Sensur av kunst
Bøkene om Barbapappa frå 1974 kom ut på nytt i 2006.
Teikningane er vakre kunstverk der 70-talets alvor (i høve verdiar), leik (i høve autoritetar) og syreestetikk er blanda med art nouveau.
Eg vart nyleg gjort merksam på at desse kunstverka er sensurerte i 2006-utgåva.
All tobakksbruk er fjerna: På omslaget er ein sigarett og ei pipe fjerna, på side 6 er ein mann med sigarett sensurert, side 23 ein mann med sigarett, og på sidene 26 og 27 mann med pipe, samanlikna med originalen frå 1974. I tillegg er ein mann med ei flaske alkohol fjerna.
Det er synd.
Fordi ein redigerer allereie utgitte kunstverk, og fordi det sannsynligvis røper at liknande sensur også gjeld ny kunst.
I USA har dei lenge sensurert alt som bryt med “gode kristne familieverdier” fra barne- og ungdomsbøker (skildringar av homofile, førekteskapelig sex osb) fordi bøkene blir stjåle frå biblioteka.
Her heime sensurerer me altså bileter av vaksne som bruker rusmidler. Det er nok “godt ment” (det er vel sensur alltid), men det innebærer både innskrenking av kunstnerisk fridom, innskrening av ytringsfridom, og at ein del barn ikkje får spegla røynda si i den kunsten dei opplever.
Dei eineste bøkene der ølflasker og sigaretter inngår, er dei barnebøkene der det er gått veldig galt, der mamma ikkje vil vakne og der lille Jesper ikkje veit kven som kan hjelpe han. Men ei normalisering og ei lett og ikkjeproblematiserende måte å snakke om rus på (som har vist seg å være den einaste måten ein letter skam/tabu omkring rus på) er altså sensurert.



Tilbaketråkk: Tweets that mention Sensur av kunst « Ljos. Mørkre. -- Topsy.com
Ja, enig. Til mitt forsvar jobber jeg iherdig for å få ungene til å skjønne at et glass rødvin eller fem er helt normalt for foreldrene deres.
Sjølv om eg har ein sterk mistanke om at vi ikkje er heilt på line i synet på bruk av rusmidlar, er eg heilt samd med deg i hovudpoenget ditt.
Ei mager trøyst kan kanskje vere at det stort sett er er i kunsten at slik sensur finn stad når det gjeld bruk av alkohol.
Om ei vil lære borna sine at bruk av rusmidlar er ein vesentleg del av det å vere “ei sunn sjel i ein sunn lekam”, kan ein t.d. fore dei med sportssendingar på TV. Særleg sigersintervju og sigersermoniar vil vere effektive.
Huff! Jeg har lenge vært oppgitt at barna nå lærer eventyret om Askeladden og de gode hjelperne i den versjonen hvor den ene hjelperen er så… safttørst! Og må hjelpe til å tømme kongens… saftkjeller!
bandanders: Når det gjelder prinsipper om ytringsfridom og kunstnarleg fridom ser eg syn på rusmiddel som underordna. Men når det gjeld å formidle noko om verda til ungar, så treng ein ikkje vere glad i vin for å akseptere det som eit faktum at mange ungar lever med at foreldra både drikk og røyker. Den undersøkjinga om born i alkoholmisbrukande familiar som gjorde mest inntrykk på meg under studiet, var ei samanliknande undersøkjing mellom born som budde i relativt fattig arbeiderstrøk i København (der dei vaksne sitt alkoholforbruk ikkje var tabu, og der nabokona sopte ungane inn på kjøkenet og tok seg av dei når det var bråk i heimen) og born som vaks opp i relativt velståande heimar der foreldra sitt alkoholmisbruk ikkje var snakka om i det heile.
Ungane som blei sett, som høyrde vaksne snakke om alkoholen og kjefte og vere ærlege og opne, hadde mykje mindre vanskar med å handtere det enn dei som ikkje visste om at andre born også kunne ha det slik, og som opplevde at det dei såg og opplevde med eigne sansar blei fullstendig nekta for av foreldra.
Neidå, eg har ikkje problem med å akseptere at dei aller aller fleste ungar veks opp i heimar der foreldra nyt alkohol. Og eg har heller ikkje problem med å akseptere at dette i dei aller fleste tilfella er heilt uproblematisk.
Eg meiner det bør vere rom for å tale ope om både positive og negative sider og det er den einøygde herleggjeringa av alkoholbruk i det offentleg rom eg har problem med. For er bruk av alkohol utelukkande lurt ?
Eg har sett veldig lite offentleg herleggjering av foreldre som drikk alkohol.
Det har du nok rett i. Eg meiner at folk skal kunne nyte alkohol utan dårleg samvit eller føle seg fordømde enten dei no er foreldre eller ei. Det er ikkje det.
Det eg er skeptisk til kan kanskje illustrerast med ei lita histore.
Tidlegare i vinter var store deler av vegnettet her i fylket stengt grunna ras og rasfare og ryddemannskap jobba døgnet rundt ei heil veke. Då ting var i ferd med å roe seg, vart seksjonssjef Ivar Hol i Statens Vegvesen, som hadde stått på pinne for pressa heile perioden stilt fylgjande spørsmål: Korleis skal du feire dette ? “Eg skal på speidarbasar” svarte Hol. Det tykte eg var tøft. Men det var nok ikkje det svaret journalisten hadde forventa seg.
Og no går eg i fjøsen for å sjekke om der er nye lam på veg.
Eg tenker alltid på deg når eg ser slike små lam på bøane. Tenkte på deg i går, faktisk, då eg møtte ein glad og sliten saueeigar med ein flokk brekande lam i hælane.