Arkiv

Måntlige arkiver: august 2009

Det er haust. Eg har feira med støvlettar, nedovermunnviker og mediekommentering. Eg føler ikkje det er heilt nok. Fyr i peisen, te og film er prøvd (ikkje film, gidd ikkje film, men nokre episoder Californication for å minne meg på at sol og varme ikkje løyser alle problemer). Noko manglar.

Kan hende manglar noko fordi alt føkkings manglar. Eg har slutta å røyke igjen. Eg er i fasen der alt er pointless, menn flest er misogyne drittpakker, kaffi er bittert skvip og sancerre stinker av lakk og lim.

Eg prøver å huske kva som gjer meg mild og konstruktivt innstilt. Kva som normalt er gledeleg. Einaste som virkar er å trene. Gå tur med Miriam Makeba på øyrene og ein schwung i hofta som ingen av dei andre har, trass silande regn og kyr som blir rare i tussmørket og lår som svir.

I følge ein kollega kjem eg snart til å bli lokalkjent som ho der som går og går. So be it.

Så lenge eg ikkje begynner med pannebånd. Ser du meg med pannebånd, er det heilt i orden å stoppe meg og gi meg ein røyk.

Det er berre få forfattarar, og sidan Bergljot Hobæk Haff altså utelukkande menn, som interesserer seg for store spørsmål, er Gert Nygårdshaug sitert på i Dagbladet.

Jasså, du? Så dine bøker handlar om Viktige og Store ting, mens alle damene berre skriv om erotikk og samlivsvanskar og barndom?

Eller kanskje du ikkje gidd lese så mange damebøker?

Ta deg ei bolle, Gert. Og les gjerne nokre bøker samstundes.

Då tikka den einogtjuande bloggomtalen inn, om eg ikkje har oversett noko der ute på nettet.

I starten var det mest skummelt, sjølv om eg har eit ganske avklart forhold til at ikkje alle folk kan like alle bøker. Men etterkvart som folk har tatt så fint imot boka mi, har det blitt berre kjekt å lese. Både fordi folk les så forskjellig, likar forskjellige karakterar, stussar over ting eg trudde var enkelt, og ingen nemner ting eg meinte var opplagte rarietetar. Men også fordi eg oppdagar så mange fine bokblogger der ute!

Tusen takk, alle saman! Og om nokon les dette og lurer på om det er noko vits i å skrive omtale til bøker som allereie er omtalt av andre, – så er i alle fall eg ikkje i tvil: Skriv! Det fins minst eitt menneske som les med stjerner i augo. Forfattaren sjølv. ;)

Meir tvilsam moteblogging, altså.raude støvlettar 1

For kva er vel eigentleg fint med at sommaren er over, at den kalde julimånaden viste seg å aldri gå over i ein varm august som strakk og strakk seg til langt ut i september? Fins det ein einaste grunn til å glede seg over at dei første gule blada skin på bjørka, at sommarblomane ser slitne ut, at rabarbraen har kollapsa?

Det fins. Det er noko som er fint. La oss seie det rett ut: Det har faktisk aldri vore særleg kult med kortbukser. Det er ikkje rocka med sandalar.

Når temperaturen synk under 14 grader er det lov å gå med støvlettar igjen. Eg har feira med å kjøpe meg nye.

Som alle veit er lista over søkeord som fører til eins eigen blogg eit stykke samtidslyrikk. Alltid.
Dagens dikt:

thomas seltzer flamme forlag

finsk rugbrød

regntøy hore

alltid freidig når du går

 

Gårsdagens dikt:

ullsokkar  
kuk  
syfilis + lillefinger  
thomas seltzer kommentar morgenbladet  
valnøtter sylta  
   
løvetannborn  
byssan lull tekst  
løvetannbarn  
god fantasy  
sommarljos

 

 

Eg ser at kontemporær lyrikk er oppteken av Seltzer. Og det skulle jo berre mangle.

Hilde Sandvik skriv om avstanden mellom dei kristenkonservative og den noverande regjeringa.  Eigentleg peikar ho på spriket mellom den store hopen i midten som syns det er på tide at homofile blir behandla som andre folk, at abort er leit, men alternativet til fri abort er verre. Alle dei som breier seg på tvers av partia og utanfor partia som verken trur spesielt mykje på Gud eller at sex før ekteskapet er syndig eller at det er naudsynt at ungane våre går i kyrkja kvar søndag.
Ho peikar på at det nettopp var ein liknande avstand, og liknande reaksjonar på denne avstanden frå opinionsminoriteten, som i si tid skapte grobotn for FrP.
Det Sandvik snakkar om er heilt sentralt for å forstå dei kulturelle spenningane i samfunnet som trekk i dagens politikk.

