95 prosent».

Over to veker seinare kjem Bergens Tidende sitt referat, ved Cathrine Hansen. Ho oppgir kjelder: Libération, Future Foundation: “The Emergence og the Gastrosexual”, Eurostat.
Saka står i BT Magasinet laurdag 23.05.09, kun papirutgåva. Eit fyldig referat frå den såkalla gastroseksuelle Sebastien, som i dette referatet skal ha sagt at:

Etter middagen lykkes jeg med å få 75 prosent av kvinnene til sengs første kveld, og 95 prosent totalt.

BT refererer også til Libération sine to andre intervjuobjekt som også forfører ved matlaging. Heller ikkje her blir det stilt eit einaste spørsmål eller lufta ei einaste refleksjon ved det formidla synet på menn, kvinner, sex og vilje. Det næraste Hansen kjem å legge til si eiga refleksjon finn ein i den humoristiske avsluttande setningen:

Det store spørsmålet du nå sitter igjen med, er vel om han også leverer de andre varene.

Nei, Cathrine Hansen. Det store spørsmålet eg sit att med er korleis to journalistar i to av landets mest respektable aviser ukritisk kan referere angiveleg forskning sett inn i ei opplagt spekulativ og kjønnsdiskriminerande ramme.
At denne Sebastien (36) ikkje sjølv reflekterer over korvidt dei kvinnene han ligg med sjølv kan ha eigen vilje, makt og råderett over eigen kropp, lyst og seksuelle handlingar, er forsåvidt trist for han sjølv og dei han ligg med. At franske Libération lagar ei sexy sak på dette, og introduserer gastroseksuell som ny trendkategori ved hjelp av slike anonymiserte menn som lagar mat før dei puler, er forsåvidt også verd merksemd, om ein er fransk.

Men Dagsavisen og Bergens Tidende velger altså å vidareformidle saka, tilsynelatande som ein sommarlett og sexy liten magasinsak.
Er det slik desse journalistane tenker at verda er?
At kvinner let seg invitere heim til menn utan på førehand like han, ville han, ha lyst til han? At kvinner let seg overtale til å bli med menn heim ved hejlp av sleipe og manipulerande replikkar, for deretter å synke saman under hans kyndige forføringskunster? At om mannen “spiller på den psykologiske effekten” (BT) vil ho late seg forføre til sex ho elles ikkje hadde lyst til?
Eller er kvinners lyst ein reaksjon på mannens forføring? Er det mannen som seksuelt aksjonerer, mens kvinner let seg fylle av re-aksjon?

For om de ikkje tenker slik, Hansen og Bang, kvifor let de slike haldningar passere gjennom omsetjing og desk utan spørsmål?
Og om de sjølve faktisk meiner de har makt over eigen kropp, at de sjølve er aksjonerande, villande og tenkande subjekt, korleis kan de åtvare kvinner mot forføring?

Eg avslutter med Dagsavisen si avslutning:

Og selv om verdien av studien kan diskuteres, bør det være ekstra grunn før sommerferien til å advare mot menn som lokker med denne replikken: «Vil du være med hjem og se på kasserollene mine?»

Haustljoslesarane har fulgt meg med støtte og oppmuntrande tilrop frå eg begynte å kladde ned manus, gjennom to og eit halvt år med bloggpostar om norrøne mytar, opplesingar på festivalar og skule, og alt det andre babbelet og tankane og kvardagane mellom. Frustrasjonar og gleder er delt og kommentert, og eg har vore så veldig glad for å ha dykk med på ferda.

No er manus blitt til bok, heilt på ordentleg.

Det kom epost frå forlaget for ti minuttar sidan: Song for Eirabu er komme frå trykkeriet!

Så då er det på tide å feire og feste og nyte at det går an å ffinne på noko rolp heime på pc-en som endar opp i stive permar med gilde fargar!

Det blir sleppefest i Oslo torsdag 4 juni, på Den gode kafe.

Alle er velkomne!

 
Og om du likevel har tenkt å kjøpe boka, så ta med deg 300,- kroner i kontantar, så kan du kjøpe eit eksemplar billegare enn i butikken.

Eg er gammal venstredame. Eller, for å vere heilt presis: Gammal Unge Venstre-dame.  Det betyr fleire ting, for dei innvigde. Kjapp oppsummering i listeform:

  • Eg er ein forsiktig idealist.
  • Eg har eit grunnleggande positivt menneskesyn, og trur derfor på velferd for dei som treng, og fridom for marknaden innanfor fornuftige rammer.
  • Eg er vant til å heie på det eg trur på, også når partiet er ute av stortinget.
  • Eg har vore medlem og aktiv innanfor eit parti med god plass til homofile, verdikonservative, folk for og mot EU, vegetarar, dyrevernarar, antirasistar, legaliseringsentusiastar, folk som trur på samfunnsløn, natur- og ungdomfolk (slike som vil følge reglane), bellonafolk (slike som trur på bråkete demoar i båt). og ein røys andre folk som elles er mest kjent for å vere uenige med dei fleste.

Men så skjedde ei rekke uheldige hendingar, og Venstre viste seg å velge ein veldig lite Unge Venstre-aktig leiar, som etterkvart lot Kjell Magne Bondevik vere statsminister. Eg fann meg sjølv i djup politisk krise.

Eg var for medlemsskap i EU, for personvern og betre vilkår for små bedrifter, for betre vilkår for akademikarar, og eg sleit seriøst med sosialdemokratane si uheilage allianse med moralisme i einkvar sak der staten kunne innskrenke folk sin fridom og sope inn nokre pengar for deretter å bestemme og styre.

Eg visste ikkje kvar eg skulle gå med den forsiktige, lett verdikonservative og liberale idealismen min.

Eg stemte på Høgre.

Det var ingen jubelavgjerd, men eg hadde nokon å stemme på. Nokon som hadde Per Christian Foss og Georg Apenes. Nokon som både ville ta vare på dei svake og dei som hadde ressursar.

No seier Erna Solberg eit “klokkeklart ja” til regjeringssamarbeid med FrP. Det forsiktig idealistiske, liberale og verdikonservative Høgre vil sleppe dei økonomisk uansvarlege og populistiske FrP-politikarane inn i regjeringsposisjonar, og la folk som verken vil ta vare på dei svake eller dei ressurssterke få styre over landet.

Farvel, Høgre. Det var skjørt, usikkert og ambivalent så lenge det varte.

No er eg igjen i partipolitisk ingenmannsland.

I dag er det nøyaktig ein månad til bokslepp. Eg jobbar på BUP om dagane, er sliten og blåst i skallen på kveldane, og veit at andreboka (den vanskelege? kvifor vanskelege? no kan eg meir, veit meir, treng ikkje drite meg ut med å skrive planlaust i månadsvis?) bør vere litt meir enn noverande filinnhald ved lansering, hjernen virkar ikkje heilt på kveldstid, eg bloggar ikkje eingong.

Eg har lese ei bok og brukte to dagar på å gruble på noko eg ville seie om den. Dette kan eg sende til Morgenbladet, tenkte eg. Så gjekk det ein dag til. Dette må eg blogge om, tenkte eg så. Men ingenting. Ikkje så mykje som ein sms til forfattaren, liksom.

Kva skjer med hjernen min? Er den tilbake på jobbmodus, småbarnsmammamodus, handle-middag-leksehjelp-lesestund-tannpuss-sang-nettsurfemedfjernsynpå-vipsiseng-modus? Vil eg ha det slik? Kva kan eg gjere for å endre det?

Så mange spørsmål, så avgrensa kognitive evner.

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.

Join 44 other followers