Innanfor

 

På torsdag skal eg og Harald Rosenløw Eeg stå på same scene, då P2 arrangerer noko på Internasjonalen (Youngstorget, Oslo) som sikkert blir gøy.

Sidan eg ikkje hadde lese noko av HRE før, tenkte eg at det kunne eg likegodt få gjort i dag, og dermed blei søndagsselskapet mitt Yatzi frå 2004.

Dette er ungdomsroman, og det har eg lese noko av i det siste, grunna ein hemmeleg plan. Men eg slit med ungdomsbøkene. Eg tenker “jo, dei har jo ikkje lese allverda, så dei vil vel ha det slik,” og så les eg vidare meir på trass enn på lyst. Det ligg ei avstand mellom meg og desse bøkene, eg føler meg som eit gammalt menneske som lyttar til ungdomsmusikk og tenker at “jo, dei har jo ikkje høyrt Beatles eller Joplin eller Nirvana og høyrer jo ikkje at dei riffa der er tjuvstjåle, og det einaste som manglar her er…” Jah. Ungdomsbøker.

Dette var annleis. Sug i magen heile vegen. Som lesar er eg begge, eg identifiserer meg så uventa sterkt med karakterane, og samstundes er eg vaksen psykologdame på BUP som vil knuge ungane inntil meg og fortelje dei at det ikkje er deira feil. At dei vaksne pinadø har å ta seg saman. Og dei vaksne her er greie. Truverdige, greie vaksne. Ungdommane er fine. Skadeskotne og bråkjekke, men ikkje påtrengande eller slitsame. Forfattaren fell ikkje for freistinga, han let ikkje nokon rote seg oppi meir enn eg orkar, slik at eg tilslutt orkar det som er meir enn born kan tåle.

Faksimile frå NRK si omtale då Yatzi blei brageprisnominert

I morgon skal boka med meg på jobb. Kolleger og samarbeidspartnarar bør lese ho. Alle som står utanfor når ungdommar viser skarpe eggen sin, bør inviterast innanfor. Det klarar Rosenløw Eeg.

14 comments
  1. knirk said:

    Jeg har aldri lest noe av Eeg. I fjor var jeg på Kulturtorget i Asker og hørte ham på scenen, veldig underholdende. Da ble jeg så nysgjerrig at jeg fant første og beste bokhandel og kjøpte nettopp Yatzi. Men så ble den stående ulest i lang tid i bokhylla, og da sønnen min for en stund tilbake skulle arrangere loppis, så fant jeg ingenting han kunne ha med, så da tok jeg i farten og ga ham Yatzi, så….ja….like langt egentlig. Jeg har ikke lest noe av Eeg. Søren at jeg ga bort den boka!

  2. Avil said:

    Den finnes på biblioteket, då. Håpet er ikkje ute.

  3. Beate said:

    Notert.

  4. Klokka når skal du noe på torsdag? (c;

  5. Avil said:

    Klokka 19 skal eg noko. \o/

  6. guros said:

    Kommer du på onsdag, da? Jeg trenger å trekke ting av på skatten :)

  7. Aina said:

    Aha! Er det ope for alle? Kva er greia? :)

  8. Avil said:

    Ope for alle. Hadde von om at p2 skulle vore ute med noko info til no, men altså.

    Cathi Unsworth og Pete Woodhead framfører live en ”transmission” fra Bad Penny Blues, eg og Harald R Eeg les tekstar, det blir utlyst lyd/musikk/bråk-oppå-litteratur-konkurranse og eg gledar meg veldig.

  9. Aina said:

    Smashing! Eg prøver å kome!!

  10. Jeg har lest Alt annet enn pensum, og den var helt super!

  11. Avil said:

    *noterer*

  12. Avil said:

    Der fann eg deg i spamfileteret, Guro! Eg kjem ikkje før torsdag morgon klokka åtte. Det er så utruleg dumt. Lukke, lukke til, det blir sikkert veldig gøy!

  13. Mia said:

    Har lest de fire første bøkene hans, likte Glasskår best :)

  14. Avil said:

    Ja, det var Glasskår eg hadde tenkt eg skulle lese.

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 48 andre følgere