
Antrekket, før eg visste kor utruleg praktisk det ville vise seg å vere med raude støvlettar
Torsdag blei den raraste dagen.
Eg skulle bli intervjua på Chateu Neuf, og sjølv om eg ikkje akkurat forventa at det kom nokon for å høyre på, så hadde det vore lurt å rekke flyet.
Eg rakk ikkje flyet.
Og det kom mange folk.
Då eg dukka opp ein time for seint hadde dei ikkje gått sin veg. Kanskje fordi dei var nysgjerrige etter eg hadde bedt arrangøren opplyse om kvifor eg var komme for seint: At eg hadde køyrd på ein ungsau, som var så hardt skadd at eg fann det etisk rett å avlive den. Men sidan eg ikkje hadde noko eigna avlivingsutstyr i bilen, måtte eg bruke det eg hadde tilgjengeleg. Dyret var seigliva, eg kom for seint til flyet, men eg var på veg så raskt eg kunne, framleis med blodflekkar på dei høge hælane.
Studentane var snille, eit veldig fint publikum som hadde kjekke spørsmål etterpå.
Så bar det ut i verda, det vil seie Oslo-natta. Sjeldne visittar i storbyen og like sjeldne møter med gode vener inviterer til lukkelege timar der ein drikk med begge hender og underhalder kvarandre med røvarhistoriar frå røynda. Utover kvelden har eg ein tendens til å bli litt vulgær, heldigvis hadde dei fleste i selskapet vinbriller på og ingen såg ut til å bli alt for flaue på mine vegner.
Resten av helga har eg gøymt meg på andre sida av Noreg, langt her vest, på ei hemmeleg øy. Eg har gått turar i sol og i regn, spelt poker og lese i Lucifers evangelium. Brillefin helg.

Denne vegen fører ingen stader. Det er berre spor etter hjort på den. Altså ein hjorteveg. Bygd rett før jakttida.

Her kan hjorten stå og sjå ned på den kyrkja eg gifta meg i. Det likar sikkert hjorten. Då nynnar den nok.
Død sau, ja. Hm.
Ja, der og då framsto det som meir underhaldande enn sanninga. Men eg fortalte sanninga til Caterina og ho trudde meg ikkje.
Vinbriller. Det skal eg hugse. Eller ølbriller, helst.
Me er blitt så gamle at folk har Sancerrebriller på.
*knegg*
Drepte du en sau med stiletthælene dine? Jeg trodde det bare var Hardangerjenter som hadde den type tæl.
(Jeg oppfører meg som om det med sauen var sant selv om jeg går ut fra at den egentlige grunnen var mer prosaisk. Eller kanskje nettopp derfor.)
Ser ut som halvdau sau på en ekkel måte, hjulpet heden av fine stiletthælene går rett hjem.
*putter sannheten i kartong og teiper igjen med gaffa*
Sanninga var jo berre at eg for ein gongs skuld ikkje vere ho der schmocken som sit og ventar pip aleine på flyet i evigheter, men heller vere kul og komme samstundes emd dei andre som skal med flyet.
Og så fekk eg det ikkje til.
Det er det jeg kaller et omhyggelig selektivt utdrag.
Eg har ikkje hoppa over noko eigentleg viktig, har eg?
Hm. Nei, for all del!
Då seier me det.
*dobbeltknegg*
Du stod i fare for å gjøre det hele forferdelig kjedelig, men så kom lindamac og gjorde det mystisk igjen. Takk!
Og fra sau til alvor, Avil: Når skal du vise ditt smukke fortelleransikt i Bergen? Når andreboken er kommet, og vi formodentlig har fått eget litteraturhus, har du ihvertfall ingen unnskyldning lengre! Oslofiffen har ikke greie på litteratur uansett.
Ole: Alt eg treng er ein invitasjon!
Eg har motteke ein E-post frå ein organisasjon som kallar seg RTHH,”Rett til human handsaming”
Eg siterer:
“Det har kome oss for øyra at eit av medllemene våre i Hordaland skal ha vore utsett for ei tragisk trafikkulykke, blitt avliva på ein unødig smertefull måte med svært ureglementert reiskap og at soga om hendinga har blitt nytta som pauseunderhaldning i litterære krinsar i hovudstaden.
Vi ser svært alvorleg på slike sakar,spesielt i ei tid der fårikålsesongen vert annonsert i alle kanalar. Vi ber deg undersøke saka og gje oss tilbakemelding.”
Eg har no, med stor glede kunne sende organisasjonen melding om at framstillinga baserer seg på lause rykter.
Oh, hjelp. Kva ville straffa vore? Hadde dei kasta meg til ulvane?
Det skal du ikkje sjå bort ifrå. Dei har ein hemmeleg allianse med “Ulven i fåreklede”
Iiik.
Straffen er selvsagt å måtte gå med ettersittende kjole når man har tutemage.
Bad tummy day og tubekjole. Fashion-gapestokk.
*Sakset fra en annonse i et gammelt ukeblad*
Snillfjord stilett: Ikke bare kan De nytte dem til å på hendig vis fjerne herrens Dylanvinyl og samtidig skaffe Dem gode argumenter for nytt parkett i bestestuen, De kan og nytte våre spesialspissede Sharpex(r) hæler som ekte stiletter.
Trøske stiletthælen i en sau ! Ikke værst, og det var jo en nødhandling. Ei dame i nabolaget hadde sylkarpe hæler i stål. Men de du har på bildet kan da umulig fungere som slakterkniv ?