Arkiv

Måntlige arkiver: februar 2010

Eg les framleis Kunderas Romankunsten, og er komme til ordlista hans. Då En spøk blei omsett til uhorveleg mange språk i 1968 og 1969, fekk Kundera meir enn litterær stjernestatus: Han fekk bøkene sine omskrive, redigerte og maltrakterte av omsetjarar på diverse språk. Han blei springande fortvila rundt etter orda sine, og kjende seg etterkvart som ein gjetar bak flokken av villsauer, – ein trist og latterleg mann.

Han blei til sist stansa, av sin gode ven Pierre Nora, som oppmoda Kundera til å skrive sin eigen ordbok. “En ordbok over romanene dine. Nøkkelordene, problemordene, kjærlighetsordene.”

Eg har plukka ut to av desse ordforklaringane, som har vore med meg sidan eg las dei for tjue år sidan, så lenge at eg nesten har trudd dei var allmenne.

LYRISK [Lyrique]. I Tilværelsens uutholdelige letthet er det snakk om to slags skjørtejegere: lyriske skjørtejegere (som søker sitt eget ideal i hver kvinne) og episke skjørtejegere (som søker kvinneverdenens uendelige variasjon i kvinnene). Dette tilsvarer det kalssiske skillet mellom det lyriske og det episke (og det dramatiske) – et skille som først dukket opp på slutten av 1700-tallet i Tyskland og ble mesterlig utviklet i Hegels Estetikk: Det lyriske er uttrykksformen for subjektiviteten som bekjenner seg, mens det episke skriver seg fra det lidenskapelige begjæret etter å gripe tak i verdens objektivitet. Slik jeg ser det, overskrider det lyriske og det episke estetikkens domene; de representerer to mulige holdninger mennesket kan innta til seg selv, verden og de andre (den lyriske alder = ungdommens alder).
Denne oppfatningen av det lyriske og det episke er dessverre så ukjent for franskmennene at jeg var nødt til å gå med på å la den lyriske skjørtejegeren bli den romantiske knulleren i den franske oversettelsen, mens den episke skjørtejegeren ble den libertinske knulleren. Det var den beste løsningen, men den gjorde meg litt trist til sinns likevel.

MACHO (og kvinnehater) [MACHO (et misogyne)]. En macho elsker det kvinnelige og ønsker å herske over det han elsker. Ved å forherlige den undertrykkede kvinnens arketypiske kvinnelighet (hennes morstilstand, fruktbarhet, svakhet, hjemmekjærhet, følsomhet, og så videre) forherliger han sin egen virilitet.
En kvinnehater har derimot en sann skrekk for det kvinnelige, han flykter fra de kvinnene som er altfor meget kvinner. En machos ideal er familien. En kvinnehaters ideal er å være ungkar med mange elskerinner; eller: gift med en elsket kvinne, uten barn.

Milan Kundera skriv i Romankunsten (norsk omsetjing ved Kjell Olaf Jensen, 1987):

ROMANFORFATTEREN (og hans liv) [Romancier (et sa vie)]. Romanforfatteren Karel Capek ble spurt om hvorfor han ikke skrev dikt. Svaret lød: “Fordi jeg avskyr å snakke om meg selv.” Hermann Broch om seg selv, Musil og Kafka: “Vi har ingen egentlig biografi noen av oss.” Det betyr ikke at deres liv var fattig på begivenheter, men at det ikke var ment å bli skilt ut, å bli offentlig, å bli gjenstand for en bio-grafi. “Jeg avskyr å stikke nesen i de store forfatternes dyrebare liv, og aldri skal noen biograf få løfte sløret av mitt privatliv,” sa Nabokov. Og Faulkner ønsker å “bli tilintetgjort som menneske, fjernet fra historien, ikke etterlate seg noe spor i historien, intet annet enn trykte bøker.” (La oss merke oss dette: trykte bøker, altså ingen ufullendte manuskripter, ingen dagbøker, ingen brev.) En nesten altfor velkjent metafor: Romanforfatteren river sitt livs hus og bygger sin romans hus med stenene. En romanforfatters biografier river altså ned det romanforfatteren har bygget opp, og de bygger opp det han har revet. Deres arbeid kan hverken kaste lys over verdien av eller meningen ved en roman – det kan til nøds identifisere enkelte murstener. I det øyeblikk Kafka tiltrekker seg større oppmerksomhet enn Josef K., er Kafkas posthume dødsprosess i gang.