Det er nemleg slik at fleirtalet av oss, og fleirtalet av politikarane, er ganske enige om mange ting. Me er blitt ein majoritet som trur klimaendringane er menneskeskapte, som trur at menneska har utvikla seg frå einslags menneskeaper, som trur at kvinner og menn er like mykje verdt, for ikkje å snakke om at homoar og innvandrarar og aleinemødre og rusmisbrukarar har same menneskeverd som urbane heteroar og krittkvite bønder og godt gifte fiskarar og avhaldsfolk.

Og så fins det altså framleis ein minoritet midt i blant oss, som ikkje er enige.

Dei syns likestillinga har gått for langt, muslimane skulle aldri ha komme hit, klimagreiene er berre noko tull og dessutan driv sånne kulturfolk berre med å plassere ein dass i ein park og får ein halv million i året som garantiløn resten av livet.

Kva gjer me med denne minoriteten?

Korleis kan me få kristenfolket og FrP-arane og alle dei partilause, fortvilte reaksjonære folka integrert i resten av samfunnet? Korleis kan me gjere det slik at dei føler seg som ein del av eit trygt Noreg, korleis skal me sørge for at dei begynner å identifisere seg med oss andre? Korleis skal me få dei til å føle seg sett og høyrt?

Ofte er svaret, når me har det vanskeleg her i Noreg: Sjå på Sverige, har dei gjort noko lurt? Og om det ikkje ser ut til at svenskane har funne på noko, så kan me alltids sjå på USA og gjere motsatt av dei.

Svenskane har visst ikkje heilt klart å integrere sine eigne homofobar, rasistar og misogyne.
Så då er det berre å sjå på USA. Kva har dei gjort i Unaiten?
Dei har, som dei ofte gjer, auka avstanden. Den tolerante og inkluderande majoriteten produserer filmar og tv-seriar der dei drit ut dei intolerante og ekskluderande. Dei lagar dokusåper og reality og talkshow der den store middelklassen kan sitte med oppsperra auge og la seg eklast og underhalde av Ku Klux Klan, våpengale sørstatsfolk og overvektige fattigfolk som uttrykker dei umoderne haldningane sine på eit enkelt språk med mange banneord.

Sidan amerikanarane held på slik, er det i alle fall ikkje vegen å gå.
Her til lands likar me ikkje avstand så godt. Me syns det er greiast om folk flest, helst alle, kan ha det kjekt i lag. Me likar ikkje steinkasting og skyting på anna enn vilt ein har fellingstillating på, og dersom nokon skal le veldig mykje av ein subkultur er det greiast at dei tek initiativ til det sjølv.

Kan hende var det eit rett skritt likevel, å gi Nina Karin Monsen den der prisen. Om folk ikkje får viljen sin, fordi dei strengt tatt er i mindretal og meinar noko fleirtalet syns er horribelt, så kan dei jo få ein pokal.
Alle kan ikkje få pokalar, kan hende. Men diplomar kan dei få. Knappar, kanskje, om dei deltek i debattar. Fritt ord-knappen. Så får me, fleirtalet, vist dei at me set kjempestor pris på dei. At me er veldig for ytringsfridomen, og at det er stas at folk nyttar den til å seie fleirtalet midt i mot, for det er jo slik me veit at me har demokrati.

Kan hende vil dei bli litt gladare då? Kan hende blir dei så glade til slutt at dei heilt gløymer at dei eigentleg er mot både homoar og karrierekvinner og innvandring? Kan hende blir dei heilt og aldeles integrert og begynner å gå på Litteraturhuset og drikke økologisk Sancerre for miljøet? Tenk så fint då!

Det er vanskeleg å IKKJE blogge etter å ha lese Morgenbladet i dag, Thomas. Og eg er immun mot antisemittkortet ditt, sidan eg har eit slikt sjølv. Einaste som verkeleg burde halde meg frå å skrive dette, er at dette blir andre bloggposten i trekk som er ein kommentar til noko som nokon har synsa i Morgenbladet. Og det er strengt tatt ikkje heilt kosher, uansett.

