Arkiv

Måntlige arkiver: juli 2009

Eg snik meg innom ein snartur, under påskot av å skulle lese epost. Eg har nemleg skrive- og nettforbod no, og det er ei tålmodsprøve eg sikkert har godt av.

Istaden for å skrive på andreboka, har eg sett to måkar freiste å jage eit ørnepar, ete tiarma blekksprut (fiska med pilk utanfor Skånevik), sett hoggorm, drepe eit utal klegg, drukke frykteleg mykje kvitvin og lært å spele poker.

Og så les eg ei Dark Fantasy-bok som eg ikkje trur eg har godt av, for draumane mine blir så makabre.

Eit duggvått, roseraudt sommarkyss til deg der ute, med von om at du har det like fint som eg.

Born av syttitalet har rett og slett utvikla annleis estetisk sans enn resten av befolkninga. For 68-arane var det jo berre mote, men for oss var det oppvekstvilkår.

Det fine med hage er at ein kan dyrke meir enn blomar. Ein kan dyrke sin estetikk heilt i fred.

insektbrille

 

converselegger

Storblomstrete forklekjole, kjempesolbriller og converse. Til antrekket høyrer sjølvsagt groskitne hagenevar med lilla neglelakk.
Ha ein strålande onsdag! Eg stikk ut i hagen igjen!

Oppdatering: Hagen var visst full. Då er det berre å fylle opp terassen.

terasse

Tåler du H. C. Andersens kuk kuk fallera, så får du tåle Oehlenschläger. Danskare blir det liksom ikkje. Og her MÅ eg sakse frå den lange, seriøse wiki-artikkelen:

Oehlenschläger har også skrevet den danske nationalsang: Der er et yndigt land. Den bliver brugt til bl.a. fodboldkampe, når det danske landshold spiller.

Ikkje akkurat 17.mai-steming der sør. Men høgromantisk kliss har dei i massevis. Ta for deg av dei kvalmfulde mure. Nam, nam.

Fra kvalmfulde mure
Tekst: Adam Oehlenschläger, 1803
Melodi: Niels W. Gade

Fra kvalmfulde mure!
til marken så huld!
Dér pløjede fure
har ydet sit guld.
Så friske, så sunde
de bønder vi se,
ved kølige lunde
de hvæsse den blinkende le.

Se blomsterne virke
et tæppe, som går
om gotiske kirke,
hvor korsene står.
Så brun den sig rejser
i lysgrønne dag.
Se hvor storken knejser
på det gamle, mosgroede tag.

Hulvejen mod havet
nedluder så brat
med skygge begavet,
med træer besat.
Her risle så milde
de bølger fra land,
fra venlige kilde,
langt ud i den himmelblå strand.

Så langsomt i sandet
vi glide af sted,
imens ruller vandet
ved hestenes fjed.
Den flagrende måge
flyr hen over sø.
Hist se vi i tåge
Tycho Brahes knejsende ø.

Her bøgenes kroner
sig om os har hvalt.
De spøgende toner
vi høre jo alt.
Se teltene hvide!
se hvirvlende røg!
Vi køre, vi ride,
vi ile til latter og spøg.

Hvor skoven dog er frisk og stor
Tekst: H. C. Andersen, 1850
Melodi: Tysk folkemelodi

Hvor skoven dog er frisk og stor,
kuk-kuk, kuk-kuk, fallera.
Skovmærker der og jordbær gror,
kuk-kuk, kuk-kuk, fallera.
I træets bark er mærke sat,
der så jeg dig en måneklar nat.
Kuk-kuk, kuk-kuk, fallera,
kuk-kuk, kuk-kuk, fallera.

I måneskin er smukt at gå,
kuk-kuk, kuk-kuk, fallera.
I skov ved solskin ligeså,
kuk-kuk, kuk-kuk, fallera.
Af kukkeren jeg vide får,
hvor mange kys og leveår.
Kuk-kuk, kuk-kuk, fallera,
kuk-kuk, kuk-kuk, fallera.

Gør ikke verden dig for tung,
kuk-kuk, kuk-kuk, fallera.
Husk på, du er kun én gang ung,
kuk-kuk, kuk-kuk fallera.
Skovmærker gror, og jordbær gror,
og kukkeren ved når og hvor.
Kuk-kuk, kuk-kuk, fallera,
kuk-kuk, kuk-kuk, fallera.

Ein er ikkje berre debutant med første bok. Ein er debutant alltid. Første gongen alt. No er det første gongen eg skal skrive andre og siste boka om Eirabu.

Det er no boka er best. Det er no denne boka blir betre enn den førre, det er no alt samlast og løftast opp i dei geniale, litterære sfærer der intet menneske har satt sin fot, utanom favorittforfattarane mine sjølvsagt. Det er no eg kan sitje på altanen og drikke corona med limebåt i tuten mens eg intervjuer meg sjølv på engelsk, og må forklare om skriveprosess og korleis det er å slå gjennom i heile verda med eit brak. Som forfattar av mi andre bok er eg best, boka er best, alt er best, akkurat no.

Samstundes er førsteboka ute. Den er forlengst trukke ned frå dei geniale skylag, har gått gjennom heile realiseringsprosessen, og har blitt til bok i handelen. Ei bok som ein gong var like genialt svevande på planleggingsstadiets gyldne skyer over røynda. No er alle draumar og planar tilbakelagt, no er det ingenting som kan endrast, og det fins folk der ute som les.

Som forfattar av den første boka er eg ikkje mektig, genial, storslagen eller skråsikker. Der er eg sår, skjør, tilstades, høfleg, sit litt på sidelinja og takkar for gratulasjonar, mens eg har litt vondt i magen. Det er som med bryllup og gravferder. Du har kontrollen på deg sjølv heilt til det dukkar opp eit kjent ansikt du ikkje var budd på. Så kjem tårene.

Mine kom i dag.
Det har vore fantastiske lesarmeldingar rundt om på bloggar, avisene har vore meir “balanserte”, men jamnt over har eg fått skryt og folk har likt Song for Eirabu- Slaget på Vigrid.

Det begynte eigentleg i går. Ein knute eg ikkje visste var der, ga slepp. Aina Basso hadde skrive bokmelding, og eg merka at eg hadde vore nervøs på førehand. Ho skriv sjølv så poetisk og knapt, og er Samlagetforfattar med solid nynorskkunne. Ho les dikt og ho les høglitterære og kulturtrendy romanar, ho har god smak og kan meir enn meg om det meste som har med litteratur å gjere. Eg merka det var skummelt, eg følte eg hadde sendt boka mi på slottsmiddag utan å vere sikker på om den hadde skikkeleg bordskikk, om den ville klare seg greit, bra nok, drite seg ut, kjenne seg beklemt.
Aina si omtale ligg her.

Og så i dag, Idsartha. Dama som har møtt Neil Gaiman fleire gonger, ikkje fordi ho er amerikansk kjendisforfattar, men fordi ho har vore fantasylesar så lenge, kjent sjangeren og kven som er verdt å lese så lenge at ho har stått i små køar på Outland lenge før me andre fekk med oss at det sjørøvarskipet der, det brasar visst inn i himmelen.

Det knakar litt i nakken, noko brest, noko som har halde seg saman og budd seg på det verste: At dei som verkeleg har greie på det eg driv med skulle forkaste det.

Idsartha si omtale ligg her.

Eg skriv ny bok. Eg er den mektigaste forfattaren i universet.
Eg har gitt ut bok. Eg er skjør og lettrørt.

Drake, eg skal skrive deg. Ingen kan knuse Skjør Mektig på raude dagar.

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.

Join 44 other followers