 

Halvdansken ringte frå Danmark i går kveld.

Eg: Kva har de gjort i dag, då?
H: Me har vore i akvarium.
Eg: Åh, så kjekt. Såg du fisk og sel og slikt, då?
H: Berre fisk, dei har visst ikkje sel i akvarium.
Eg: Nei?
H: Og så kjøpte me ein fiskebolle.
Eg: Var den god?
H: Den er i alle fall veldig stor.
Eg: Klarte du ikkje å ete opp?
H: Mamma?
Eg: Ja?
H: Me skal ha fisk i den.
Eg: Ei bolle med fisk i. Ei fiskebolle. Som er veldig stor.
H: Ja.
Eg: Men det er ikkje fisk i den no?
H: Pappa seier me må kjøpe fisk i Norge.
Eg (langsamt): Ei stor bolle til å ha fisk i.
H: Du, eg trur du må snakke med pappa.

Sist halvdansken fekk ansvar for noko levande, var det ein kaktus han hadde på rommet sitt.

Kaktusen hadde nok fått litt lite vatn ei tid, endå han vatna den med alvorstyngd samvit kvar torsdag (sjølvvalgt dag, ikke spør). Og så dunka en kompis borti den og der knakk den.
Halvdansken grein så snørret rann, og faren trøsta begge to og forklarte at det ikkje var nokon si skuld og sånt skjer og sånn.
Mellom hulkene kom det då eit hjarteskjærande  ”jahahahammen, eg var så veeeldig GLAD i den”.

Okei. Now picture a dead fish in a bowl. 

Me har nett vore på politistasjonen for å få nye pass til meg sjølv og ungane.

Politidame i skranke (PIS): Kvar er ho fødd (peiker på jentungen)
Eg: Odder.
Jentungen: Eg er SÅ dansk og SÅ norsk (måler to like lengder med hendene)
PIS: Odda?
Manden (på dansk): Nej, i Danmark, Odder sygehus.
PIS: Huh?
Eg: Odder i Danmark.
Jentungen: Men det er nedlagt.
PIS: Huh?
Jentungen: Sykehuset.
PIS: Og du, kvar er du fødd?
Eg: Laksevåg.
PIS: Men du er norsk?
Jentungen: Ja, ho og halvdansken er heilt norske.
Eg: Laksevåg i Norge.
Halvdansken: Eg er OGSÅ DANSK!
Jentungen: Nei, du er fødd i Norge.
Halvdansken: Jammen, mormor sa at eg var like mykje ungen til pappa som DU er.
Jentungen: Men du er ikkje dansk.
Halvdansken: JOOOO, HALVT dansk!
PIS: Kvar er han fødd?
Eg: Her på sykehuset.
PIS: Er han dansk?
Eg (kviskrar): Nei.
Jentungen: No sa mamma det! Du er IKKJE dansk!
Eg: Men han kan bli det når som helst om han vil.
Halvdansken: Då vil eg det. No.
PIS: Er det eit problem med statsborgerskapa?
Eg: Neida.
Ungane i kor: JOOOOO!

Eg skriv. Det vil seie, det gjer eg ikkje. Men litt, då.

Det er slik at eg arbeider. Rett nok berre 60% av vekedagane, noko som utgjer omlag fire sjuandedelar av dagane, og altså berre 30 av vekas 168 timar. Med andre ord er det 138 deilege timar å skrive på. Trekk eg frå dei 63 timane med søvn eg treng, er det framleis 75 feiande flotte skrivetimar. No skjønar jo alle at ein treng litt tid på å stå opp, dusje, kle seg og komme seg til og frå arbeid, kan hende går det normalt 4 timar i veka på denslags. Og etter jobb, anten det er jobbejobb eller skrivejobb, skal ein hente sfo-unge og handle og sjå på at nokon gjer lekser og lage middag, eller i alle fall ete middag om nokon andre lagar han. La oss vere rause og seie at det går 10 timar i veka på det. Og 7 timar med kvelds, leggerutinar for born som skal lesast for og hjelpast med hårvask og tannpuss og syngast for. Og la oss for ordens skuld vere greie og legge inn 4 timar med dobesøk, tannpuss, og litt enkelt husarbeid. Me sit likevel att med herlege 50 timar i veka der eg kan skrive og skrive og skrive.

