Fiskebolle

 

Halvdansken ringte frå Danmark i går kveld.

Eg: Kva har de gjort i dag, då?
H: Me har vore i akvarium.
Eg: Åh, så kjekt. Såg du fisk og sel og slikt, då?
H: Berre fisk, dei har visst ikkje sel i akvarium.
Eg: Nei?
H: Og så kjøpte me ein fiskebolle.
Eg: Var den god?
H: Den er i alle fall veldig stor.
Eg: Klarte du ikkje å ete opp?
H: Mamma?
Eg: Ja?
H: Me skal ha fisk i den.
Eg: Ei bolle med fisk i. Ei fiskebolle. Som er veldig stor.
H: Ja.
Eg: Men det er ikkje fisk i den no?
H: Pappa seier me må kjøpe fisk i Norge.
Eg (langsamt): Ei stor bolle til å ha fisk i.
H: Du, eg trur du må snakke med pappa.

Sist halvdansken fekk ansvar for noko levande, var det ein kaktus han hadde på rommet sitt.

Kaktusen hadde nok fått litt lite vatn ei tid, endå han vatna den med alvorstyngd samvit kvar torsdag (sjølvvalgt dag, ikke spør). Og så dunka en kompis borti den og der knakk den.
Halvdansken grein så snørret rann, og faren trøsta begge to og forklarte at det ikkje var nokon si skuld og sånt skjer og sånn.
Mellom hulkene kom det då eit hjarteskjærande  ”jahahahammen, eg var så veeeldig GLAD i den”.

Okei. Now picture a dead fish in a bowl. 

9 comments
  1. degarden said:

    Ser for meg at dette kan bli tøffere enn å takle en utslitt kaktus.

  2. Avil said:

    Nettopp. Dette blir skikkeleg bad.

  3. Vi får vone at det ein lærer i sorg over kaktusar, gullfiskar og kaninungar har overføringsverdi til prøvingar ein møter seinare i livet.

    Dotter mi var ein gong heilt knust etter at den n´te kaninungen hennar døde. Då vi spurde henne korleis det gjekk, kom provet på hardt tilkjempa livserfaring: Det er fælt, men eg veit det blir betre med tida.

  4. Avil said:

    Det er slikt mannen min også trur, medan eg (psykologen haha) berre vil verje og verne om og pakke inn i bomull for alltid.

  5. Marina said:

    Ikke fiskebolle; akvarium! Med guppier i. Og en kreps.
    Da blir det stadig flere guppier, og krepsen spiser de som dauer (og noen til) så man legger ikke engang merke til prosessen.
    Helt perfekt for unger med blaute foreldre!

  6. Avil said:

    Takk for tips, Marina! Kan ein kjøpe kreps på vanleg dyrebutikk?

  7. Kame said:

    Hehe, ja, det har vært for få fiskedødhistorier nå en stund, det er på tide at noen tar opp arven! Vi hjerteløse gleder oss til historien(e). ;)

  8. Avil said:

    Me er ikkje komme lenger enn at det er vatn og stein i bollen.

    Rosa stein.

  9. Hva med å gi gutten en kattunge i stedet?

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 48 andre følgere