Men bortsett frå at eg tenker at Bendik Wold no sit og lurer litt på om dette er einsalgs personleg vendetta frå di side, så er eg ikkje heilt usamd i åtaket ditt på kulturkommentatorsjiktet.

Snarare tvert om. Men eg er usamd i løysinga di. Det er kan hende fint om alle held kjeft, om ein er lei av å høyre på dei. Det er likevel noko anna eg ønsker meg:

Det ville vore uendeleg mykje kulare om alle som sat og kommenterte noko heime hos seg sjølv, til dømes at barnetv på nrk er blitt komplett disneyifisert, at partiet Venstre sin song er hakket meir forferdeleg enn FrP sin, at norske romanar er for trauste eller upolitiske eller keisame, at det burde vere rockfestival i den lokale parken framfor den jævla dansebandgreia, – faktisk gjorde noko med det.

Dersom eg ser noko som er for dårleg, keisamt eller pinleg, så kan eg freiste gjere det betre sjølv.

Om eg har ein god ide, noko eg saknar, noko eg syns nokon burde skrive, gjere eller arrangere, så kan eg ta meg saman og gjere det sjølv.

Kommentarar kan setje i gong debattar, men det endrer ingenting. Det som endrer noko, er at nokon tar fatt og gjer noko. Og dersom du vil skape ein debatt for at nokon andre skal gjere noko, kvifor faen ikkje berre starte ut med å gjere det sjølv?

Sur på politikarane? Meld deg inn i politiske parti!
Syns du Hotell Cæsar  er for dårleg? Skriv eit manus!
Saknar du meir punka erotiske teikneseriar for vaksne? Fram med papir og blyant!

Kommentatorane legg lista høgt for kva som er kult nok å produsere, det er som kjent temmeleg mykje lettare å seie at noko er dårleg enn å gjere det betre sjølv.
Og der du, Thomas, blir inderleg sur av smaksgnålet, kjenner eg morskjenslene bløme. Eg får same kjensler som når ungane sit på sidelinja og seier at dei kjeder seg, at den leiken dei andre driv med er tåpeleg og barnsleg, og det ikkje er noko gøy på tv. Når dei ikkje vil prøve noko nytt, og sparkar i grusen og seier at dei ikkje får det til likevel.

Eg får lyst til å oppmuntre, rose, dytte i ryggen, og vise dei at det fins ei verd av fridom, glede og meistring der ute, ein stad der ein får bruke seg sjølv, der ein deltar og veks og får vise seg sjølv at ein er meir enn keisamt sur og kul. Der ute, på sjølve arenaen, kan ein bruke heile spekteret!

Men ikkje berre det.
Når ein faktisk gjer noko sjølv, får ein eit heilt anna syn på produksjon.
Som ungdom kan ein sjå foreldra sitt arbeid som enkelt og tåpeleg, og tenke at A4-pakka er for trang og lita og teit for ein sjølv. Men når ein står krumbøygd over blomebedet tjue år seinare, er ein stolt og nøgd med å ha fått til såpass.
Som kommentator er ingenting stort nok, bra nok, intelligent og nyskapande nok. Men når ein har stått med si eiga bok i nevane, vil ein ikkje lese andre sine romanar på same måte nokonsinne igjen.

Så der Thomas vil betale kommentatorane for å halde kjeft resten av livet, vil eg invitere dei ut på arenaen. Skap sjølv, om så berre ditt eige dørskilt. Eg lover: Du blir stolt. Ei kjensle som gruser misnøye med andres arbeid any day.

Mette Karlsvik skriv om forfattarfylla i nestsiste Morgenbladet. Det går visst betre, skal me tru forfattar Geir Gulliksen og forleggar John Erik Riley. I alle fall dersom “betre” betyr meir fokus på trening, kosthald og edruskap i arbeidstida. Og det er etterkvart felles folkemeining, og sidan kultureliten ikkje fins på ordentleg, og forfattarar er folk som lever i same samfunn som alle dei andre folka, slik lærarar, politikarar, lagerarbeidarar og juristar også gjer, så drikk nok altså forfattarar mindre på jobb no enn før.

Men eg slumpa altså til å kritisere artikkelforfattaren for å plukke ut forfattarane som ei litt pussig fokusgruppe, då det i mine auge er noko med heile akademia som er endra, for ikkje å seie heile folket, då akademikarane ikkje lenger er nokon økonomisk eller kulturell elite, men arbeiderklassens eigne born.