Kvar er dei? Og no, når eg sit her heilt aleine utan familie og utan jobb ei heil veke, kva skjer?

Eg trur kan hende eg er mindre eigna til dette skrivegreiene enn eg trudde.

Men eg har framleis ein god grunn for å drive med det. Kan hende skal eg fortelje om det i morgon.

Det er heilt greit for meg at folk har vanskar med å lese meir enn 1500 ord på fire månader, og dermed har få andre referansepunkt dersom alle 1500 orda er skrive av ein og same forfattar.
Men kan hende kunne Dagbladet hyre inn ei eller anna freelancande dame som hadde lese noko anna? Det er veldig fint at Jan Omdahl rapporterer frå twitter også, men det ser ut til at sjølv der kjem me ikkje utanom same referanse.

Jaja. Ein dag, ein vakker dag, om nokre år, har kulturjournalistane fått tid til å lese noko anna.

Me får berre vone at finanskrisa si påfølgande annonsesvikt til avisene ikkje har ramma dei så hardt at dei blir borte før dei rekk å skrive artiklar om andre folk. Nett no kan det jo vere at enkelte, inklusiv den gode Karl Ove sjølv, ikkje heilt ser at det skal vere noko tap om Knausgård Tidende skulle bli borte.

Faksimile frå Dagbladet kultur, 25.02.10: Fire Knausgårdartiklar på framsida

Nokon spør om ein kan stole på det eg skriv her, sidan det hender eg får gratis bøker.

Det hender eg får bøker frå forlag.
Det hender folk eg kjenner frå nett gir ut bøker. Nokre gonger får eg då bøkene deira i gåve, andre gonger ikkje. Oftast ikkje.
Det hender folk eg kjenner IRL gir ut bøker. Det hender at dei gir meg bøkene sine i gåve, eller får forlaget til å sende meg boka. Men det hender også at det ikkje skjer.

Eg får i grunnen veldig mange bøker.
Eg omtaler ganske få.
Og dei eg ender med å omtale er oftast bøker eg har kjøpt sjølv.

Det er med andre ord dårleg business for folk og forlag å sende meg bøker for å bli omtalt. Eg skriv berre om bøker eg har lyst å skrive om.

Eg innrømmer at eg veldig gjerne VIL like bøker som folk eg kjenner har skrive. Det skjer berre så sjeldan, og det er litt trist. Eg blir veldig glad og letta når det verkeleg lukkast, og då omtaler eg.

Eg er ei vaksen dame, eg har jobb, og eg tener nok pengar til å kjøpe dei bøkene eg vil.
Dessutan kan eg trekke frå bokkjøp på skatten, sidan eg gir ut bøker sjølv.

Denne bloggen er tekstar eg skriv aldeles gratis, og noko eg gjer berre fordi eg har lyst.
Likevel veit eg at min integritet som skrivande, publiserande menneske også er påverka av det eg skriv her.
Å selge integriteten min ved å skrive ei gratis bokmelding på bloggen som eg ikkje står inne for, berre fordi nokon har sendt meg ei bok, er bortimot noko av det mest absurde eg kan førestille meg.
Sidan eg veit at det er slik, at eg veit at eg ikkje likar dei fleste bøker eg får tilsendt, og dermed ikkje omtaler dei, så føler eg ikkje at ein “denne boka var gratis”-merkelapp høver verken her eller der.

Men sidan det blir stilt spørsmål ved integriteten min her, tok eg kanskje feil.

Håper dette var oppklarande nok?

Fletteloff

500 gram kveitemjøl
1 pakke tørrgjær
1 teskei salt
1 teskei sukker
3,75 dl lunka vatn
nokre spiseskeier olje

Etter deigen har heva til dobbel storleik i omnen (ha lyset på, så er temperaturen perfekt),
eltar du den ut på reint bakebord, og deler deigen i fem.
Kvar del blir rulla ut til ei lang pølse, og så flettar du dei saman på plate med bakepapir på.
Samme greia som vanlege fletter, lett som ein plett.
Om du legg den diagonalt på plata, får du plass til heile brødet.

La brødet heve ein halvtime, pensle med egg, dryss på valmuefrø, vips i omnen.
200 grader, nederste rille, 30 minuttar.

