Farvel og på gjensyn!
Då pakkar eg kofferten igjen, og blir borte i tre veker. Først ein tur til Oslo, der eg kanskje ser nokre av dykk på Internasjonalen torsdag 18.03 klokka 19.00, og så vidare til Spania, der eg er utan internett.
Skrive, gå tur, lage mat, sove, skrive meir.
Det blir bra.
Ta vare på dykk sjølve, verdas finaste internettmennesker!

Ha en riktig god tur og skriveprosess!
Heldiggris og god tur!
Håper du har hatt ein fin tur – for no er du vel snart tilbake? Eg har fått ny bloggadresse, flimre er herved avgått ved døden (men det gjeld jo berre namnet, ikkje innlegga): http://www.ainabasso.blogspot.com
Eg kom att i går kveld, og då eg fann ut at bloggen din var borte tenkte eg at dett var dett, no er internett komplett meiningslaust.
Så lykkeleg du må ha blitt då du oppdaga at det var feil! Skulle ønskje eg var fluge på veggen då den gleda kom til deg.
Då var det jul!