Mitt inntrykk var at lunsjpils og vin flaut litt friare blant dei ansatte på universiteta før, og at me studentane var betydeleg meir alkoholmarinerte på nittitalet enn dagens ungdom.
Samstundes drikk me visst alle saman litt meir enn før i snitt, etter ein litt meir edru periode tidleg på nittitalet. Noko som er i strid med inntrykket desse litterært erfarne folka har, og i strid med mitt eige inntrykk.
Det ser også ut til at det er høgt utdanna folk som har høgast “jamnleg forbruk” av alkohol. Så eg tar i alle fall feil av dei høgt utdanna, men om forfattarane er særleg høgt utdanna eller ikkje har eg ingen tal på, sjølv om eg ikkje har inntrykk av at forfattarane har lågare akademisk utdanning enn snittet av folket. Tar me alle saman feil, då? Drikk forfattarar og akademikarar verkeleg meir enn før?

Heldigvis for oss frittsynsande folk er det noko som tyder på at det er dei høgt utdanna gamlingane som trekk opp snittet, og då kan det jo vere dei unge forfattarane og doktorandane er så streite og edru som det blir sagt.

utdanning alkohol

Men tilbake til mitt inntrykk. Subjektiv er gud. Karlsvik stiller følgande spørsmål på twitter:

@mettekarlsvik: @Kristine_Tofte interessant om rødvinsmyte og akad.middelkl! Og hva med whisky? Hadde tunge alkoholproblemer kredd i kretsene du skriver om?

Kva inntrykk er det eigentleg eg har av akademia og fyll som blir formidla i mine 140 teikns flåsete tweets?
Det er vel min eigen vennekrins, mine eigne forelesarar, mine eigne rettleiarar eg snakkar om. Og ryktene, dei herlege ryktene som flyt i studentkrinsane, som ikkje berre handler om dei konkrete personane som blir snakka om, men som er subkulturell formidling. Historiar som blir formidla som sjokkerande, festlege, interessane, kva ler me av her? Kva er greit, kva er stileg, kva er imponerande, kvar er flaut, kva er innanfor og utanfor grensene? Rykter om at forelesaren i nevropsykologi var alkoholikar, at når han sto der og snakka om alfabølger og heile salen fall i søvn, så var han dritings. Rykter om at kjente akademikarar på tv også var fyllikar og gjekk med tøfler og skitne pyjamasbukser og berre blei filma frå livet og opp. Nei, tunge alkoholproblemer hadde neppe mykje kred. Men det var no litt festleg og.
Kveldsfyll, derimot, var heilt i orden. Me drakk med begge hender frå ettermiddag til Garage stengte, og dette var før røykelova, så dei som ikkje hadde dusja før dei gjekk på forelesning neste morgon burde ha vett til å sitje langt bak.
Me festa saman med enkelte forelesarar, og dei som eigde kamera sat på imponerande samlingar av kompromitterande bileter.
“Humaniora og øl høyrer uløyseleg saman,” husker eg ein forelesar på teatervitskap hadde det med å gjenta, slik folk gjerne gjentek seg sjølv når dei har drukke.

Kan hende var det berre oss. kan hende har det alltid vore slik, at det er nokre folk som festar hardare, soper med seg folk av same slags frå foran og bak kateter, kan hende er det same subkulturen som stadig lever i Bergen, Oslo, Århus, København. Dei forfylla folka finn kvarandre, møtes i tørste smil første semesterveke og heng saman. Kan hende var det ikkje vanleg å servere kvitvin ved rettleiingstimane på embedsstudiet. Kan hende var det slett ikkje vanleg å servere studentar absinth. Kan hende er det like vanleg og uvanleg no som før.

Kan hende er det først no, når eg er vaksen og ordentleg og mor og offentleg ansatt og eit skikkeleg menneske, at eg har oppdaga alle dei edru, joggande, røykfrie folka med same utdanningsnivå som eg sjølv har.

Så, Mette Karlsvik, eg skal freiste finne fram til ei oppsummerande avslutning:
SSB har statistikkane. Akademikarane har anekdotane. Forfattarane drikk meir og mindre. Puler meir og mindre. Det er for få heiltidsforfattarar til å lage skikkeleg statistikk. Så her får me lite på anekdotisk materiale, om ikkje anna så fordi det er festlegare.
Og dei beste røvarhistoriane eg har høyrt, heilt og aldeles subjektivt, er fortalt av tørste folk.