Mens brødet steiker, lagar du vårsalat.

Vårsalat

Eit halvt kålhovud, skjær i bitar, og krønsj til smått i høveleg kjøkenmaskin.
Eit knippe gulrøtter, gjerne seks i talet, også hakka til smått i maskina.
Alle sylteagurkane i eit lite glas sylteagurkar, hakka til smått i maskin.
Halvdelen av laken frå sylteagurkane og ein pakke majones.

Rør alt saman.

Nybakt fletteloff servert med godt smør og vårsalat.
Laurdagskjensle i heile kroppen.

Eg har lese Jern. Jævla gøyal bok. Torgrim Eggen har skrive ei samtidsbok. Den er kanskje ikkje for alle. Men veit du kva? Den er for deg.

Her er Ove-Loke som trollar seg sjølv på forum for å få opp eksterne treff. Her er orddelingsdama med smilefjestourette som lokkar fram alle fordommane dine. Her er antropologberta med kulturkropp som ikkje skjønar kva tid nok er nok, med noko.
Du kjenner dei.
Og du kjenner måten ein blir kjent med dei på. Fordi du les dette. Du les ein blogg, du har til og med funne denne vetle nynorskbloggen her ute i periferien av bloggosfæren der tenåringane ikkje tør gå når det er lyst eingong.
Du forstår skrift på ein annan måte, du har ein skriftleg sosial kompetanse som vil gjere Jern til ei heilt anna bok for deg enn for den jamne n00b lesar og kritikar.

Jern er morosam.
Men er den eigentleg ei av årets viktigaste bøker, med eine fingeren på New Age-pulsen og andre fingeren på internettets fallgruber og tredje fingeren på 2012 og fjerde fingeren på vår tids nye gudar (miljø, slowfood, amming, genteknologi, Obama), og så tommelen i rassen på sjølve rasjonalismens fall? Det er vanskeleg å svare nei, på eit så leiande spørsmål. Men eg kan vere ganske sta, især når eg gir meg sjølv så lite valg. Eg vil seie at eg litt i stuss.

Dersom målet er å skildre samtid, er sikkert Knausgårds detaljerte confessionlitteratur like god.
Samtida er ikkje naudsynleg best skildre ved sine avvik og rarietetar. Samtida og dei viktigaste spørsmåla i nordmenn sine liv foregår nok over dårleg traktekaffi i lunsjen i grå kontorbygg, og neppe over sjølvdyrka økopuré i eit obskurt kollektiv.
Til gjengjeld er det eit ganske presist bilete av eit alternativt kokihop som har noko for alle. Eg greip meg i å nikke, eg har til og med budd i obskurt kollektiv med eigen økosurdeig som hadde overlevd sidan kollektivet blei stifta av leninistar 18 år tidlegare. Om du har streitare ungdomstid enn meg, er det sikkert noko for deg her og.

Eg forstår at forlaget, journalistane og kritikarane har lyst til å henge seg opp i kor edgy og oppdatert og spanande dette med internett og konspirasjonsteoriar og religion er.

Eg vil berre få lov til å påpeike at boka er festleg litteratur.
Massiv research, leikande språkbruk, tydelege karakterar (først gjenkjennande tatt på kornet, og deretter viser det seg at det er dine eigne fordommar som blei tatt på kornet).
Eggen kan handverket så godt at det vanskelege framstår lett. Du kan berre slenge deg inn i boka, han tar vare på deg heile vegen.

Innvendingar? Tjah, to kanskje. Eg har leita med lupe.
1: Eg likar ikkje spoilere. her var sjølve konseptet i romanen avslørt på førehand. I pressen, og bittelitt vel mykje (jepp, eg er sart) av baksideteksten. Kan vere det var derfor eg av og til sat litt smått irritert første kvartingen av boka og tenkte at eg visste kva som skjedde.
2: Eit illusjonsbrot. No er me i øverste hylle i pirkeavdelinga, men eg likte det ikkje. “Som et plott i en dårlig roman,” seier ein av karakterane om det som skjer.

Hah. Det var alt eg hadde å pirke i. Og eg kunne spart meg det, sidan det var så lite at eg måtte leite med lupe. Men no vil eg ikkje framstå som heilt aldeles ukritisk.

Ok. Her er det berre å løpe og kjøpe.

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.

Join 44 other followers