Ønsketenking, asketid
Vinteren har vore lang og avvikande, med stjernehimmel mest kvar kveld, og våren kom brå og like stjerneklar. Eg sit der ute sist på kvelden, på balkongen, med eit vinglas eller ein kopp te oppå rekkverket, eit lite bord (som er ein blå krakk eg snikra på ungdomsskulen) med askebeger ved sida av meg. Eg pakkar meg inn i ullpledd, eg har ein eigen teknikk for å halde halve meg varm, også føtene, utan å subbe teppet i balkonggolvet når det er vått .
Eg er stjernekikkar, tilsynelatande i alle fall, og kikkar på stjernene gjer eg.
Men eigentleg er eg stjerneskotspeidar. Ventar og ventar, og stirar så stjernene dansar og eg må blunke fleire gonger for å sjå stjerneklårt igjen.
Eg har ønsket mitt stjerneskotklårt, ventar, ventar, litt til, og der fyk det ei lysande stripe nedetter svart himmel, mellom stilleståande glitrestjerner, og eg må vere rask, tenke det parate ønsket mitt, tenke det ferdig medan steinen framleis brenn i atmosfæren, elles gjelds det ikkje.
Torsdag sat eg der igjen, tenkte magiske tankar eg har lært og magiske tankar eg har funne på, og så bestemte eg meg: Ein kan også ønske seg noko når ein ser fly. Ein får god tid til å formulere ønsket sitt klårt og tydeleg, ein kan ønske seg meir gjennomtenkte og verkeleg nyttige og ønskverdige ting.
Fredag vakna eg under ei dommedagssky og sidan har eg ikkje fått ønske meg noko på denne lettvinte og godt gjennomtenkte måten.
I kveld må eg vente på stjerneskot igjen.
Kjem den dimme
draken fljugande,
fråne-orm, nedan
frå Nida-fjelli.
Ber lik i fjørom,
flyg yver voll
Nidhogg nåbleik.
No mun ho søkke.

Denne enden på voluspå er så rar i forhold til resten av diktet. Her har alt før vært rettlinjet og så plutselig er det ikke evig paradis etter ragnarok likevel; der kommer såvist Nidhogg… Kanskje var det norrøne tidsbildet mer en spiral enn en linjal?
Eg les voluspå som ei soge om eit sirkulært verdsbilete, eller eit “pustande univers”.