Det er slik: Valgkamp er ei intensivering av ubehag.
Det er ikkje slik: Alle har ikkje rett. Doble negasjonar hjelper ikkje på forståinga. Ein kan logisk slutte seg til kva eit parti vil meine i enkeltsaker utfrå ideologisk grunnlag. Dialog skapar forståing.
Eg forstår ikkje kva andre vil, kva dei seier, kvifor dei seier det, anna enn at eg forstår dei vil eg skal stemme på dei, men ver no for faen ærlege då, så eg veit kva eg stemmer på, og dette er like meiningslaust som kyrkejvalet der ingen vil seie kva dei står for, dei gidd ikkje lyge eingong, dei berre held kjeft.

Det er ikkje slik at samvitet er nok.
Eller empatien.
Eller politiet eller rettsvesen.

Born er overlatt til foreldre, me er overlatt til oss sjølve, til skjebnen, til eigne elendige og andre valg, me et kake og får vondt i magen, me joggar og får hjertestans, me elskar og sårar, me arbeider og føder og snublar og betaler skatt og legg på nytt sengetøy og sjekker mobilen og fell i koma, og så døyr me, og så døyr me, og framleis går valgsendingane på tv2 og nrk og dei snakkar og snakkar som om ingen skulle døy, som om dei som fell i koma får det annleis om det er eine eller andre maksprisen på sfo, og eg orkar ikkje, orkar ikkje alt dette ubehaget, alle orda, all denne viljen til makt, viljen til å styre over meg, brennande viljen til å få meg til å ville at andre skal styre over meg, eg kjenner berre kvalme.

Ingen dagar er særleg like, og aller første skuledag er mindre lik enn andre. Derfor passa den trivielle tittelen “kvardag” (eller “kvardag igjen”, eller “endeleg kvardag” eller “akk, så var det kvardag”) så uendeleg dårleg. I dag har ein gut med armane inne i genseren av pur lukke og manglande tålmod hoppa opp på scenen for å handhelse på rektor, noko som sjølvsagt ikkje lot seg gjere med armane inne i genseren, men det lot han seg knapt merke med, og var ukritisk lukkeleg og smilte slik forvirra og samla på ein gong som ein gjer når ein skal gjere noko heilt nytt ein har gleda seg så mykje til at ein slett ikkje fekk sova før ein brått nærast svima av kvelden i forvegen.

Eg har no allereie arbeidd nokre veker, men grunna intens forfattarfyll i nett avslutta oval helg føler eg meg også kasta tilbake i noko eg var freista å kalle kvardag. Vere her. Eg bur her. Eg har nokre ungar og ein mann som er far til ungane, og me har nokre greier me driv med her i liva våre som me kallar kvardag.
Som om desse dagane likna kvarandre (“korleis er ein elefant og eit tyttebær like” spør ungane (ja dei spør i kor, slik fortel dei vitsar, eg anar ikkje korleis dei klarar å vere så samkøyrde, elles snakkar dei konsekvent i munnen på kvarandre om svært ulike tema) og så venter dei akkurat lenge nok til at eg har avslørt at eg ikkje veit, før dei forklarar at “begge er like, unntatt tyttebæret”), og dagane liknar sjølvsagt kvarandre på ein prikk akkurat slik tyttebær og elefantar liknar kvarandre. Helg og kvardag. To slags dag.
Som om.

Eg skal i alle fall inn i einslags rytme, har eg tenkt. Eg tenker ofte det, at ein rytme vil vere bra for meg. At eg ikkje skal oppføre meg som om kvar dag er ny og uventa og krev ein heilt unik handlingsplan, men at det fins ein slags foruteseieleg dynamikk frå veke til veke som frigjer meg, ein fiks ferdig plan som set meg med forsiktige hender på taket og let meg tenke kreative, nye tankar fordi eg slepp å lure på dagsplanen.

Me får sjå. Dagens plan er i alle fall at dette er den første dagen i min heilt blodferske kvardag som ikkjerøykar, som torsdag- og fredagsskribent, og som regelbunden styrketrenar og turgåar.

Det aller, aller finaste med blogg er at ein slepp å høyre folk sukke når dei les.
Det, eller at ein kan legge ut bilete av katten sin med leppestift på, men eg har ikkje katt.

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.

Join 44 other followers